Danmark: Ustø start for Mette Frederiksens «raude» fleirtal

Av | 6. november 2022

Ved lønsjtid fredag stadfesta Danmarks Statistik som venta eit valresultat som tyder at det er vald 90 mandat som har sagt at dei vil ha Socialdemokratiets Mette Frederiksen som statsminister for ei ny regjering (S, Socialistisk Folkeparti, Enhedslisten, Radikale Venstre, Alternativet, IA, Siumut, Javnadarflokkurin). Men berre på dei få dagane som er gått, har det skjedd fleire ting som gjer ein slik konstellasjon mindre sannsynleg.

  1. Mette. Frederiksen vil ikkje.

Iallfall ikkje i første omgang. Den som før valet var overtydd om at appellane til samling over miden berre var ei taktisk-retorisk pliktøving, må førebels konstaere at Danmarks fungerande statsminister faktisk har skjerpt tonen for å tvinge fram samarbeid, Under den tradisjonsrike partileiardebatten på Publicisklubben dagen etter valet fekk ho det nærmast til å høyrast ut som at dei som avviste ein brei koalisjon var viljuge til å spele hasard med nasjonens tryggleik. Tvert imot inntrykket dei borgarlege har mant fram av Frederiksen som ein allmektig og arrogant einegjengar, styrde S-regjeringa i mange saker medvite etter blokkoverskridande forlik. Det er slett ikkje gjeve at det trengst ei mangfaldig regjering for å sikre det same no – det viktige er først og fremst at regjeringa ikkje har eit fleirtal mot seg – men statsministeren har skrudd opp retorikken dit at ho kan bli fanga av den.1

2. Kan Dei Radikale levere?

Dagen etter valet tok Sofie Carsten Nielsen konsekvensen av eit katastrofalt valresultat for regjeringas sosialliberale støtteparti, og trekte seg som leiar. For Socialdemokratiet er det utan tvil godt nytt at ho blir avløyst av Martin Lidegaard. Den tidlegare klima-, energi- og utanriksministeren er kjend som ein svoren tilhengjar av den pragmatiske sentrumskursen partiet freistar å halde, men han har i årevis gripe kvart einaste høve til å markere at han mislikar symbolpolitikk og ultimative krav, om noko det som har vore Dei Radikales kjennemerke under Sofie Carsten Nielsen og føregjengaren Morten Østergaard. No blir det spekulert på om leiarskiftet kan gjere det enklare for S å ta med Dei Radikale i ei ny regjering.

Og dog, som danskane seier: Allereie på pressekonferansen der den nyleg konstituerte radikale folkeingsgruppa skulle presenterast, steig potensielle indre motsetnader til overflata. Etter at Lidegaard hadde gjort det klart at han «har det svært ved» ultimative krav, fann Ekstra Bladets pågåande reporter, Brian Weichardt, på å be dei seks nærverande folketingsmedlemmene om å signalisere – ved handsopprekking – om det var eit ultimativt krav at ei ny regjering legg vekk planane om ein særdansk asylavtale med Rwanda. Martin Lidegaard såg nærast forpint ut der han, som den siste, likevel strekte handa i veret. Viss det er så vanskeleg for ein nyvald leiar å trumfe gjennom sitt syn i gruppa, må det få Socialdemokraterne til å tenkje seg om opptil fleire gonger før det gjer regjeringas kvardagsliv avhengig av Dei Radikale. (Sidan torsdag er Dei Radikales Rwanda-standpunkt i rørsle atter ein gong.)

3. Kan Alternativet levere?

Noko liknande skjedde med Alternativet. Til liks med Frie Grønne og ei samla borgarleg blokk (minis Kristendemokraterne), ønskte partiet før valet at det skulle gjerast ei såkalla «advokatvurdering» av om Mette Frederiksen hadde handla uaktsamt i minksaka, sjølv om Mink-kommisjonen kom fram til at ho ikkje hadde handla forsettleg feil. Onsdag føremiddag varsla partileiar og nyvald folketingsmedlem, Franciska Rosenkilde, likevel ei ny line: Etter at veljarane hadde talt og gjeve Mette Frederiksen eit styrkt folkeleg mandat, både gjennom personrøyster og oppslutnaden til Socialdemokratiet, var omkampar om minkhandteringa ikkje lenger naudsynt.

Men det viste seg at Rosenkilde hadde gjort opp rekning utan konstituert folketingsgruppe. Arge og skuffa veljarar rakk knapt ut i reiskapsboden etter høygaffel og slaktekniv til fjørkre, før Alternativet var attende ved utgangspunktet: «Personligt er jeg videre fra mink og advokatundersøgelser, men (…) der er ikke opbakning fra de fem andre [i folketingsgruppen, min mrk.] til den beslutning. (…) Alternativets officielle holdning [er], som før valget, at vi er for en advokatundersøgelse.»

Det interessante her er ikkje nødvendigvis kva Alternativet for tida måtte meine om minksakas eventuelle etterspel. Også her gjeld det om leiaren har styr på troppene sine. Igjen: Viss denne saka er representativ for korleis Alternativet handterer usemje i saker som allereie er forankra i partiet, kan ingen halde imot Mette Frederiksen viss ho kjenner seg litt utrygg på kvar ho har det i dei store og små sakene som måtte komme seinare i perioden.

4. «Teknisk» valsiger kan legitimere brei regjering.

Frederiksens fleirtal er reelt og etter regelboka, men det er faktisk berre ein obskur paragraf i vallova som sikrar at sentrum-venstres mandattal stoppa på 90, og ikkje 89. Den tekniske forklaringa går nokolunde slik: Tildelinga av direktemandat («kredsmandat») favoriserer i utgangspunktet dei store partia. For å syte for at mandatfordelinga svarer så nært til partias røystedel som råd er, finst det såkalla «tillægsmandat». Fordi avstanden mellom Socialdemokratiet og dei andre partia er så stor, har S fått eit mandat meir enn det eigentleg «skulle» hatt, men det kan ikkje tilleggsmandata kompensere for.

Det er ikkje vanskeleg å førestelle seg at desse omstenda gjer at Mette Frederiksen blir ytterlegare overtydd om at det trengs eit meir solid demokratisk fundament under regjeringa. Ein statsminister som frå før er skulda for å tvinge vilja si gjennom, har kanskje ikkje råd til å gjere seg sårbar på denne måten. Lars Løkke Rasmussens Moderaterne ventar på ein ny invitasjon, men i mellomtida har eks-statsministeren teke til ords for at dei han kallar «reformpartierne» – Moderaterne, Venstre, Radikale og Liberal Alliance – samkøyrer krav før neste sonderingsrunde.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*