Lenge sidan Sponheim

Av | 6. april 2014

Mykje har skjedd med Venstre sidan Lars Sponheim gjekk mandatlaus frå stortingsvalet i 2009. Ulvikingen hadde sett prestisjen inn på å halde FrP utanfor regjeringskontora, og Venstre fall under sperregrensa fordi dei han ville overtyde ikkje trudde på han, medan dei som trudde på han ikkje likte det dei høyrte. I dag er Venstre som kjent parlamentarisk støtteparti for ei regjering med Siv Jensen er finansminister, og Sponheims etterfølgjar, Trine Skei Grande, slepp laus prøveballongar om at partiet kan søkje seg inn i regjeringskontora på sikt.

Eit anna og mindre påakta trekk ved dei siste åras utvikling i Venstre, er å finne i synet på fleirtalsstyre i seg sjølv. Tilnærminga til FrP er ikkje det einaste dømet på at Skei Grande har eit meir avslappa tilhøve til borgarleg regjeringssamarbeid. I Sponheims tid vart det frå Venstre-hald uttrykt skepsis til tanken om fleirtalsregjering i seg sjølv, av omsyn til det parlamentariske demokratiet. Sponheim tykte den raudgrøne viste maktarroganse og bidrog til ei utholing av Stortingets rolle gjennom at sakene var avgjorde før dei kom til handsaming i Stortinget. I tilspissa augneblinkar kunne Sponheim til og med seie at fleirtalsstyre var «udemokratisk», i høve der han meinte Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet førde ein litt annan politikk enn den dei hadde gått til val på kvar for seg. (Andre vil kan hende kalle slikt for «kompromiss».)

No verkar denne skepsisen å ha forsvunnne som dogg for vårsola. I opptakta til helgas Venstre-landsmøte roste Trine Skei Grande, som altså opna for regjeringsdeltaking på sikt, av FrP sine samarbeidsevner, og Unge Venstre-leiar Tord Hustvedt følgde opp med å varsle at partiet kan gå inn i regjeringa alt etter kommune- og fylkestingsvalet neste haust.

På eit vis er denne pragmatismen forståeleg. Småparti med vippeposisjon får trening i å vege røystene sine på gullvekt, og mange Venstre-folk har tilsynelatande vorte roa av kor tilsnakkandes FrP har vore i regjeringssamarbeidet til no. Samstundes finst nokre saker – i landsmøtetalen trekte Trine Skei Grande særleg fram arbeidslivspolitikken, men eg kunne også nenmd til dømes landbrukspolitikken   – kor avstanden for Venstre er kortare til regjeringspartia enn til KrF. Om Venstre kan overtyde seg sjølv og veljarane sine om at politisk gjennomslag er viktigare enn bokstavkombinasjonar, gjev ei framtidig regjeringsutviding brukbar meining.

Kanskje.

For det er minst to andre faktorar som må takast med i vurderinga. Den første er tilhøvet til KrF, og omsynet til Venstres image som sentrumsparti. Det er mykje enklare for Venstre å definere seg som «sentrum» når dei forhandlar saman med KrF mot to høgreparti. KrF har røynsle med kva som kan skje dersom eit parti ikkje kan svare igjen på skuldingar om at det har «sveke sentrum», slik Senterpartiet hevda då KrF gjekk i regjering med Høgre i 2001. Om sentrumsblokka i Stortinget blir sprengt og Arbeidarpartiet under ny leiing og med litt tid finn ein måte å unngå å trakka KrF på tærne, kan det tenkjast at dei tidlegare sentrumskameratane etter kvart vil peike på kvar sitt regjeringsalternativ.

Den andre faktoren er kjøtvekta, og kva kompromiss Venstre er villige til å inngå. Slik stoda er no, er det semje om at Venstre ikkje er stort nok til å utgjere ei truverdig motvekt i regjeringa, men Unge Venstre-leiaren meiner altså at eit godt kommuneval i seg sjølv kan gje partiet autoritet nok til å tvinge igjennom viljen sin. Men frå regjeringskontora blir Venstre nøydd til å finne saman med Høgre og FrP i alle saker. Forhandlingane internt i ei regjering skjer på ein helt annan måte enn frå Stortinget. Kor sannsynleg og nyttig det er at Venstre går inn i regjering må difor ikkje berre målast på om det får fortgang i arbeidet for fleire mellombels tilsettingar eller avbyråkratisering av skule eller landbruk, men på andre viktige Venstre-område, som klima- eller asylpolitikken. Om det ikkje finn ein leveleg mellomveg her, er det nok stadig greitt for fleirtalet å påverke regjeringa frå Stortinget, når ein først har funnne ut kvar smertegrensene går.

Men Venstre har såvisst ikkje lenger eldtong innanfor rekkjevidde når regjeringssamarbeid med FrP kjem på dagsorden. Det er visst ikkje så farleg for demokratiet med fleirtalsregjering, heller. Denne haldningsendringa verkar godt forankra, frå topp til botn, frå gamal til ung, i Trine Skei Grandes Venstre.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*