Kven er eigentleg Mike Huckabee?

Av | 5. november 2007

Det er knapt to månader att til den første republikanske styrkjeprøva i Iowa, men høgrefløya i partiet leitar framleis etter ein kandidat å samle seg bakom. Mitt Romney er med si næringslivsrøynsle og store og lukkelege familie ein brukbar utfordrar, men han er også (o, rædsel!) mormonar, og dessutan ein noko ubestemmeleg flip-floper på viktige hjartesaker som abort og ekteskapsrettar for homofile. Fred Thompson har alt dette i orden, men han er berre så utruleg lite inspirerande, og det er rett og slett vanskeleg for høgreaktivistane å kjenne att han eigentleg tek dei, eller den posten han kanskje (og tydelegvis berre kanskje) ønskjer å vinne, på alvor. Så kvar skal dei vende seg? Newt Gingrich skuva McCain-Feingold-lova om valkampfinansiering framføre når han endeleg oppdaga at egoet hans heller ikkje denne gongen stod i høve til den politiske røynda, og John McCain vil eventuelt måtte slite med å vere den som pressa The Newt til retrett. Står det då ingen att?

Jo, det gjer det. Han heiter Mike Huckabee, er tidlegare pastor og ein populær guvernør i den demokratisk-dominerte sørstaten Arkansas i meir enn ti år. For den som har fordommane mot den elastiske republikanske guvernøren som arketyp (les: Mitt Romney) in mente, skulle kanskje ein del varsellamper gå av allereie no, men det er ikkje Huckabees merittliste som kompromissmakar som gjer at han ikkje har gjort seg gjeldande før no, sjølv om han har vore offisiell kandidat heilt sidan januar. Det er rett og slett det at det konservative baklandet har tvila sterkt på om Huckabee har den breie appellen i partiet som skal til for å vinne nominasjonen. Han er ingen typisk presidentkandidat, i den forstand at han tydelegvis ikkje eigentleg likar å drive valkamp (om ein skal dømme etter dei elendige pengeinnsamlingstala hans), og – når du samanliknar med folk som Romney og Rudy Giuliani –at han faktisk verkar som ein likandes kar. Og nett dette karaktertrekket har førebels synt seg å vere både hans store styrke og hans største veikskap.

Huckabees humoristiske sans, hans sjølvironiske snert, og den evna han har til å snakke om vanlege folks utfordringar på ein måte som du ikkje ventar å høyre frå ein ambisiøs republikanar – du ventar vel eigentleg ikkje å høyre noko som helst om vanlege folks utfordringar, – gjer han til ein spennande kandidat, og ein som kanskje kan famne breiare enn sosialkonservatismen hans i utgangspunktet skulle tilseie. Men inntil vidare har ikkje republikanarane villa høyre på det øyret. Huckabees folkelege stil, som ikkje er så langt unna den som den dengang upletta George W. Bush også dyrka, gjer absolutt at han verkar som ein fin fyr som du kanskje vil drikke kaffi med, men han er ikkje desidert presidentaktig, av nett same grunnen. Den utanrikspolitiske røynsla hans er ikkje-eksisterande (noko han rett nok har sams med alle kandidatar bortsett frå McCain, sjølv om Giuliani truleg er usamd), og dersom den kjappe replikken får ta overhand, forsvinn ein del av den godviljen han får til å byrje med. Huckabee kan aldri konkurrere med McCain og Giuliani i sjølverklært statsmannskunst, men han kan fylle det største tomrommet i feltet nett no; rolla som den som får også uavhengige veljarar og konservative demokratar til å flokke seg rundt ein sosialkonservativ kandidat, rett og slett fordi mannen korkje verkar mekanisk framandgjerande som Thompson, uføreseieleg og litt sprø som Romney, eller alt saman, som Giuliani. Og det er faktisk ting som tyder på at republikanske kjerneveljarar etter kvart byrjar lite på at Huckabee kan vere den mannen.

