Danmark: Regjeringsprosjektet skal «genbekræftes», og no snakkar dei ope om etterfølgjarar i S

Av | 16. juni 2023

Utanriksminister Lars Løkke Rasmussen (Moderaterne) var langt frå ferdig med å tenkje høgt om SVM-regjeringas framtid etter at han delte sine «overvejelser» kring at statsminister Mette Frederiksen (Socialdemokratiet) skal vere mellom favorittane til å verte ny generalsekretær i NATO. Etter å ha understreka at han oppfatta regjeringsprosjektet som «personbåret», la han i eit intervju på grunnlovsdagen, 5. juni, til at eit eventuelt skifte på toppen ville tyde at samarbeidet må «genbekræftes». Kva som ligg i Løkkes retoriske nyvinning er uklart, men det vert lese som eit signal om at regjeringspartnarane vil ha betalt i politisk gjennomslag for å setje inn ein sosialdemokratisk statsminister for andre gong. Etter kort tid nytta Venstres fungerande politiske leiar, forsvarsminister Troels Lund Poulsen, høve til å ymte om skattekutt.

Medan «overvejelserne» av somme vart tolka som ei oppmoding til Frederiksen om å bli ved sin leist, markerte kommentaren om «genbekræftelse» tilsynelatande eit uoffisielt startskot for at det no er akseptabelt å diskutere ope korleis ei framtid utan ho kan sjå ut. Og det gjeld, oppsiktsvekkjande nok, ikkje berre i Venstre og Moderaterne, men også i statsministerens eige parti. Ein ringjerunde fekk ei rekkje framståande lokale partitoppar i tale om kven dei helst ser som ny partileiar og statsminister, ifall Frederiksen skulle verte utilgjengeleg. Her gjekk to namn att: Finansminister Nicolai Wammen og justisminister Peter Hummelgaard.

Wammen var ein populær og samlande ordførar i Aalborg før han har vorte ein påliteleg og framståande folketingspolitikar. Han har i mange år vore nestleiar i Socialdemokratiet, og har røynsle som europa- og forsvarsminister heilt tilbake til Helle Thorning-Schmidts regjering*. Likevel er det som Mette Frederiksens finansminister** frå og med 2019 at han har fått den tyngda som no gjer han til ein naturleg leiarkandidat. Den reine S-regjeringa var avhengig av ein pragmatisk og dugeleg handverkar for å få gjennomslag for politikken sin i eit samarbeid som, sjølv om det var botnfest i sentrum-venstre, strekte seg etter så breie fleirtal som råd på viktige område. Finansdepartementet har siste ord i nesten alt ei regjering gjer, så når S-regjeringa lukkast med å få i hamn til dømes pensjonsreform, klimaavtalar og krisepakkar under koronakrisa, er tilhengjarane hans snare med å gje Wammen mykje av æra. Kommentatorane legg til, som døme på Wammens evner som pragmatisk kompromissmakar, at han heldt i taumane når SVM-regjeringas første budsjett (3) vart vedteke gjennom eit uvanleg breitt forlik, frå SF til Dansk Folkeparti. Frå dei kantar vert det også trekt fram at Wammen kjenner både personane og kompromissa bak SVM-regjeringa godt, noko som skal gjere han lettare å akseptere for Venstre og Moderaterne viss mannskapet skifter.

Saman med mellom andre Matias Tesfaye, Kaare Dybvad Bek og Pernille Rosenkrantz-Theil vert Peter Hummelgaard rekna som ein sentral skikkelse i den ideologiske opprustninga av Socialdemokratiet sidan midten av førre tiår. I tråd med samfunnsanalysen han la fram i boka Den syge kapitalisme (2018), har han, i grove trekk, bidrege til å trekkje partiet til høgre i innvandrings- og andre verdispørsmål, men til venstre i velferdspolitikken. Som arbeidsminister i Frederiksen-regjeringas første periode hadde han til dømes hovudansvaret for å forhandle fram ei ny tidlegpensjonsordning, den såkalla «Arne-pensionen», ein betydeleg siger og eit symboltungt oppgjer med arven frå Thorning-regjeringa (4). Det har også gjeve han ei høg stjerne i fagrørsla. Hummelgaard er sjølvsagt ein lojal partisoldat, men både i og utanfor partiet vert han oppfatta som «meir venstreorientert» enn Nicolai Wammen. Han skal dessutan ha vore skeptisk til avgjerda om å gå til val på ei sentrumsregjering, og somme vurderer han som ein meir omstridd kandidat enn Wammen i samarbeidspartia Venstre og Moderaterne.

