Don’t call it a comeback: Jens Rohde returnerer til Venstre

Av | 9. mars 2023

Jens Rohde er igjen medlem i Venstre. Om det gjer den tidlegare folketingsrepresentanten til ein uavvendeleg opportunist eller til ein mann som held sine kjerneverdiar så kjært at han mest ikkje kan unngå å få dei krenkt på ein måte som utløyser jamlege partiskifte, hangar truleg på temperamentet. Innan han melde seg ut av Venstre i 2015 i protest mot Lars Løkke Rasmussens leiarstil og det tette parløpet med Dansk Folkeparti asylpolitikken, nådde han å vera både parlamentarisk leiar i Folketinget og medlem av Europa-parlamentet («en straffanstalt for tredjevalg og umuliuser», med Stein Oves minneverdige formulering). Heimvend frå Brussel og Strasbourg blei Rohde vald inn i Folketinget for Det Radikale Venstre, men heller ikkje det ekteskapet var haldbart. På veg ut døra oppgav han at Radikale var for lite konstruktive i landbruks- og klimapolitikken, og dessutan for opptekne av verdipolitiske symbolsaker. Overgangen til Kristendemokraterne var likevel eit overraskande trekk frå ein mann som i Anders Fogh Rasmussens statsministertid hadde utløyst intern kritikk i Venstre for å vera for liberal. Som vilkår for å verta KDs einaste folketingsmedlem fekk Rohde tinga seg til ei slags handfesting som nok roa det liberale samvitet for ein stund, men han skulle snart få erfara kor konservativt hans nye parti i grunnen er.

Slik Rohde sjølv framstiller det vart brotet med KD mellom anna utløyst av at han blei irettesett for å ha fremja forslag om at Danmark skal arbeida internasjonalt for å sikra kvinner retten til sjølvvald abort. Han tente folketingsperioden til ende, men etter å først ha varsla at han ikkje ville stilla til attval, melde han seg også ut av partiet. Den – lat oss kalla det – breie patribakgrunnen hans har gjort han til ein etterspurd politisk kommentator i tida etter at han forlet Folketinget. Like etter valet kunne han til dømes dele sitt syn på framlegget frå Kristendemokraternes avgåande leiar, Marianne Karlsmose, om at KD skulle gje opp den ressurskrevjande og etter hennar syn alt meir fåfengde draumen om folketingsplass og istaden konsentrere seg om kommune- og regionalpolitisk representasjon; berre for like etterpå å bli forhøyrt om Martin Lidegaard som ny leiar for Dei Radikale; påstått usemje i folketingsgruppa; eller kvifor i alle dagar partiet enda opp utanfor ei blokkoverskridande regjering.

I eit intervju med heimstavnsavisa Viborg Folkeblad understrekar Rohde med nesten komisk intensitet at det ikkje er aktuelt for han å stilla til kommune- eller folketingsval igjen («- Aldrig nogensinde. Det kan jeg sige 100 procent sikkert. Det er helt udelukket – som i helt udelukket. Jeg kommer aldrig nogensinde til at stille op til Folketinget eller til et byrådsvalg.»). I tillegg til at han ikkje vil stå i vegen for konas kommunepolitiske karriere, vert lovnaden meir truverdig av at Rohde no har ein jobb utanfor profesjonell partipolitikk. Frå 1. mars han vore ansvarleg for Det Europæiske Folkemøde i Mariagerfjord.

Men vent litt: Kan ein gammal sirkushest som så openbert brenn for europapolitikken då heilt utelukke nye oppgåver? Kanskje ikkje, erkjenner han til avisa: «Måske kunne jeg engang  overveje noget med Europa-politik, men det er slet ikke nu.»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*