Danmark: Å skiljast som vener

Av | 17. mai 2016

Det er ikkje godt å vite kva metafor som høver best om tilhøvet mellom Enhedslisten (EL) og Folkebevægelsen Mod EU. Både Enhedslisten og føregangarane Venstresocialisterne og Danmarks Kommunistiske Parti satsa på å få sine folk valde inn i Europa-parlamentet via Folkebevægelsen sin røystesetel, men formelt har sistnemnde alltid vore ein tverrpolitisk organisasjon. Tanken har heile vegen vore at ei slik friståande motstandarliste kunne famne breiare enn Venstresocialisterne/Enhedslisten hadde vore i stand til åleine. Og det har faktisk lukkast for Folkebevægelsen å få vald venstreradikalarar i val etter val. Enhedslistens folk er stolte av og glade i Folkebevægelsen.

Sånn sett har det trekk av eit fornuftsekteskap som etter kvart blei ektefølt kjærleg. Men i takt med at Enhedslisten har vakse både i medlemstal og veljaroppslutnad, har spørsmålet om kvifor partiet deponerer si eventuelle EU-røyst hjå Folkebevægelsen blitt stadig meir aktuelt. Veljarundersøkingar syner at det er ein del EL-veljarar som ikkje røystar på Folkebevægelsen, trass i at toppkandidaten, Rina Ronja Kari, oppskriftsmessig er medlem i Enhedslisten. Etter at konkurrenten Junibevægelsen la seg sjølv ned ved veteranens Jens Petter Bondes exit fra parlamentet i 2009, skulle ting elles liggje godt til rettes for Folkebevægelsen. Ikring seg på venstresida har den dessutan eit knippe til dels særs EU-positive parti. Socialdemokraterne følgjer lojalt opp linja partifeller andre stader i Europa legg, Radikale Venstre held EU-fanen rank og blå-gul, og Socialistisk Folkepartis Margrethe Auken er noko så – i skandinavisk forstand – eksotisk som en fullblods, sosialistisk EU-tilhengjar som ønskjer å gje Brussel meir, ikkje mindre makt.

Likevel: Spørsmålet om framtidig tilknytingsform handlar minst like mykje om Enhedslisten som om Folkebevægelsens potensielle stagnasjon. EL-profiler som Pernille Skipper og Pelle Dragsted argumenterte på helgas landsmøte for at EL lyt stille med eiga liste til neste Europa-parlamentsval i 2019, og møtelyden var samd. Når partiet har vakse seg så stort som no, har det blitt stadig vanskelegare å forklare folk at dei ikkje kan røyste på Enhedslisten i EU-val. Skipper, som nyleg tok over rolla som nasjonal talsperson og gruppeleiar i Folketinget, uttrykte jamvel uro for at nokre EU-motstandarar kunne komme til å kjenne seg heimlause med Enhedslistens fråver.

Det er talande for oppbrotstemninga i dansk politikk at denne avgjerda blir handsama som noko langt meir enn utfallet av eit strategiseminar på ytre venstre. For det første syner den at Enhedslisten no er så fullt av sjølvtillit at partiet ikkje lenger treng Folkebevægelsen, og er villig til å risikere å svekkje sin tidlegare partnar for å hevde seg sjølv. Dinest illustrerer det at fjorårets folkerøysting om å erstatte det danske atterhaldet mot EUs felles justispolitikk med ei såkalla «tilvalsordning» (det enda med eit klart nei), auka viljen til å ta leiartrøya i EU-motstanden sjølv. Om ho ikkje var det før, så bidrog innsatsen i valkampen føre folkerøystinga til å gjere Pernille Skipper til uomstridd leiestjerne. For det tredje og siste syner det at EU-politikk kjem til å bli viktig også framover. Utfallet av Storbritannias folkerøysting om framleis EU-medlemskap vil leggje premissa for den danske debatten i årevis framover. Til liks med Folkebevægelsen har Enhedslisten programfest dansk utmelding, og skulle britane lirke opp utgangsdøra står dei klare til å presse Dansk Folkeparti til å avklare kor djupt det partiets uttalte EU-skepsis stikk i praksis.

Her som elles er det uklart kor mykje konkurranse Enhedslisten kan vente seg frå Alternativet. Nykomlingen tilrådde eit ja i folkerøystinga i desember, men EU-politikken er eit av fleire område kor partiets line førebels framstår som noko ad hoc og uavklart. Så lenge det handlar om politikk, treng det ikkje tyde så mykje. Enhedslisten blir sikkert takksamt viss Alternativet slår inn på ein meir EU-skeptisk kurs. Men det kan bli trongt om plassen på venstresida, viss eit Alternativ i vekst et seg inn på einemerka til Enhedslisten og Folkebevægelsen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*