Danmark: Først dagpengane, så alt anna

Av | 9. november 2015

Kan du hugse nokre år tilbake, til tida då Helle Thorning-Schmidts (Socialdemokraterne) sentrum-venstre-regjering etter eiga utsegn gjekk «reform-amok»? Eg veit ikkje om dette er ein permanent tilstand og/eller yrkesskade hjå danske politikarar, men der Thorning-regjeringa kjempa igjennom reform av trygdesystemet, arbeidsmarknaden og folkeskulen, har etterfølgjaren, Venstres Lars Løkke Rasmussen, nett no hendene fulle med ei rekkje viktige reformer og politiske forlik. Det skal tingast fram ein budsjettavtale for neste år, Venstre har fått med seg SF og Alternativet på ei ny skattereform for grøn oppussing, lågare stønadssatser for innvandrarar er gjeninnført,  statsborgarskapsreglane skal verta strengare og høgare utdanning skal også gjennom omfattande omstilling.

Det er to hovudgrunnar til at Løkkes i utgangspunktet parlamentarisk svake regjering har hatt såpass små problem med å få gjennomført politiske saker, og dei heng i hop. Den eine er at Socialdemokraternes nyvalde leiar, Mette Frederiksen, openberrt har bestemt seg for å vere imøtekommande. Om noko har opposisjonsleiarens politikk flytta seg endå nærmare Venstre sidan folketingsvalet i juni, og og S verkar å bestemt seg for å «forhandle regeringen ud af kontorene», som det heiter. Det leier meg til den andre grunnen – forhandlings- og forliksvilje i praksis – nemleg den nye semja mellom Socialdemokraterne, Venstre og Dansk Folkeparti om eit nytt dagpengesystem.

Dei tre store partia fekk verkeleg hastverk med å rydde saka av bordet då eit regjeringsoppnemnd ekspertutval la fram tilrådde endringar i dagpengesystemet i midten av oktober. Førre justering – avkorting av ytingsperioden frå fire til to år og dobling av gjenoppteningstida – førte til at langt fleire mista dagpengeretten enn ein opphavleg hadde rekna med, delvis grunna eit for hastig førearbeid. Såleis var det ikkje utan ironisk snert at S, V og DF nytta knappe tre dagar på å bestemme korleis ein skulle unngå å gjere dei same feila ein gang til,men det er altså difor ein har tid og politisk kapital til å gjere opp om alt det andre no. Det er og verd å merke seg at DF, som etter kvart stod fram som einaste borgarlege parti som ville endre avtalen frå 2010, var dei som føreslo å nytte dagpengesystemet som salderingspost for framtidige utgifter i utgangspunktet. Veljarane festa likevel lit til partileiar Kristian Thulesen Dahls botsgang over midten for å love forbetringar saman med SF under valkampen, og DF fossa fram ved valet.

Om han braut løftet eller ikkje, kan diskuterast. Ifølgje den nye avtalen mellom S, V og DF skal det no verta lettare å tene opp ny dagpengerett, i og med at sjølv særs få arbeidstimar skal utløyse forlenga rett til ytingar. Her kjem og DF og Socialdemokraternes krav om å setje av meir pengar til dagpengesystemet inn. Forlikspartia innfører samstundes tre karensdagar i året, noko som vert seld som moderat, ettersom ekspertutvalet føreslo heile åtte dagar. Meirkostnaden skal mellom anna nyutdanna på dagpengar betale. Deira ytingsnivå vert redusert meir enn utvalet føreslo, utan at det har resultert i ramaskrik frå partia som står utanfor forliket.

Der sprikar elles kritikken: SF og Enhedslisten er misnøgde med karensdagane og ville gjerne hatt ei meir likefram forlenging av dagpengeperioden, medan høgrefløyspartia Konservative og Liberal Alliance står utanfor forliket fordi kutta etter deira meining ikkje går langt nok å i knesetje prinsippet om at «det skal lønne sig at arbejde». At det liberale sentrumspartiet Radikale Venstre ikkje vart inkludert, gjer kompromisset noko nær historisk. Socialdemokraternes tidlegare regjeringspartnar ville gjerne vere med, men vart til slutt sett på gangen.

Mange beit seg merke i Mette Frederiksens ord etter valet om at dagpengesystemet burde få fleire pengar. Likevel var det vel så viktig at ho ikkje ville tvinge regjeringa i mindretal for å få det til. Både dette og det førre Folketinget har i og for seg hatt eit fleirtal som kunne pressa igjennom eit rausare system, hvis S, SF, DF og Enhedslisten ville det. Men Mette Frederiksen tenkjer framover, og vil ikkje skape presedens for å setje regjeringa i mindretal. Ho tek heller forhandlingsvegen.

Eit siste vesentleg moment er at S er opptekne av å signalisere samarbeidsvilje andsynes særleg DF. Lengst går som vanleg strategen Henrik Sass Larsen, som snakkar om ein ny allianse av «ansvarlege parti» som kan finne saman i fleire saker. Det framstår iallfall tydeleg at Socialdemokraternes strategi nett no handlar om å søkje tillit hjå borgarlege veljarar og DF-sympatisørar. Då speler det mindre rolle om S som parti høyrer heime på venstresida eller ikkje.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*