Pressestøtta blir verna – inntil vidare

Av | 15. november 2013

For å vri på KrF-legenda Jon Lilletuns gamle ord, ser det ut til at Venstre og Kristeleg Folkeparti har gjort eit dårleg budsjettframlegg litt betre, etter tingingar med Høgre og Framstegspartiet om statsbudsjettet for 2014. Om heilskapen kan mykje seiast – lite av det positivt, frå denne skrivarens synsstad – men her skal eg likevel konsentrere meg om å gje ros, og det endå til utan atterhald.

Det er nemleg særs gledeleg at dei to sentrumspartia fekk gjennomslag for kravet om at produksjonsstøtta til papiravisene skal oppretthaldast på same nivå som i år. Ja, den avgåande raudgrøne regjeringa la inn ein auke, men jamført med konsekvensane av høgrefløysregjeringas framlegg om kutt på 26 millionar, er dette definitivt godt nytt. Det kan kanskje høyrast ut som ei heller lita og uvesentleg endring, men av ein pott på 280 millionar var dette eit monaleg kutt, som ville råka ei rekkje lokalaviser, og viktige meiningsberande riksaviser som DagsavisenKlassekampenNationen og Vårt Land.

Ein konspiratorisk innstilt lesar kunne fått tilgjeving for å mistenkje at dei to høgrepartia la inn kuttet for å ha noko billig å gje opp i tingingane, viss det ikkje hadde vore for at dei begge dreiv aktiv kampanje mot pressestøtta i valkampen. Eg skreiv om det fleire gonger. Pressestøtta lyt leggjast om for å stimulere til endringar og digital satsing, hevda Høgre og FrP. Dessutan er det ein uting at avisene er så avhengige av statleg støtte, mellom anna fordi den kan gjere den fjerde statsmakta servil og meir ukritisk. Når argumentasjonen låg på eit så oppskrudd, ideologisk nivå hjelpte det lite at at Høgres Olemic Thommessen streka under at endringane skulle skje gradvis. Inntrykket underskrivne sat att med, var at dei dåverande opposisjonspartia ville nytte pressestøtta til å tvinge fram ein overgang til digital publisering, i ei tid kor døma på lønsame digitale publiseringsmodellar framleis er forsvinnande få.

Presentasjonen av den nye regjeringas budsjettframlegg gjorde såleis lite for å roe nervene. Kuttet var dramatisk nok i seg sjølv. Meir urovekkjande var det at den nye kulturministeren, Thorhild Widvey (H), sjølv om ho streka under at å fjerne pressestøtta ikkje var eit sjølvstendig mål, sto fast ved Høgres grunngjevingar frå føre valet. Framleis handla det om sjølvstendige aviser, «overdrivne» konsekvensar av kutt, og meir generelle skuldingar om handlingslamming mot den raudgrøne føregjengaren.

Men om ho likevel vakla aldri så lite i trua på at kutt og det vi kan kalle «frivillig tvang» verkeleg er vegen til nyskaping og vekst, så var heller ikkje ei slik lesing eigna til å gje bladfykar sjelero. Når nettstaden Kampanje konfronterte henne med at Høgre tidlegare hadde varsla kutt på 100 millionar, medan FrP hadde lagt seg på 180 millionar, kokte svaret hennar mest ned til at «[d]et er sånt som de har fremmet forslag på i opposisjon. Nå skal jeg vurdere dette på veldig grundig og ordentlig vis (…)». På den eine sida kunne det gje grunn til optimisme at ho var villig til i det minste å tenkje over saka. Men like sannsynleg er det at dette svaret avslørte kor dårleg tenkt høgrepartias refleks om å kutte i pressestøtta har vore, heilt frå starten. Det var visst ikkje berre nykomaren FrP som laut lære seg skilnaden på opposisjonelle overbod og ansvarleg regjeringsdeltaking.

No får Widvey altså til å ta ei tenkjepause. I mellomtida kan den internasjonalt oppsiktsvekkjande lokalavisfloraen og dei viktige motrøystene i meiningsavisene leggje planar for iallfall eitt år til. Det er godt for demokratiet, meiningsmangfaldet, og kanskje også for Høgre som kulturparti. For konservative har det sjeldan skada å ta tida og tanken til hjelp.

Difor er det i dag grunn til å takke Venstre og Kristeleg Folkeparti.

2 tanker om “Pressestøtta blir verna – inntil vidare

  1. admin

    Hei, Haakon.

    Alle papiraviser kjem ikkje til å vare evig, og det kan heller og skal heller ikkje pressestøtta syte for. Likevel meiner vi det er avgjerande viktig for det lokale demokratiske ordskiftet og meiningsmangfaldet i den nasjonale debatten, at avisene får pressestøtte kan halde fram drifta. Eit av problema er at høgrefløysregjeringa snakkar som om dei vil gje avisene eit val, medan deira føreslåtte politikk i praksis vil føre til at dei skal tvingast over til rein nettpublisering. Det tek korkje omsyn til kva som kan gå tapt med ein slik einsidig overgang, eller det viktigare faktum at medieøkonomien kring digitalpublisering er i startfasen. Døma på lønsame aviser som har satsa meir digitalt enn på papir er framleis få og sjeldsynte.

    Jørgen.

    Svar
  2. Haakon

    Ser dere – ærlig talt og se dere i speilet – en langsiktig fremtid for alle papiravisene ?

    I såfall – hvorfor yttrer dere her på nett, skrivekollektivet, og ikke som innlegg i papiraviser?

    Svar

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*