USA: Melania Trumps plagiat betyr mest for journalistar

Av | 19. juli 2016

I akademiske samanhengar er plagiering av andre sitt material ei dødssynd. Utanfor akademia er det først og fremst ufint og uærleg. Det lyt få konsekvensar for den som hjelpte henne med å skriva talen at Melania Trump tilsynelatende tok eit avsnitt frå ein tale av Michelle Obama og gjorde orda til sine. Det svekkjer Trump sitt truverde, og for folk på innsida i politikk svekkjer det dessutan tilliten til at Trump-kampanjen veit kva dei held på med.

Likevel er det enno for tidleg å seie kva – om noko – dette tyder for vanlege folks oppfatning. Meiningsmålarar og valkampveteranar vil alle saman fortelje deg at landsmøta er første gongen ein god del veljarar vert introduserte for kandidatane for alvor, og viss dei sit att med inntrykk av at Trump-kampanjen freistar å lure dei, er det sjølvsagt uheldig. Den har ikkje råd til fleire feilskjær. Men samstundes lyt kommentatorar og andre ha is i magen. Ingen tek plagiatskuldingar like alvorleg som journalistar. For dei handlar det om yrkesetikk.Det tyder ikkje nødvendigvis at det er like viktig for alle andre.

Dessutan er det, som ved kvar einaste krossveg i denne allereie lange og bisarre valkampen, verd å hugse på at Trump-veljarane førebels har nekta å reagere slik forståsegpåarar og meiningsmålarar har venta, eller regelrett kravd. Viss dei ikkje beint fram oppfattar plagiatet som endå eit uttrykk for politisk ukorrekt, og difor akseptabel eller til og med ønskjeleg åtferd, så vil eg ikkje utelukke at nokre veljarar kan tenkje på dette som ein medieskapt storm i eit vasslglas.

Dessutan er det ikkje Melania Trump som skal veljast til president. Å freiste å råke Donald Trump via kona hans, er ein risikosport. Sjølv om ho no tek ei mer eksplisitt politisk rolle, er ho framleis berre ein del av pakka. Dersom media og demokatiske spinnarar køyrer for hardt, risikerer dei at folk sit att med eit inntrykk av at Melania Trump berre er ei marionette, og då har dei uforvarande plassert henne i ei passiv rolle som dei elles hevdar at dei vil frigjere kvinner frå. På den andre sida er det ingen grunn til å vere naiv. Dette er politikk. (Eller, som Trond Blindheim frå Markedshøyskolen ville sagt: «Kjøss meg i ræva».)

Så lenge det ikkje kjem fleire, liknande saker, vil plagieringshistoria snart vere eit triviaspørsmål. Republikanarane sitt største tap er truleg at så mykje tid gjekk med til denne saka, når dei heller ville ha merksemd kring sine aggressive freistnader på å eggje til motstrid mellom politimakta og minoritetsaktivistar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*