Honduras: Kupp i kupert politisk terreng

Av | 6. juli 2009

Situasjonen i Latin-Amerika har dei siste åra rørt seg i retning av eit meir behageleg temperert politisk klima. Dei siste vekers hendingar i Honduras er eit varsel om at demokratiforståinga i den sørlege delen av kontinenta Amerigo Vespucci har gitt namnet sitt til, er meir på gyngande grunn enn i andre delar av verda. Lyspunkt ved situasjonen er dog ikkje fråverande.

Det som skjedde i Honduras er at president Manuel Zelaya frå det liberale partiet (tilsvarar eit liberalt sentrumsparti på den politiske aksen) den seinare tida har vridd seg meir mot venstre reint politisk. Den pragmatiske presidenten ynskte å endra på grunnloven slik at han kunne ta ein periode til. Dette likte ikkje mange mektige personar i nasjonalforsamlinga og militæret, og då Zelaya la press på forsvarssjefen og fleire andre tok militæret affære og arresterte presidenten.

Han blir no nekta å komma inn igjen i landet, etter at han sporenstreks vart sendt til Costa Rica etter det som må kunne kallast eit kupp. Det er no presidenten for nasjonalforsamlinga i Honduras som er fungerande president, innsatt av nasjonalforsamlinga som nestemann i rangen, og han kjem for øvrig frå same parti som president Zelaya.

Det er ingen tvil om at Manuel Zelaya har opptrådt sterkt kritikkverdig i delar av prosessen på vegen mot å skaffa seg ein ny presidentperiode (noko som i følgje Høgsterett og opposisjonen, inkludert store delar av nasjonalforsamlinga og partiet til presidenten sjølv, er i strid med grunnlova) men er det ein ting Latin-Amerika ikkje treng, så er det nok eit militærkupp.

Honduras er no suspendert frå Organisasjonen for Amerikanske statar (OAS), og er såleis det einaste landet som står utanfor OAS etter at Cuba for kort tid tilbake på ny vart innlemma i organisasjonen (etter å ha vore einaste utelukka land sidan dei vart kasta ut tidleg på 60-talet). OAS hadde gitt militærregimet frist til i går på å gjeninnsetja den demokratisk valde presidenten i Honduras, men når så ikkje skjedde gjekk det umiddelbart beskjed til Tegucigalpa om at landet er suspendert frå OAS.

President Zelaya seier no at han vil returnera til sitt heimland i dag, i følgje med presidentane frå Ecuador og Argentina, altså den vyrde Rafael Correa og hans kvinnelege presidentkollega Cristina Fernandez Kirchner. Det gjev mektige signal om kva støtte Zelaya har frå resten av regionen. Regimet i Honduras fastheld på si side at dei kjem til å arrestera Zelaya om dei ser han innanfor grensa. Det er uhaldbart. Nyinnsett president Roberto Micheletti seier at han har motteke støtte frå Israel og Taiwan, men med USA og resten av verdssamfunnets rungande støtte til Zelayas gjeninntreden ser det heller tynt ut med internasjonal alliansebygging for dei nybakte kuppmakarane.

Honduras kjem no til å ha store problem både økonomisk og diplomatisk. Ikkje berre får dei det langt vanskelegare med å få kreditt frå den interamerikanske utviklingsbanken. Også utbetalingane frå lån i Verdsbanken er stansa, og EU-landa med ambassadørar i Tegucigalpa har kalt desse heim. USA fordømmer kuppet og det same gjer alle dei andre landa i Amerika. Bispekollegiet i Honduras åtvarar Zelaya mot å komma tilbake. Den honduranske kyrkja er svært konservativ og ber verdssamfunnet også om å sjå på alt det ulovlege som skal ha skjedd før Zelaya vart arrestert. Biskopane fryktar eit blodbad om presidenten igjen kjem inn i landet. Det er portforbod om natta, og demonstrasjonar frå både kupptilhengjarane og Zelaya-tilhengjarar har funne stad sidan kuppet.

NTB melder følgjande:
«I Tegucigalpa samlet tusener av Zelayas tilhengere seg lørdag i gatene i påvente av at han kommer hjem. Mange bar cowboy-hatter, slik Zelaya, som er rancheier, pleier å gjøre, og de viftet med de røde flaggene til det liberale partiet.»


At kuppet i det heile tatt fann stad, er urovekkjande. Men reaksjonane frå landa og dei regionale grupperingane rundt tyder på ei generelt sett svært positiv utvikling i Latin-Amerika kva demokratiforståing og diplomati gjeld. At resten av Amerika utan unnatak fordømmer det dei militære har gjort i Honduras, viser at demokratiet står sterkare enn nokon sinne i regionen.

Det borgar for ei god utvikling også vidare framover. La oss berre håpa at venstrevinden ikkje snur.

Det er alltid svært vanskeleg når ein får ein politisk situasjon med direkte militær intervensjon. Grupperingane i Honduras som gjennomførte kuppet og rett nok har støtte frå signifikante delar av befolkninga, meiner seg nok legitime i framferd. Men å avsetja ein president på denne måten strir mot alle demokratiske prinsipp. Det er ikkje enkelt å komma opp med konkrete svar på noko løysing, for dette er ei svært samansett sak.

President Zelaya har ikkje opptrådt utelukkande forskriftsmessig den siste tida heller. Men han er den demokratisk valde presidenten, og det aller beste ville sannsynlegvis vore om han vart sett inn att som Honduras’ rettmessige president, for så å kunne gå i dialog med sine motstandarar om kva ein skal gjera vidare. Stemmer det at Zelaya sjølv har lagt urimeleg press på høgtståande menneske i embetsverk, parlament og forsvar, må det nok internasjonalt diplomati inn i biletet for å bidra til ei løysing alle partar kan leva med. For korkje Roberto Micheletti eller Manuel Zelaya kan per dags dato sitja med presidentmakta utan at det skjer ein systematisk ryddejobb med internasjonal assistanse.

Og for eit land som Honduras er definitivt politisk uro det siste landet treng.
_______________________________________________________
Tore Eikeland følgjer den politiske situasjonen i Latin-Amerika for Skrivekollektivet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*