Danmark: Pernille Skipper ny førstestyrkvinne i Enhedslisten

Av | 5. mai 2016

Mon det vert oppfatta som sexistisk å seie at Enhedslisten tok ei dronningrunde før dei gav vervet som parlamentarisk leiar og talsperson vidare til Pernille Skipper? Ho har lenge vore posisjonert som arvtakaren til populære Johanne Schmidt Nielsen som øvste leiar på Folketingets ytste venstre fløy, men onsdag skjedde det formelt. Skipper blei vald utan motkandidat, i ei tid då det gjeld for partiet å framleis hevde seg i den knallharde kampen om idealistiske veljarar til venstre for Socialdemokratiet (S). Alternativet (Alt) er, med sin utradisjonelle, men ikkje-ideologiske tilnærming til politikk, ein farleg utfordrar. Socialistisk Folkeparti (SF), fri frå tvangsekteskapet med S og Radikale Venstre (R), har ikkje tenkt å gje etter for dødskramper

Om føregangaren Johanne Schmidt Nielsen seier kommentariatet no at ho lukkast godt med å breie ut partiet og gjere det til eit aktuelt val for mange som aldri tidlegare vurdert å røyste Enhedslisten. Merittlista hennar er likevel ikkje veldig lang. Partiet trekte støtta til Thorning-regjeringa då finansminister Bjarne Corydon (S) valde Venstre og Konservative som budsjettpartnarar i 2012, og mønsteret gjentok seg: Så fort sjansen baud seg, isolerte S-R-SF-regjeringa Enhedslisten og søkte fleirtal med borgarlege parti. Schmidt Nielsen var ei utrøyttelig røyst for dei som fekk merke konsekvensane, men ho klarte ikkje å realisere draumen om eit reelt fleirtal med tyngdepunktet til venstre.

Sigge Winther Nielsen, kommentator i avisa Politiken, skriv om etterfølgjaren hennar at Pernille Skipper er ein fagleg grundig politikar som er respektert mellom kollegene på Christiansborg. Han spør likevel om ho har den same teften for veljarfrieri som Johanne Schmidt Nielsen, mellom anna fordi Skipper liker å halde ein meir nyansert tone. Når det er sagt: Då Enhedslisten og nei-sida gjekk sigrande ut or folkerøystinga om å skaffe Danmarks atterhald mot EUs felles justispolitikk, var det med Skipper i front. Det vil ta henne litt tid å gå seg inn i skorne til landets mest populære politikarar, men ho har alle moglegheiter til å lukkast,

Det føreset rett nok at ho snarast råd får avskore spekulasjonar kring hennar revolusjonære sinnelag. Eg har i ei årrekkje uttrykt ei blanding mellom undring og frustrasjon over at yttarvenstre held fast i revolusjonsromantisk retorikk, og en gjentar den gjerne her. Anten det er Lars Ohly, vänsterpartisten som lenge insisterte på å kalle «kommunist», eller norske Raudt som med naud og neppe klarte å ankre sin politikk i det parlamentariske demokratiet, så har venstresida hatt ein uvane med å pakke løysingane sine inn i ein retorikk som er vanskeleg for folk å kjenne att i kvardagen. Pernille Skipper vil si side ikkje svare på om ho er «revolusjonær» marxist. Eg abonnerer sjølv langt på veg på ein marxistisk samfunnsanalyse, men kva Skippers eventuelle revolusjon inneber, er ikkje godt å seie. På meg verkar det som om vi snakkar om ein ganske vanleg, djuptgripande, men langsam og demokratisk omforming av samfunnet for å tøyle dei verste utslaga av kapitalismen. Då er det gjerne enklast å seie det.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*