Danmark: Boje, erased

Av | 12. mars 2023

Nett idet roa skulle til å seinka seg over Nye Borgerlige etter veker og månader med krangling… Nei, skjemt til side: Ein dryg månad etter at eit ekstraordinært landsmøte valde Lars Boye Mathiesen til å følgja Pernille Vermund som partileiar, og kommunepolitikaren Henriette Ergemann som ny politisk nestleiar, står båe postane tomme. Ergemann vart pressa til å trekkja seg etter at media gravde fram konspiratoriske meldingar og grove personåtak frå sosiale media (ho er no utmeld), medan eit samrøystes sentralstyre torsdag kveld vedtok å ekskludera Boje Mathiesen. Når det gjeld bakgrunnen for eksklusjonssaka står ord førebels mot ord, men ifølgje ein e-post frå partiet handlar den om at Boje skal ha kravd å få overførd fleire hundretusen frå internkonti i Nye Borgerlige til sin private konto, samt ein fire år lang såkalla «uopsigelig kontrakt» med økonomisk godtgjersle for å ta på seg leiarververvet. (Fleire har peikt på det ironiske i at Boje Mathiesen eig domenet stopfraas.dk («frås» er dansk for «fråtsing»).

Fram til me veit meir om kva som utløyste denne dramatiske vendinga er det like interessant å sjå på kva konsekvensar den kan få for framtida til Nye Borgerlige. Med utkastinga av Boje Mathiesen er ei folketingsgruppe som etter valet i november auka frå fire til seks mandat, nede i tre. Mette Thiesens lagnad i partiet vart bestemt allereie før eit endeleg valresultat var klart; ein langvarig konflikt mellom kjærasten hennar og ein tilsett i partiet kulminerte med vald på valvaka, med Thiesens utmelding som resultat. Ho har, til liks med den nyvalde folketingsmedlemen Mikkel Bjørn Sørensen, slutta seg til Dansk Folkeparti. Bjørn Sørensen avviste oppmodinga om å stille til kampavrøysting mot nettopp Lars Boje Mathiesen, men åtvara mot Boje som ein «solorytter» med ein dårleg «ledelsesstil». Kim Edberg Andersen sikta seg inn på å ta over som nestleiar etter folketingskollegaen Peter Seier Christensen, som i sin tid stifta partiet ilag med avgåande partileiar Pernille Vermund. (Edberg tapte til Ergemann, i ein prosess som også gjorde at ein annan nestleiarkandidat, kommunestyrerepresentanten Rune Bønnelycke frå Vejle, til slutt vart ekskludert for sin offentlege kritikk av vinnaren.)

«[Har] Nye Borgerlige nokon som kan halda partiet samla også utan Vermund ved roret?», spurde eg i starten av februar. No som avskiltinga av Boje har gjort mitt dengang «førebels» negative svar til ein permament konklusjon heilt til toppen av partiet, må partiet istaden teste om det overleva sjølv med ho. I naudens stund har Pernille Vermund resonnert seg fram til at ho sjølv må ta attende den leiarposten ho var klar for å forlate. Det gjer ho nødvendigvis med kraftig svekt autoritet, både internt og utad, etter at Nye Borgerlige i vekevis har drive høgst offentleg sjølvskading. Også denne gongen er det for tidleg å spå om kva det kan tyde for oppslutnaden, men det er interessant at det tilsynelatande ikkje kom nokon tydeleg nedgang i den korte tida Lars Boje var i førstelinja, trass i alle kontroversane. Det er ikkje heilt utelukka at den negative effekten snarare kan kome no, viss dei konspirative veljarane som Boje engasjerte reagerer på gjeninnsetjinga av Vermund.

Kunne dette ulukkelege mellomspelet vore unngått? Det er ikkje godt å seie. Men når Pernile Vermund sleppte taumane utan å ha forsikra seg om at det fanst ein openbart lojal, populær og kompetent arvtakar klar, verkar det endå meir uheldig at leiarskiftet gjekk føre seg som ei slags automatisk kroning. Viss kaoset i Nye Borgerlige skal vera godt for noko, så må det vera som ei påminning til Lars Løkke Rasmussens Moderaterne og Inger Støjbergs parti, Danmarksdemokraterne, om kor vanskeleg det kan verta å skifta mannskap i eit parti som er tett forbunde med ein person. Skulle ikkje det vera nok, så hugså dei sikkert korleis Uffe Elbæks avgang heldt på å knekka Alternativet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*