Storbritannia: David Camerons plass i historiebøkene

Av | 24. juni 2016

Storbritannias statsminister David Cameron gav britane ein sjanse til å melde seg ut av EU, og dei greip den. Det er dramatisk nok. Men det som verkeleg rammer inn denne skilsetjande hendinga, er at Cameron langt på veg ikkje gjorde det fordi han sjølv meinte det var naudsynt, men fordi det var ein måte å sikre si eiga politiske framtid på. Eller, slik såg det iallfall ut då han gav lovnaden om ei folkerøysting, berre veljarane gav hans konservative parti fleirtal ved parlamentsvalet i mai 2015. Han kunne ikkje vite det den gongen, men den politiske framtida Cameron enda opp med å sikre seg, var som «tidlegare statsminister» fordi han tapte folkerøystinga, og som mannen som kanskje dreiv Skottland ut av Storbritannia. Etter gårsdagens resultat har skotske politikarar byrja tale om å ta opp att sjølvstendespørsmålet. David Cameron kan ha gjort Storbritannia smått, på meir enn ein måte.

Sjølvsagt var det ikkje slik det skulle gå. Spørsmålet om skotsk sjølvstende var i utgangspunktet avklart. Det såg stygt ut ein stund der, på seinhausten 2014. Nasjonalistane hadde vind i segla i innspurten av folkerøystinga, men til slutt konkluderte skottane, med omlag ti prosentpoengs margin, at uvissa om konsekvensane av å stå åleine vog opp for lysten til å gjere seg fri av politiske diktat frå Westminster. Då hadde ein framståande skotsk politikar som Labours tidlegare statsminister, Gordon Brown, bede nasjonsfellane innstendig om å halde Storbritannia i hop, og Cameron sjølv hadde gjeve ein kjensleladd tale der han bad skottane sjå forbi hans person og politikk og til den historiske fellesskapen. Det heldt. Fram til no, når skottane ligg an til å bli tvangsutmeld av EU fordi engelskmennene (og walisarane) vil det slik. Det skotske sjølvstendestrevet har lange historiske røter, men ettersom saka langt på veg var avgjord, er det vanskeleg ikkje å tenkje at Cameron har gjenopna eit sjølvpåførd sår.

Dynamikken i «brexit»-avrøystinga liknar. Cameron trudde han kunne skremme EU med utsiktene til ei britisk utmelding, og på den måten skaffe seg ei reformpakke som eit folkefleirtal kom til å godta. Igjen satsa han på at uvisse om konsekvensane, kombinert med åtvaringar om dårlege økonomiske tider, ville vere nok til at fleirtalet fann tryggleik i det allereie kjende. Han fekk tinga fram ein særregel for å avgrense den frie flyten av velferdsytingar og ei symboltung formulering om at britane var unnateke frå målet om ein stendig tettare europeisk union. Men sjølv om han tilrådde at britane blei verande i EU, fekk han seg aldri til å teikne opp ein positiv visjon for Storbritannia i EU. Kanskje det må bli slik når ein moderat EU-skeptikar skal argumentere for EU, men alt Cameron og andre konservative «remain»-talspersonar sa i valkampen, hadde som utgangspunkt at EU i beste fall kunne bli litt mindre vondt og vanskeleg viss britane blei med vidare. Men berre litt, altså.

Det aller mest smålege med kampanjen må Cameron til sjuande og sist også ta på si kappe. Hans opportunistiske snakk om absolutt nedgang i talet på innvandrarar heilt tilbake til valkampen i 2010, opna for at høgrepopulistar kunne utnytte at dette var eit fullstendig ugjennomførleg løfte. Arbeidsinnvandringa har ført til utfordringar med arbeidsløyse i delar av Storbritannia, og auken i talet på asylsøkjarar er noko både for Storbritannia og resten av Europa føler konsekvensane av, men Camerons måte å snakke om det på utelukka allereie frå starten av at «remain»-sida kunne få ørens lyd hjå dei veljarane den aller helst trong nå fram til.

I det heile liknar slutten på David Camerons statsministertid eindel på Tony Blairs: Uansett kva Blair elles oppnådde som regjeringssjef, er ettermælet hans fullstendig dominert av at han stod ved George W. Bushs side i den folkerettsstridige krigen i Irak. Og sjølv om Camerons nytta sin de facto avskilstale i dag til å snakke om økonomisk nøysemd og reformvilje, så vil det som står att etter han vere at han ikkje var sterk nok til å halde Storbritannia i EU. Og, viss vi gjev det litt tid, kan han også bli statsministeren som, meir eller mindre uprovosert, synte Skottland vegen ut av Storbritannia, på andre forsøk.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*