For la for all del ikkje den sjarmerande og empatiske fasaden lure deg. Først og fremst er Mike Huckabee ein særs konservativ kandidat, som kompenserer for alt det som gjer det konservative baklandet skeptisk, ved å følgje dei til helvetets porter og forbi når det gjeld verdispørsmåla. Han er den einaste seriøse presidentkandidaten som meiner at teorien om intelligent design bør undervisast på like line med evolusjonsteorien; han har samanlikna den gjeldande amerikanske abortlovgjevinga med Holocaust; vil vidareføre det låttleg strenge og skadelege forbodet mot stamcelleforsking, og han stør alle freistnader på å grunnlovsfeste at homoseksuelle ikkje har noko i eit ekteskap å gjere. Det går frysningar nedover ryggen på meg: Grei kar, dårleg president. Det første er framleis ope for diskusjon, det siste er det ikkje.

Men heile denne rekkja av meir eller mindre reaksjonære og genuint usmarte standpunkt fungerte som ein skikkeleg crowd pleaser på ei viktig samling for sosialkonservative aktivistar i Iowa i oktober, og mellom desse fekk Huckabee meir enn 50% oppslutnad i ei meiningsmåling teke opp under konferansen. Kombinasjonen av denne tydelege personlege appellen, den overraskande og overtydande andreplassen i den såkalla straw poll i Ames, Iowa i august, og ein stigande kurs i delstatsmeiningsmålingar, gjer at fleire betydelege sosialkonservative no ser med nye auge på Huckabee. Det blir snakka om at han til og med kan vinne i Iowa når valprosessen byjar i januar, og skjer det skal ein ikkje sjå frå at det kan bli samling bak han som den mest truverdige og valbare sosialkonservative kandidaten, og særleg viss det er eit viktig å skaffe ein utfordrar til Rudy Giuliani.

Eg er ikkje samd med Huckabee i mange verdispørsmål (vel, ingen), og ettersom han satsar på å vinne nominasjonen som den religiøst-inspirerte høgrefløya sin kandidat, så er det sjølvsagt mykje anna konservativ dogmatikk som kjem som ein del av pakka. Det er kanskje eit slags paradoks at den i utgangspunktet så nøysame og anti-materialistiske kristendommen som er denne rørsla si politiske berebjelke, enn så lenge den økonomiske politikken dei avkrev sine kandidatar er minst like hjarteskjerande usosial som dei økonomisk konservative som står friare i høve til fløyene. Difor føreslår Mike Huckabee – den same mannen som snakkar så varmt om å kjempe mot fattigdom og som seier seg kvalm av Bush-administrasjonens totalt inkompetente handtering av orkanen Katrina – ei vidareføring av skattelettene frå denne presidentæraen, berre med den endring at han vil auke dei usosiale utslaga av denne politikken. Han har også skrive under på eit krav frå den næringslivsvennlege tankesmia Club for Growth om at han ikkje vil auke skattane uansett. Det står der, svart på kvitt. Huckabee veit truleg at den første president Bush brente seg på ein liknande lovnad, men Huckabee kalkulerer med at sjansen for at han blir nominert framleis er så liten at det er verdt risikoen.

Nett fordi han framleis er ein long shot er det også mange som meiner at Huckabee først og fremst er med i spelet for å gjere seg aktuell som visepresidentkandiat. Det ville vere ein både spennande og balansert kombinasjon dersom dei sosialkonservative til dømes kunne samle seg om Mike Huckabee som sin mann, dersom Giuliani skulle ta toppjobben. I alt anna enn verdipolitikken er dei veldig samde, og Huckabee faktiske empatiske evner kan vere ein naudsynt kontrast til den nokså autoritære og ikkje udelt jordnære Giuliani. Og balanse er kanskje noko av det som blir aller viktigast om vi skulle vere så uheldige å få ein ny republikansk administrasjon. Huckabee er til dømes kanskje utanrikspolitisk urøynd, men sunt folkevett kan likevel ikkje undervurderast viss og når Rudy vil trykke på atomknappen.

Den respekterte politiske Chris Cillizza har kalla Mike Huckabees valkamp for dei forspelte sjansenes kampanje. Det kan hende han har rett, enn så lenge det har teke Huckabee så lang tid å framstå med ein klar profil. Men det er ikkje sikkert at det er noko stort problem. Når det gjeld visepresidentjobben, er Huckabee truleg best plassert av alle dei som har sjølvinnsikt nok til også å tenkje i next best case scenarios.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*