GOP ’12: Hjelper Rick Santorum Obama?

Av | 6. februar 2012

Få har på same tid vore så heldig og så uheldig som tidlegare Pennsylvania-senator Rick Santorum i den pågåande republikanske nominasjonsstriden. Han var heldig i den forstand at han, i motsetnad til mellom andre Michele Bachmann, Herman Cain og Newt Gingrich kom i form i nett rett tid til nominasjonsmøta i Iowa i byrjinga av januar. Dei andre konservative yndlingane hadde sett populariteten deira falme i tide til den faktiske røystegjevinga, medan Santorum faktisk heldt heilt til mål. Men det er to grunner til at han likevel var uheldig: For det første hadde Santorum løft i Iowa lite med hell å gjere. Nett som Jon Huntsman gjorde i New Hampshire nokre dagar seinare når han kapra tredjeplassen der, så arbeidde Santorum steinhardt for medvinden. Han heldt fleire veljarmøte enn alle andre, og dreiv politikk på klassiske Iowa-måten, ved å trykkje handa til aktivistane ein etter ein.

Men mest uheldig av alt var Santorum med den dårleg taima inkompetansen i den republikanske leiarskapen i Iowa. Først fleire veker etterpå klarte partiet å slå fast at Santorum faktisk hadde vunne nominasjonsvalet, sjølv om motkandidaten Mitt Romney vart peika ut som vinnar på valnatta. Det er ikkje sikkert eit anna utfall hadde skada Romney i særleg grad, men det var utan tvil øydeleggjande for Santorum. Media treng vinnarar, og meir enn noko anna treng dei uventa vinnarar. Dog har dei også daudlinjer å ha halde seg til; og når daudlinja nærma natt til 4. januar, låg Romney føre Santorum. Alt vart Santorum nekta mykje av den oppdrifte han kunne ha fått.

Når det er sagt, så var vi mange – underskrivne inkludert – som tilskreiv Santorum mykje æra likevel. Og vi har langt frå nokon garanti for at kandidaten ville forvalta framgangen frå Iowa noko betre om han hadde vorten erklært som vinnar. Han valde trass alt å bruke dyr tid New Hampshire, kor han uansett låg an til ei skuffande plassering, når han istaden burde konsentrert seg om å nedkjempe trugsmålet frå Newt Gingrich i South Carolina.

Dermed ikkje sagt at Santorum ikkje kjende ein viss bibelsk rettferd (dei trur jo på slik der i garden), då leiaren for republikanarane i Iowa, Matt Strawn, førre veke trekte seg frå posten. Offisielt sett hadde det lite med oppteljingskaoset å gjere, men kritiske røyster var i alle høve i ferd med å reise for å krevje at Strawn tok hatten sin og gjekk. Der gjev ikkje Santorum attende dyrebar oppdrift, men kjenslemessig kan det rette opp nokre bitre kjensle på Santorum sin kant.

Utan framgangen frå Iowa i ryggen – det byrjar verta lenga sidan Santorum var i nærleiken av å vinne noko som helst stat – har han istaden vorte redusert til eit både meir aggressivt og til dels meir effektiv våpen mot favoritten Mitt Romney enn mannen alle, og mest av alt mannen sjølv, reknar som den tidlegare Massachusetts-guvernørens hovudrival, tidlegare Georgia-representanten Newt Gingrich. Det er ikkje mange vekene sidan det skulle vere omvendt; Gingrich hadde, stadig i følgje underskrivne, gjort seg sjølv irrelevant, og skulle istaden fungere som ein attack dog som ikkje var redd for å verta skiten under åtaka på Romney, medan Santoum på eit vis heva seg over dei. Men då Gingrich sto opp frå dei daude i det første sørstatsprimærvalet, måtte Santorum skifte strategi: No vart det plutseleg hans oppgåve å gå etter Romney det det er som mest vondt. Somme har åtvara mot at Santorums freistnad på å avsløre – dei ganske openberre likskapane – mellom Mitt Romneys helsereform i Massachusetts og Barack Obamas liknande for heile landet, har vore så treffande at han kan svekkje Romney, framleis den sannsynlege republikanske kandidaten, når han møter Obama til debattar til hausten. Sjå her, kan Obama lene seg bakover og seie, tilmed Rick Santorum er samd med meg i at du og eg i prinsippet er samde om kva ållmenn helseforsikring bør vere for noko! Underforstått: Gå for originalen. Ikkje for ham som ikkje ein gang vil stå ved at han er ein kopi.

