Nyttig debatt om eit dårleg forslag

Av | 4. august 2012

Klassekampen gav fredag prisverdig merksemd til eit utspel i den danske avisa Berlingske Tidende, der EU-parlamentarikar Morten Messerschmidt frå Dansk Folkeparti fronta eit framlegg om å klargjere korleis media bør bruke ekspertar som kjelder. Framlegget er korkje skrive eller fremja enno, men partiets mediepolitiske talsperson, Morten Marinus, står klar til å leggje det fram når medieansvarslova snart skal reviderast. Dette har sett igang ein debatt som er interessant og naudsynt, ikkje berre for å diskutere føremoner og ulemper ved det som vert framstilt som eit ekspertvelde, men og for å få diskutert kvar grensa går mellom korleis politikarar gjerne skulle ønskje at dei kunne regulere pressa, og i kva grad dei bør ha lov til det.

På måten Messerschmidt argumenterer på, verkar det som om han vil skrive inn ein passus i lova som definerer kva som skal til for at ein forskar eller meiningsdannar skal kunne kalle seg ekspert. Han ønskjer seg ekspertar som er «saklege, nøkterne, tilbakehaldne» og som har vitskapleg dekning for det dei uttaler seg om. Det er ideal eg trur særs få vil sjå på som uønskte for å bidra til ein opplyst offentleg debatt. Meir problematisk vert derimot når Messerschmidt gjev inntrykk av at han vil gjere desse endringane fordi han oppfattar at mange ekspertar ikkje klarer å skilje mellom rolla deira som forskar og som privat meiningsytrar. DF-politikaren meiner at mange forskarar nyttar eksperstatusen sin til å pakke inn personlege meiningar som resultat av forsking og djupnekunnskap, og at dei synsar om ting som er utanfor forskingskompetansen deira.

Klassekampen snakka med det norske Presseforbundets Per Edgar Kokkvold, som til liks med danske redaktørar meiner at lovframlegget ikkje berre er lite gjennomførbart, men også eit inngrep i pressefridomen. Det kan imidlertid vere interessant å supplere med at utspelet frå Dansk Folkeparti føyer seg inn i ein lang debatt om nettopp bruken av forskarutsegner som grunnlag for offentleg debatt. Ifjor vart EU-forskar Marlene Wind utsett for eit frontalåtak frå mellom andre Messerschmidt fordi ho nytta nokre verdiladde ord for å illustrere det ho meinte var ein grenseavtale mellom den borgarlege regjeringa og DF som etter hennar meining ikkje heldt vatn i møte med EU-regelverket. DF og Venstre skulda då Wind for å bruke sin akademiske tittel til å drive politikk, og Wind bestemte seg for å gå i sjølvpålagd mediesølibat for ei tid. Når det er nettopp Messerschmidt som frontar dette nye ekspertutspelet på DFs vegner, trass i at han ikkje har noko med sakshandsaminga i Folketinget å gjere, er det vanskeleg å ikkje ha denne førehistoria i bakhovudet.

Utspelet kan lesast på fleire måtar, også uavhengig av Wind-saka, men det forblir eit dårleg forslag. Dansk Folkeparti har, til liks med Venstre frå Anders Fogh Rasmussens statsministertid (2001-2009), hatt eit noko selektivt tilhøve til kva nytte ekspertar kan ha for offentleg debatt. DF applauderte ivrig då Fogh i sin berømte første nyttårstale i 2002 varsla eit oppgjer med ekspertvelde og «smagsdommeri», men de like gladelig med på leiken når regjeringa seinare sette ned ein serie topptunge utval for peike ut det ypparste av dansk litteratur, film og tilmed historie (!). Det hindrar imidlertid ikkje at dette utspelet har eit anti-intellektuelt tilsnitt over seg, kor DF implisitt gjer seg til talspersonar for eit «folk» som er redd for å bli manipulert og villeidd av kamuflerte ekspertar. Implisitt i DF-utspelet meiner eg å høyre ekko av det uoppnåelege idealet om ei fullstendig nøytral presse; ei presse – og i forlenginga forskarar – som utelukkande referer tinga «slik dei er,» og elles overlet til lesarane å gjere seg opp ei meining. Det ignorerer ikkje berre det at ein levande debatt er grunnlagt på at det faktisk føregår ein kontinuerleg kamp om sanningsbeskrivinga. Det kan i ytste konsekvens også medføre ei presse som let politikarar sleppe unna med spinn og halvsanningar, samstundes som den vert tilbakehalden med å nytte ekspertar til å nyansere biletet eller bringe nye fakta på banen. Då får vi ei presse som passer politikarane framifrå, men det tyder ikkje at dei gjer lesarane ei teneste.

Det kan høyrest naivt ut å syne til redaktøransvaret, når det kvart veke kjem nye historier om kor fundamentalt det har svikta i den britiske Murdoch-pressa gjennom mange år, men vi kjem snart til det likevel. Eg er imidlertid samd med DF i to ting. For det første kan dei ha rett i at det ikkje alltid er eit udelt gode at ekspertar set seg så tungt på debatten som mange aviser har vent seg til. Det er absolutt trong for nyansar og kunnskap, men viss muren av ekspertar vert for høg, finst det ein risiko for at «vanlege folk» ikkje berre vert ekskludert frå debatten, men også for at dei kan kjenne at den går føre seg på eit nivå som ligg langt ifrå dei. ,For det andre er det altså viktig at forskar- og ekspertutsegner ikkje vert handsama som nøytrale per definisjon.

Men: Når det kjem til å sleppe til ein balansert miks av kjelder, og å drive kjeldekritikk på ekspertar, må dette ansvaret til sjuande og sist falle på den einskilde journalist, redaksjon eller redaktør. Desse har eit kollektivt ansvar for at utsegnene er gått etter i saumane, og det hadde heller ikkje skada om pressa hadde streva etter å skaffe eit større tilfang av ekspertar, både når det gjeld fagområde, kjønn og politisk utsyn. Vidare er det etter mitt syn ikkje i seg sjølv eit problem om ein forskar har skarpe politiske synspunkt. Det som tel er ein grad av openheit om dette, og sjølvsagt at forskaren kan noko om det ho uttalar seg om. Folk som sit på nyttig kunnskap bør ikkje erklærast ueigna til å delta i politisk debatt, uansett bakgrunn, men lesaren må gjerast i stand til sjølv å vurdere kor truverdig avsendaren er. Dette er noko det vert synda kontinuerleg mot, både i dansk og norsk presse. Til slutt vil eg understreke at eg med kravet om at eksperen må kunne noko om det ho snakkar seg om ikkje nødvendigvis tyder at forskarar ikkje skal eller bør kunne uttale seg om andre ting. Nokre gongar er det simpelthen ein moralsk plikt, og for øvrig har forskarar sjølvsagt den same ytringsfridomen som alle andre. Det viktige i så måte er å gjere det klart for mottakaren kva for ein hatt ein har på til ei kvar tid.

Så, Dansk Folkeparti har levert eit dårleg forslag, som går til spørsmålet om ekspertvelde på feil måte og føreslår feil verkemiddel. Men i tilfelle du skulle tru at det berre er den danske høgresida som stundom har eit horn i sida til pressa, vil eg gjerne minne om ein episode frå eit drygt år tilbake: Socialdemokraternes parlamentariske leiar, Henrik Sass Larsen, sa etter kvart – litt spakt – at han ikkje meinte så mykje med det, men det som kom ut lød som at han kunne tenkje seg å vri pressestøtta vekk frå borgarlege aviser. Til saman er dette to gode døme på at politikarar helst ikkje bør få den pressa dei ønskjer seg.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*