Danmark: Kven er redd for Søren Pape?

Av | 4. september 2023

I ettertid er det lett å tenkje at Det Konservative Folkepartis leiar, Søren Pape Poulsen, grov si eiga grav då han såg seg tvinga til å løyse inn auka veljarstøtte i eit statsministerkandidatur i august 2022. Resultatet kjenner me: Medan den konservative «Pape-bussen» rulla ut på vegen fall Konservatives oppslutnad frå ein topp på nesten 17% midt i august til 5,5% ved folketingsvalet i november. Socialdemokratiet lukkast over all forventning med å demonisere partiets «kongeblå» skatteplan, og media avdekte kandidatens rotete privatliv, halvsanningar, faktafeil og dårlege dømmekraft. Det siste synte han også ein rause dose i talen på valnatta. Vona var vel at han skulle sleppe unna med å leggje skulda på pågåande journalistar, og elles trekkje på folks medkjensle med ein sliten og slagen mann, men orda som kom ut or munnen hans verka totalt røyndomsfornektande: Han la inn som premiss at det var absurd at journalistane hadde spurd om han vurderte å gå av («Er det et seriøst spørgsmål?»), og så gjekk han vidare til å framstille det å miste to mandat jamført med 2019-valet som – viss eg skal tolke han velvillig – slikt som skjer i politikken. Mellom dei mange kandidatane som berre nokre månader tidlegare låg an til å få ein parlamentsplass, blei det, som kanskje rimeleg er, oppfatta som li’ lovlig tonedauvt å skrive den komplette valkampkollapsen ut av historia.

Karakteristisk nok for ein partileiar i solnedgang, er hans mest imponerande politiske meritt dei siste ti månader at han framleis er leiar i Det Konservative Folkeparti. Men når ulvane er ute, kan sjølv det snuast til eit teikn på veikskap. Ein dyktig partileiar ville, i tillegg til å forstå sjølv når hans tid var komen, ha bygd opp ein etterfølgjar som uomstrideleg var sterk nok til å ta over. Men sjølv om dei færraste vel førestiller seg at Pape kan atterreise partiet, så blir han sitjande. Det skuldast truleg, i ikkje ubetydeleg grad, at dei to mest sannsynlege erstattarane, Rasmus Jarlov og Mette Abildgaard, er meir engstelege for å tape til motparten enn dei er trygge på å vinne. Eit eventuelt val mellom dei har dessutan eit ideologisk aspekt. Jarlov blir rekna til ei nasjonalkonservativ og EU-skeptisk fløy i partiet som legg vekt på innvandringsmotstand, anti-woke-retorikk og ei hard line i kriminalpolitikken, medan Abildgaard kan seiast å høyre til mellom dei «lyseblå» eller «sosialkonservative», med vekt på næringslivsvennleg grøn omstilling, familiepolitikk og økonomiske spørsmål. I grove trekk kan dette retningsvalet også oppfattast som ein dom over Pape-perioden, med Jarlov som den eventuelle framhaldskandidaten. Den borgarlege kommentatoren Rasmus Ulstrup trekkjer også fram folketingsmedlemen Mona Juul som ein mogleg kompromisskandidat, viss det to førehandsfavorittane blokkerer for kvarandre.

Du treng elles ikkje scrolle langt ned på borgarlege nettaviser for å forstå at Pape no må kjempe for si politiske framtid. Og kjempe gjer han. Han har freista å smi ein såkalla «reformalliance» mellom Dei Konservative, Liberal Alliance og Det Radikale Venstre i den økonomiske politikken; føreslått ei folkerøysting om Store bededag; og ropt frå hustaka om Venstre-leiar Jakob Ellemannn-Jensens «svig» då han gjekk i regjering med Socialdemokratiet. Men oppslutnaden rikkar seg ikkje, og no byrjar nokon kvar å miste tolmodet. I ein leiarartikkel i førre veke oppmoda avisa Berlingske, som framleis er ein tung meiningsdannar i def borgarlege Danmark, Pape til å gå av. Det som tidlegare helst var anonym kritikk av partileiaren nærmar seg dessutan no eit ope opprør. Og igjen kan Papes «arrogante facon» og sviktande fingertuppkjensle forklare eindel.

Etter folketingsvalkampen gjekk mykje av kritikken mot Pape ut på at han, i tillegg til å satse for hardt på ein personretta valkamp som viste seg sårbar når glansbiletet av hovudpersonen falma, samla for mykje makt kring seg sjølv og ein krins av lojale støttespelarar. Fremst mellom desse sto partisekretær Søren Vandsøe. Han kom ut i hardt ver alle nokre dagar etter valet, for å ha irettesett ein av partiets absolutte superveteranar i eit internt forum for å vere illojal. Grasrota var heller ikkje nøgd med skorten på sjølvkritikk og -refleksjon etter valet, og mange kjende seg ifølgje mediesaker stengde ute. For visse delar av partiet var det difor truleg berre endå eit døme på åleinegang og slett forankring då det, så godt som over natta, blei bestemt at EU-parlamentarikaren Pernille Weiss skulle nektast renominasjon. Avgjerda blei fatta av eit samrøystes sentralstyre basert på det dei omtalte som truverdige vitnesbyrd om at Weiss over fleire år hadde utsett medarbeidarar på Brussel-kontoret for grov mobbing, utfrysing og psykisk vald. Der hadde saka truleg enda viss Konservative hadde hatt ein leiar med unison tillit hjå medlemmene. Men slik har det ikkje gått. Fleire har til dømes kritisert at undersøkinga ikkje henta inn tilbakemeldingar frå Weiss’ noverande tilsette. Sjølv om Weiss truleg blir vraka som listetopp på nominasjonsmøtet i noveo, nokre veker, så skjer det saker og ting på grasrota. Uansett kan misnøya kan, om ikkje anna, nyttast som brekkstong for å svekkje Papes autoritet ytterlegare.

Og som om ikkje alt dette var nokre til å gje den hårlause partileiaren stressutløyst gråvekst, så melde føregjengaren, Lars Barfoed, seg i førre veke ut av Konservative etter 49 års medlemskap. Han passa dessutan på å slamre med døra, i det han let eventuelle interesserte vite at partiet – spesielt lokalt på Frederiksberg, men også rikspolitisk – hadde bevegd seg for langt til høgre. Barfoed sa både mellom og delvis på linjene at han var skuffa over retninga Pape hadde teke partiet, og meinte det var eit brot med partiets tradisjonar å ikkje gripe sjansen til å gå i regjering med S og V. Barfoed kjenner seg no mest heime hos Moderaterne. Ein typisk lyseblå profil som Barfoed (mest kjend for eit katastrofalt mislukka forsøk på å strekkje ut ei hand til Dei Radikale i 2011, hans einaste som partileiar) har til no verka som eit slags karaktervitne for at Papes høgrevending er til å leve med. No er det vanskeleg å sjå at Pape har nokre politiske vener att.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*