GOP ’12: Den der Howard Kurtz har eit interessant poeng (!)

Av | 13. mars 2012

Det burde eigentleg vere for seint til å melde seg på i kommentariat-konkurransen om kva ymse eventuelle utfall av dei to sørstatsnominasjonsvala i Mississippi og Alabama kan få å seie, men inspirasjon kan i siste augneblink frå dei mest underlege kjelder. På Twitter for nokre minutt sidan stilte den nesten alltid keisame Daily Beast-kommentatoren Howard Kurtz eit vesentleg spørsmål ved ei av toppsakene til nettavisa Politico nett no. Politicos premiss er at Mitt Romney kan ha avgjort nominasjonsstriden ein gang for alle dersom han vinn desse to vala, noko som fekk Kurtz til å replisere: «Really? Even with a 2-point win? Will we keep the goalposts fixed this time?»Uansett om ein kjøper heile Politicos premiss eller ikkje, er særleg det siste poenget til Kurtz interessant.

Sjølv om argumentet om at han har synt at han kan appellere til sjølv dei mest konservative kjerneveljarane utan tvil vil stå sterkare om han vinn i Missippi og Alabama, så er det langt frå gjeve at mediedekninga vil vere samrøystes om at einkvar sigersmargin for Romney er like overtydande. Eg kan veldig lett sjå føre meg at dei som har interesse av det vil gripe fatt i at støtta til (dei meir konservative?) motkandidatane, tidlegare Pennsylvania-senator Rick Santorum og tidlegare kongressmann Newt Gingrich frå Georgia, samla sett vil vere mykje større enn støtta til Romney, iallfall dersom det endelege resultatet blir noko i nærleiken av dei jamne meiningsmålingane i framkant har indikert.

Kurtz peikar indirekte også på noko av det som har gjort nominasjonsstriden til ein så audmjukande øving for slike som meg: Måla for kva som er under- eller overprestasjonar endrar seg heile tida, det er lita semje om kva som eigentleg er forventa av den einskilde kandidaten frå stat til stat, og i tillegg har den tidlegare så høgt akta momentum-faktoren vist seg å vere mindre verdt enn før: Tysdag etter tysdag har sett atterreisinga av kandidatar – anten dei heiter Romney, Santorum eller Gingrich – som var erklært sjanselause berre dagar i førevegen. I staden har vi sett eit stadig sterkare fokus på det vi kan kalle negativt momentum – kontinuerlege appellar frå kandidatar på opptur, ofte Romney eller Santorum, om at ein kandidat som ofte underpresterer, som Gingrich, bør ta konsekvensen og trekkje seg. For Romney ville det arte seg som ein draum om fekk ei rolegare signingsferd, kor både Gingrich og Santorum bukka under for det uungåelege, medan det for Santorum dreier seg om å drive ut Gingrich for å få høve til å samle høgrefløya bakom seg i ein mann-mot-mann-duell mot Romney. (Heller ikkje det er ein eintydig sak, veit vi.)

Men denne dynamikken er også ein av grunnane til at eg meiner den konservative kommentatoren Michael Medved fokuserer feil når han hevdar at establishment-media misliker Mitt Romney. Det kan hende dei ikkje liker han, men det treng ikkje ha så mykje med hans person eller politiske standpunkt  å gjere. Slik eg forstår samspelet mellom politikk og journalistikk – kynisk sett – kan det like gjerne handle om at media ganske enkelt får ein enklare jobb så lenge det framleis kan manast fram eit drama om kven som kan vinne den republikanske presidentnominasjonen. Konfliktar sel aviser og generer klikk. Såleis har media ei eigeninteresse av at inntrykket av strid i det republikanske partiet varer ved så lenge som råd, også uavhengig av kva line dei måtte leggje på leiarplass.

Eg nektar som vanleg å komme med klaew spådommar om korleis vala i natt ender, og eg vil heller ikkje seie noko skråsikkert om kva konsekvensane av ulike utfall eventuelt måtte bli. Dette siste er ikkje minst fordi kandidatane sjølv verkar i villreie. I den eine augneblinken kan ein få inntrykk av at Newt Gingrich-leiren meiner han er avhengig av å vinne alle sørstatane for å ha nokon grunn til å halde fram, men før ein får områdd seg har kandidaten sjølv forsikra om at ingen einskildstat vil bli avgjerande for den avgjerda. Men presset er definitivt størst på Newt ikveld. Han treng godt nytt snart, eller meir pengar.

Opphaussinga av forventningane gjer at sannsynlegvis er for seint Romney-folket å avskrive eit overraskande dårleg resultat i desse to statane som betydningslaust og omtrent som foventa, men som vanleg er han den kandidaten som har flest sjansar til å rette opp kursen seinare. Såleis kan det mest interessante tinga å følgje med på – dersom ikkje til dømes Gingrich legg inn årene ein av dei neste dagane – bli om media klarer å bli samde med seg sjølv om korleis resultata skal tolkast. Det mest sannsynlege er nok ein gong at alle sider finn tilstrekkjeleg godt nytt til å halde liv i striden ein stund til.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*