Likevel spørst det om det ikkje kan vere ei avsporing å vurdere «Wammen vs. Hummelgaard» som først og fremst eit oppgjer om statsministerposten i Mette Frederiksens fråver. Både politisk korrespondent Christine Cordsen (DR) og politisk redaktør i Altinget, Erik Holstein, betraktar det snarare som eit spørsmål om kva rolle Hummelgaard skal spele i ei regjering leidd av Wammen. Det naturlege ville vere at han fekk finansministerposten som trøystepremie viss Wammen rykkjer opp. Men alle som har lese dansk sosialdemokratisk historie veit at det sjeldan er så enkelt. Holsteins innsiktsfulle analyse kartlegg den komplekse veven av alliansar som i sum utgjer Socialdemokratiet. Nokre tråder rekk heilt tilbake til den bitre leiarstriden mellom Svend Auken og Poul Nyrup Rasmussen i 1992. Heilt kort fortalt peikar Holstein på at Wammen og Hummelgaard er leiarar for kvar sine interne grupperingar i partiet, men for å gripe makta treng Wammen støtte frå eit tredje miljø, konsentrert kring næringsminister Morten Bødskov. Men Bødskov-gruppa tykkjer allereie at den er underrepresentert i regjeringa, så Wammen må truleg ta eit ubehageleg val mellom Bødskov og Hummelgaard som finansminister. Viss han vrakar Hummelgaard, risikerer han i ytste konsekvens eit kampval om leiarvervet. Sjølv om han skulle vinne, kan det svekkje Wammens autoritet frå start av.

Vona i delar av partiet er difor at ein skal bli redda frå å velje, ved at NATO-jobben glipp for Mette Frederiksen. Den profilerte folketingsmedlemen Frederik Vad er ein av få som har sagt det høgt. Men sjølv om dei siste signala tyder på at han kan få oppfylt ønskjet sitt, ventar uansett nokre vanskelege diskusjonar i Socialdemokratiet. Ein treng ikkje dele den kontraintuitive analysen at fråveret av ei økonomisk krise er ei krise for regjeringa (5) for å forstå at nye Venstre-krav om skattekutt ikkje nett er partiets førsteval. Og på sikt må det meislast ut ein strategi for neste folketingsval: Kva regjeringskonstellasjon føretrekkjer Socialdemokratiet? Og blir Mette Frederiksen trudd på at ho vil ha attval, når inntrykket no er at ho helst vil vekk frå dansk politikk?

**

(1) Europaminister (2011-2013), forsvarsminister (2013-15) i ei koalisjonsregjering mellom Socialdemokratiet, Det Radikale Venstre og Socialistisk Folkeparti (2011-14); frå 2014-2015 berre Socialdemokratiet og Det Radikale Venstre.

(2) «Alle» rekna elles med at Wammen skulle verte utanriksminister, men då den tiltenkte finansministeren, ein sjuk og utkøyrt Henrik Sass Larsen, bad om å verte stroke frå ministerlista undervegs i regjeringsforhandlingane, gjekk utanriksministerposten til EU-parlamentarikaren Jeppe Kofod i staden.

(3) Budsjettet som vart vedteke i mai gjeld for det attverande av budsjettåret 2023. Mette Frederiksens første regjering la fram eit budsjettforslag hausten 2022 som vart stilt i bero i samband med folketingsvalet og regjeringsforhandlingane. I mellomtida har budsjettet for 2022 vore forlengd fortløpande.

(4) I regjeringssamarbeidet med Det Radikale Venstre (2011-2015) vart Socialdemokratiet tvinga til å administrere ei vengeklypping av tidlegpensjonen («efterløn») og djupe kutt i retten til dagpengar for langtidsarbeidslause, som vaks til eit traume i moderne sosialdemokratiske sogeskriving. Når pensjonsalderen i tillegg skal auke i takt med venta høgare gjennomsnitts levealder, vart det difor viktig for Socialdemokratiet å skape ein ny tidlegpensjon, med mål om at folk skal kunne gå av med helsa intakt. I SVM-regjeringas styringsdokument er det varsla at ein vil føreslå endringar i ordninga som av somme vert vurdert som ei svekking.

(5) For nokre veker sidan kunne finansministeren fortelje at den overraskande positive utviklinga i dansk økonomi gjer at Finansdepartement no aukar estimatet for framtidig økonomisk handlingsrom med 16 milliardar. I kommentariatet har det utløyst ein pussig gjengs analyse som tilseier at ettersom regjeringa i si eiga skapingshistorie kom til for å styre landet ut av den økomomiske krisa, så vil det skape ei legitimitetskrise andsynes veljarane at økonomien i staden er sunn og sterk.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*