GOP ’12: Har Mitt Romney problem på heimebane?

Nei, eg snakkar ikkje om ekteskapet med Ann Romney. Kandidaten sjølv snakker meir enn gjerne om det: han nytta sitt langvarige ekteskap som ein kontrast til serieektemannen Newt Gingrich, den gongen for det som alt no kjennest lenge sidan kor den tidlegare president i Representanthuset var ein kandidat å ta på alvor. Så vidt eg veit, går det framleis fint med Ann og Mitt.

Men det går knapt så strykande med Mitt Romneys presidentkampanje i heimstaten Michigan, som held sitt republikanske nominasjonsval 28. februar. Lat oss for ein augneblink sjå vekk frå at det er vanskeleg å bestemme seg for kva som eigentleg er heimstaten til Mitt Romney – er det Massachusetts: kor han var guvernør i fire år; eller kanskje New Hampshire, kor familien har ein bustad – og for argumentasjons skuld seie at det er Michigan, kor han trass alt vaks opp med familien sin, og kor faren, George Romney, var guvernør på 1960-talet. Der har Mitt Romney problem. Etter at den nye hovudrivalen, tidlegare Pennsylvania-senator Rick Santorum vann ein troika av proforma nominasjonsval (Colorado, Minnesota, Missouri) tidleg i februar, har han ikkje berre teke leiinga i nasjonale meiningsmålingar – som med supertysdagen like om hjørnet faktisk byrje å seie oss noko om kvar landet ligg – men også i Michigan, ein av Romneys mange brannmurar mot skuffande resultat andre stader. Etter at det vart jamnare enn han ønskte i Iowa var det New Hampshire som skulle verre vern, og etter at Newt Gingrich stakk av med South Carolina, vart det Florida. No speler Michigan den rolla.

I utgangspunktet ligg det føre ei rekkje gode grunnar til kvifor Romney slit i Michigan. Michigan er ein klassisk rustbeltestat med arbeidarklasserøter, og Romney har ved eit kvart høve stil seg sjølv, sin eigen rikdom og avstanden til vanlege folk til skode, med dårleg resultat. Dessutan, og viktigare: Då den amerikanske bilindustrien, med hovudsete i Michigan, låg på konkursens rand i 2008, gjekk Mitt Romney offentleg ut og oppmoda dei amerikanske bilprodusentane til å slå seg sjølve konkurs. På den måten meinte Romney at dei kunne kvitte seg med unødvendige kostnader – les: gode framforhandla av fagforeiningane – og kome ut som sterkare, om enn mindre, selskap på den andre sida. Det var i og for seg logisk. Det er den same logikken som ligg til grunn for businessmodellen til Bain Capital, investeringsselskapet Romney var medeigar i, og som spesialiserte seg på å rasjonalisere vekk unødvendige kostnader – altså gje folk sparken – og forsøksvis gjere det gjenverande selskapet levedyktig. Og Romney er faktisk frekk nok til å påstå at det var nett det som skjedde når først Bush- og seinare Obama-administrasjonen ga ei krisepakken til bilindustrien. Altså at Romney aldri tok til orde for nedleggjing, berre ei omstrukturering som det tok Obama for lang tid å gjennomføre, fordi han var bunde på hender og føter av kameratane sine i fagrørsla.

Problemet er berre at denne forklaringa ikkje held: The New Republics Jonathan Cohn forklarer at Romneys framstilling bryt saman på fleire punkt. For det første hadde fagforeiningane som ein del av krisepakka gått med på vesentlege kutt i løn- og pensjonsgode, som slår beina vekk under Romneys crony capitalism-kritikk. For det andre og viktigare, så føreset Romneys førestilling om at bilindustrien berre kunne slått seg sjølv konkurs at den så kunne gått inn i styrte konkursforhandlingar og henta inn kapital på den private marknaden. Men ingen var villige til å gje desse låna. Altså vart det absolutt naudsynt at staten stilte opp med pengane som Romney no freser mot som ein utillateleg statleg inngripen i den naturlege marknadsprosessen.

Men her vert ting ekstra komplisert. Ei mykje omtala meiningsmåling offentleggjort av PPP igår synte nemleg at gapet i oppslutnad mellom Rick Santorum og Mitt Romney i Michigan er i ferd med å bli stengt. Når ein kjem nærmare valdagen, har Romney styrkt seg. Både Politico og New York Times finn anekdotiske prov på at det prinsipielle standpunktet mot offentlege krisepakker faktisk kan ha hjelpt Romney på den aller mest konservative grasrota, sjølv om det står klart for dei aller fleste at krisepakka var heilt avgjerande for bilindustriens framtid, og sjølv om bilindustrien faktisk er i framgang for første gang på mange år.

Eg veit ikkje heilt om eg trur på det. Viss Romney ender opp med å vinne Michigan, og dimed paradoksalt nok snu det som skulle vere garantisten mot ein kampanje i forfall til ein overraskande come from behind victory, har det nok meir med heimebanefordelen å gjere enn med ein hjarteleg klem frå grasrota i Michigan over at Romney tok på seg å fråråde fleire krisepakker. Dessutan har Romney fått hjelp av at Santorum ikkje har kunna sope inn dei veljarane som eventuelt var takksame for krisepakka. Tvert imot. Santorum har kritisert Romney for å vere inkonsekvent: Viss han tykte krisepakka til bilindustrien var eit steg for langt, kvifor godtok han då krisepakka til dei skakkjørte bankane? Santorum var imot begge, og kjem truleg til å køyre hardt på temaet når dei møtest – saman med Gingrich og Ron Paul – til kandidatdebatt onsdag kveld amerikansk tid.

Vonleg vil Romney få spørsmål om å forklare skilnaden på hans og Obamas tilgang til spørsmålet om bilindustriens framtid. I beste fall vert svart så nyansert at han ikkje får det fram. I verste fall vert han avslørt som ein utan omsut for korkje bilindustrien eller den amerikanske økonomien i stort. Lukkelegvis for Romney er det framleis ikkje sikkert at det finst nokon andre republikanarar som står klare til å skrape han opp frå golvet når han smelter under lyset fra lyskastarane. Det seier litt om dagens republikanske parti at ingen er villige til å argumentere for at det var rett å redde den amerikanske bilindustrien.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*