Etter folketingsvalet: Det Radikale Venstre

Av | 8. november 2022

Då ein journalist frå ålmennkringkastaren DR tidleg på valkvelden bad Det Radikale Venstres (dåverande nestleiar) Martin Lidegaard kommentere ei elendig valdagsmåling, svarte han noko slikt som at «me må slutte å møtast på denne måten»*. Det var ein sjølvironisk kommentar til at Dei Radikales oppslutnad i nesten tjue år har følgd ei kurve kor gode val blir avløyst av ei halvering ved neste høve. Men den røynde parlamentarikaren la til at partiet godt veit at det ikkje alltid er oppslutnaden som avgjer kor stor makt ein sit att med. Med 3,8% av veljarane i ryggen kan Lidegaard, som no er blitt partileiar etter Sofie Carsten Nielsen, komme til å få meir å seie når det skal skipast ei ny regjering enn det Marianne Jelved til dømes fekk i 2005, trass i ein oppslutnad på 9,2%.

Det handlar både om korleis ei ny regjering skal sjå ut, og kva politikk den skal føre. På den eine sida utgjer Dei Radikale ein avgjerande del av eit knapt sentrum-venstre-fleirtal statsminister Mette Frederiksen (Socialdemokratiet) kan falle tilbake på viss forhandlingane om ei blokkoverskridande regjering skulle mislukkast. Samstundes er partiet del av det Moderaternes partileiar, tidlegare statsminister, Lars Løkke Rasmussen, har kalla «reformfleirtalet» (Berlingske, 06,11.22.), som kan garantere for reformer mellom anna i den økonomiske politikken og skatte- og sysselsetjingspolitikken.

Før valet var ei rein duo-regjering med S og R den einaste konstellasjonen Mette Frederiksen tok seg bryet med å utelukke. Avstanden i asyl- og innvandringspolitikken er rett og slett for stor, sa ho. Men med Folketingets nye samansetjing kan Dei Radikale likevel vere aktuelle for å skape balanse i ei ny fleirpartiregjering. Avisa Berlingskes politiske redaktør, Bent Winther, skriv i ein analyse (08.11.22.) at partiet er ein tenkjeleg regjeringspartnar i ei sentrum-venstre-regjering med Socialdemokratiet og Socialistisk Folkeparti, eller viss SF blir bytta ut med Moderaterne. (Dei Radikales førsteval er ei fleirtalsregjering saman med S, SF, Venstre og Dei Konservative.)

Etter to periodar utan regjeringsmakt, er det iallfall ingen som tviler på Dei Radikales ønskje om og vilje til å gå i regjering, sjølv med eit svakt valresultat. Det ligg også som ein uuttalt premiss i valet av Lidegaard som partileiar. I dei siste åra interne linjeval har Lidegaard teke til orde for ei meir pragmatisk tilnærming til Socialdemokratiet. Men, som me alt har omtalt, ulmar potensielle konfliktar framleis, ikkje minst i asylpolitikken og andre verdispørsmål: Kor hardt skal ein til dømes stå på kravet om at ei ny regjering må skrote planane om asylmottak i Rwanda? I den nyvalde folketingsgruppa er Samira Nawa og Zenia Stampe rekna som mellom dei mindre kompromisslystne i verdipolitikken, men spørsmålet er kor resten står.
___
* Sitert etter minnet, frå Valgdag i Danmark, DR1 01.11.22.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*