Danmark: Enda eit fråfall i SF

Tidlegare folketingsmedlem Trine Pertou Mach har vore på tale som venstresidas kandidat til leiarvervet i Socialistisk Folkeparti fleire gonger. Då grasrota leitte etter ein motkandidat til Astrid Krag, helseminister og yndlingen til regjerings-SF som etterfølgjar til Villy Søvndal i 2012, takka ho nei. Oppdraget gjekk til Annette Vilhelmsen. Også då Vilhelmsen skulle erstattast ifjor, enda det med ei ny avvising. Den regjeringsvenlege fløya i partiet fekk tilbake handa på rattet, og tidlegare handels- og transportminister Pia Olsen Dyhr steig til topps.

No veit vi at Trine Pertou Mach kjem ikkje til å stå på lista over moglege kandidatar den dagen Olsen Dyhr søkjer avløysing. Denne veka melde ho seg nemleg ut av SF. Ifølgje Mach har venstresosialistane blitt for like Socialdemokraterne (S). Hennar utmelding har potensiale til å bli eit hardt slag mot den framleis nokså nyvalde SF-leiaren, av fleire grunnar.

For det første tyder den på at Olsen Dyhr ikkje har lukkast i å samle heile partiet bak sitt prosjekt. Ho har halde fram Søvndal-kursen med ein asylpolitikk som ligg nærare Socialdemokraterne enn den attkjenneleg liberale linja Det Radikale Venstre (R) har lege seg på. I valkampen reiv ho dessutan ned gjerdet rundt Dansk Folkeparti (DF). SF bygde valkampen sin på ein avtale med DF om gjensidige krav til ei ny dagpengereform frå kvar si fløy. Det var nye, og langt frå ukontroversielle toner.

Dinest vekkjer utmeldingar vonde minner om masseflukt og ketsjup-effekt i SF. Over dei siste tre åra har SF opplevd snart nokre einskilde drypp av utmeldingsblankettar frå namngjetne partifolk, snart ein lind straum. På det som litt upresist blir kalla «høgrefløya» forsvann først Jesper Petersen (til S), så Matias Tesfaye (S) og Emilie Turunen (S) og Gry Møger Poulsen (S) og Ida Auken (R) og Ole Sohn (S)… Lista kan gjerast endå lengre. Desse røynslene lyt gjere SF-arar skrekkslagne av frykt for at eit liknande mytteri no skal råke den tradisjonelle venstresida.

Enno veit vi ikkje om Trine Pertou Mach talar på vegner av andre enn seg sjølv. Ho er profilert, men eigentleg først og fremst som bråkmakar og intern kritikar, og i denne perioden er ho heller ikkje vald inn i Folketinget. Likevel: Somme gler seg sikkert også over at ho forlet partiet. Men det må uroe partileiinga at lojaliteten brast også for henne.

Undervegs i valkampen skreiv eg kjekt at Pia Olsen Dyhr kom til å bli ein slags valvinnar berre ved å syte for at SF i det heile fekk eit resultat. Så blei resultata dårlegare enn nesten alle meiningsmålinga tilsa, og i tida etter valet har partiet hatt vanskar med å prege dansk politikk. Socialdemokraterne har hovedsakleg sete stille i båten under Løkke-regjeringa, men dei få signala som har kome, tyder på ei forsiktig høgredreiing. Då burde tilhøva liggje til rette for at SF og Enhedslisten kan fremje offensiv opposisjonspolitikk frå venstre. Skal partiet få til det, må det dog smerte og uroe at dei framleis ikkje har stogga hjerneflukta både til høgre og venstre.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*