Og Santorums kritikk er overtydande, uansett kva ein elles måtte meine om kor smart helsereforma elles er. Det er rett som Santorum seier at båe reformframlegg tvingar innbyggjarane å teikne helseforsikring eller måtte betale ei bot. Og det stemmer, som Santorum også seier, at hovudgrunnen til at Romney ikkje trong heve skattane eller kutta i Medicare for å gjennomføre reforma, er at staten tok rekninga for mykje av det første, medan delstatane sjølve ikkje har høve til å gjere det. Og til liks med medkandidaten Michele Bachmann før han, har Santorum rett i at Romney ikkje berre kan gje delstatane unnatak frå helsereforma frå dag ein som president. Lova må støyttast om. Det finst sjølvsagt ein brukbar sjanse for at det i 2013, når Romney i tilfelle tek over som president, i tillegg vil vere republikansk fleirtal i både Representanthuset og Senatet, og at ei omstøytting av reforma såleis i teorien kan late seg gjere (sjå for ein augneblink vekk frå at demokratane kjem til å nytte filibuster-regelen mot republikanarane på same måte som dei har seinka gjennomføringstakta for demokratane i Senatet i årevis). Det må altså gjerast, og førebels let Romney altså som om han ikkje forstår det.

Eg har ved fleire høve hevda at helsereforma kan komme til å gjere eit uventa comeback som valkamptema. Først spurde eg om Romney kunne unngå møllesteinen om halsen hans som har gjort han så vanskeleg å svelgje for dei aller mest konservative veljarane (som framleis ikkje litar på han, jamfør valdagsmålingar frå Florida), før eg spådde at den venta høgsterettsdommen til sommaren kan verta eit tvieggja sverd for mannen Newt Gingrich ofte nedsetjande omtaler som the Massachusetts moderate. Eg er framleis open for at helsereforma kan verta eit problem for Romney, anten det skjer undervegs i den republikanske nominasjonsstriden, eller først når han står andlet til andlet med Obama.

Med det må uansett kjennest lite takksamt for Rick Santorum. Det er vanleg, for dei optimistisk anlagte, å sjå på jamne og langdryge nominasjonskampar som ein måte å styrkje vinnaren på. Dei vil ha måtta spisse argumentasjonen, alle motåtak vil ha vore lufta, og til sjuande og sist vil partidisiplinen trå inn som reddande engel. Det viste seg for ein stor del å stemme etter den bitre duellen mellom Obama og Hillary Clinton i det demokratiske nominasjonsvalet i 2008. Men kva viss det ikkje skjer denne gangen? Kva viss det berre forsterker inntrykket mellom republikanske veljararar om at Romney ikkje er ein slik kandidat det er verdt å gjere anna enn å røyste på; å oppmode andre til å gjere det same, ringje på dørklokka til folk og dele ut valkampmateriell, hamne i kranglar med grannen om? Det har heile tida vore føreset at den republikanske grasrota er så naturleg oppeldna av motstanden mot Obama at den uansett vil ha eit entusiasme-overtak andsynes demokratane i november. Viss det ikkje nødvendigvis stemmer, og deltakingstala i dei siste nominasjonsvala tyder ikkje på overveldande interesse på grasrotnivå, kan kampen om midten-veljarane, kor ein kvar amerikansk presidentvalkamp til slutt vert avgjort, verte jamnare enn republikanarane set pris på.

Viss det er arven etter Rick Santorum 2012, gjekk truleg ikkje rehabiliteringa av ryktet hans etter det aydmjukande senatsnederlaget i 2006 heilt etter planen likevel.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*