Sjeldan har det vore mindre naturleg å setje opp noko tydeleg skilje mellom innanriks- og utanrikspolitikk enn nett no, og det illustrerer det nye danske forsvarsforliket til fulle. Etter at fleirtalet sa nei til å knytte Danmark til EUs sams justispolitikk i ei folkerøysting i 2015, har ideen om å avskaffe dansk reservasjon mot EUs forsvarssamarbeid vore rekna som politisk uoppnåeleg. Fram til no. I tillegg til å forplikte kvarandre til å løyve dei estimert naudsynte ekstra atten milliardane – kvart år – som i 2033 hevar forsvarsbudsjettet til to prosent av BNI, skal det nemleg haldast folkerøysting om å sløyfe det såkalla «forsvarsforbeholdet».
Forlikspartane Socialdemokratiet, Konservative, Venstre, Radikale og SF tilrår at danskane røystar «ja» til at atterhaldet skal avskaffast. På nei-sida finn me Enhedslisten, Dansk Folkeparti og Nye Borgerlige, men heller ikkje på ja-sida går ein helt i takt. Tidlegare statsminister for Venstre, Lars Løkke Rasmussen, (som no er sjølvstendig folketingsmedlem og leiar for sitt eige parti med det særs «Borgen»-klingande namnet Moderaterne) har åtvara mot at folkerøystinga er ein forhasta reaksjon på krigen, sjølv om han stør at Danmark sluttar seg til kjernen i EUs forsvarspolitikk.
At SF er med i rekkja av ja-parti har sin eigen symbolverdi. Over ein periode på tretti år har partiet flytta seg frå pragmatisk EU-skepsis til å konkurrere med Radikale Venstre og Venstre om rolla som dansk politikks mest EU-vennlege parti. Men det var også SF som i sin tur sytte for at atterhaldet kom i stand i det heile. SF var den leiande krafta då Danmark gjekk imot å godkjenne Maastricht-traktaten (1992). I ettertid har partiet likevel fått æra for at Danmarks nei ikkje for alvor stogga EUs integrasjonsstrev. SFs EU-politikar Steen Gade sette seg ned med ja-partia og tinga fram at SF kunne tilrå eit ja i ei ny folkerøysting dersom Danmark fekk stå utanfor (den kommande) pengeunionen, unionsborgarskapen, samt forsvars- og justissamarbeidet. På den måten er det ein sirkel som er slutta når SF går til val saman med nesten alle tidlegare regjeringsparti for å fjerne forsvarsatterhaldet.
Vande politiske overtydingar er under så sterkt press for tida at det ikkje er godt å seie om danskane faktisk er parate til å ruste seg i ein europeisk fellesskap. Statsminister Mette Frederiksen (S) understreka at framlegget om å bli fullt og heilt integrert del av EUs forsvarspolitikk ikkje minst var ei verdimarkering. Danmark vil signalisere samhald med resten av EU og vere med når avgjerdene skal fattast. Slike appellar kan ha frodigare grobotn når framtida verkar utrygg.
Når eg likevel ikkje er heilt viss på at folkerøystinga endar med eit ja, så er det fordi danske veljarar har overraska før. Dei har røynsle med at tilknytinga til EUs finans- og pengeunion løyste seg, sjølv om dei sa nei. Og Danmark fekk ei parallellavtale om politisamarbeid som mildna konsekvensane av at atterhaldet på justisfeltet står ved lag. Viss det ekstraordinære og utrygge ved dagens situasjon taper seg litt i medvitet (eller, gud forby, blir ein ny normal), risikerer ja-partia potensielt at argumentet om samhald og medverknad framstår litt mindre akutt. I meir normale tider har Danmark klart å arbeide seg rundt dei grensene forsvarsatterhaldet set. Kan det å røyste nei til endring gje veljarane høve til å uttrykkje eit håp om å halde fast når alt anna er i spel?