Danmark: Ellemann «skal videre» – til ein ny ministerpost

Av | 29. august 2023

Når ein nyutnemnd dansk statsråd seier at hen har fått sin «drømmejob» eller har vald posten «med hjertet», syner nyare politisk historie at det kan vere fare på ferde. Både Vily Søvndal (Socialistisk Folkeparti) og Anders Samuelsen (Liberal Alliance) realiserte gamle livsmål då dei installerte seg sjølve som utanriksministrar, i høvesvis Helle Thorning-Schmidt (Socialdemokratiet) og Lars Løkke Rasmussens (då: Venstre) regjeringar. Søvndal arbeidde seg fullstendig i senk og blei livstrugande sjuk, medan Samuelsen forsvann frå den daglege politiske debatten, mista kontakten med dei som hadde vald han og blei fråvald ved neste folketingsval. Heller ikkje Jeppe Kofod (S, utanriksminister 2019-2022) kunne veksle «drømmejobbet» til ein folketingsplass då han møtte veljarane sin dom. To andre nestorar som hadde lengta etter kontoret på Asiatisk Plads heile karrieren, Mogens Lykketoft (S, 2000-2001) og Holger K. Nielsen (SF, 2013-2014), måtte i ettertid konstatere at det var det siste dei oppnådde i regjering. I Nielsens tilfelle heldt det berre i ein dryg månad innan regjeringa rivna.

Slik var historikken då Jakob Ellemann-Jensen blei presentert som forsvarsminister i ei oppsiktsvekkjande samlingsregjering av Socialdemokratiet og dei to sentrum/høgre-partia Venstre og Moderaterne. I og med at det er ei jernlov i dansk politikk at stats- og finansministeren skal vere frå same parti, trudde dei fleste at Venstre-leiaren ville velje til dømes Økonomiministeriet, eit departement utan noko avgrensa fagområde, men med innverknad på dei overordna føringane i den økonomiske politikken. Men den tidlegare soldaten Ellemann-Jensen følgde hjarta. Økonomiminister blei den mektige, men grå bakspelaren Troels Lund Poulsen.

No byter dei plass. Det har, forståeleg nok, oppstått ein diskusjon om ikkje skiftet like gjerne kunne skjedd for tre veker sidan, då Ellemann-Jensen kom tilbake frå ein stress-relatert sjukemelding, men ifølgje hovudpersonen ville han tilbake til forsvarsdepartementet og forsøkje å få det til. Det var først etter at Venstres sommargruppemøte staka ut kursen for den kommande politiske sesongen i førre veke, at Ellemann-Jensen ombestemte seg: «Af kærlighed til Venstre», som treng ein leiar som til fulle kan fylle, og fylle ut, partiets plass i regjeringa. Og «af kærlighed til Forsvaret», som i Troels Lund Poulsen får ein arbeidshest som kjenner saksfeltet godt. No blir det hans oppgåve å handtere ein parade av kompliserte, og potensielt belastande saker, frå rotnande infrastruktur og sløsekultur og rydde opp i eit ustyrleg embetsverk, Dessutan skal forhandle ferdig og gjennomføre eit enormt, tverrpolitisk forsvarsforlik i fire delar med potensielt skiftande fleirtal, sikre Danmark ein plass langt framme i køa av land som tingar nytt forsvarsmateriell, og rigge Forsvaret til å handtere nye oppgåver, meir personell og auka aktivitet. Lund Poulsen såg då heller ikkje nett overlukkeleg då han fekk nøklane attende frå ein mann som jo, målt i arbeidsdagar, er den forsvarsministeren i nyare med kortast fartstid.

Nye Borgerliges leiar, Pernille Vermund, seier beint fram at Ellemann-Jensen forlet forsvarsdepartement for å slippe ansvaret for at han – i fleire omgongar – gav Folketinget villeiande opplysningar om artillerikjøp frå eit omstridd israelsk selskap, noko hovudpersonen sjølv avviser. Men faktum er like fullt at det parlamentariske ansvaret for oppfølginga av den saka no ligg hjå Lund Poulsen, som på minneverdig vis allereie har understreka at eventuelle synder blei begått før hans tid.

Ellemann-Jensen kjem til vervet frå eit departement der han til slutt ikkje kunne lite på sine eigne embetsfolk. Men viss eg skal dømme etter kor nedlatande hans nye arbeidsplass blir omtalt, burde han starte første arbeidsøkta med ein pep talk. Ekstra Bladets røynde politiske kommentator Hans Engell har, truleg halvt på skjemt, skildra ein arbeidskvardag der statsråden kan ta seg tid til å kike på fuglane over sundet til Christiansborg, og frå tid til annan ringje Danmarks Statistik og høyre om det er noko nytt (sitert etter minnet**). Engells poeng er at Ellemann-Jensen får meir tid til å vere partileiar når han no styrer eit departement utan eit arbeidskrevjande og definert fagområde. Til kvardags styrer økonomidepartementet seg sjølv.

Den ekstra tida Ellemann-Jensen etter planen bruke til turnere bakland og strand, grasrot og grunnfjell rundt (både med og utan kollegaene frå S og M) for å forankre Venstres plass i regjeringa og marknadsføre politiske gjennomslag. Det bør vere overkomeleg. Dei som etterlyste tydelege bodskapar i samband med returen frå sjukefråveret, fekk svar på tiltale: I eit fellesintervju med Mette Frederiksen og Lars Løkke Rasmussen kunne han presentere eit paradigmeskifte i den økonomiske politikken. Framover skal det ikkje handla om kor mykje pengar ein kan løyve, men korleis ein skaffar den naudsynte arbeidskrafta, slik Venstre lenge har ivra for. Regjeringas sine framlegg om ein meir næringslivsretta utdanningspolitikk peiker tilsvarande i Venstre-lei. I eit anna intervju har Ellemann-Jensen dessutan varsla at når regjeringa legg fram forslag til eit nytt skatteforlik, kjem det til å innehalda ekstra skattelette i tillegg til dei fem milliardane som er skrivne inn i regjeringserklæringa frå før.

Ellemann-Jensen veit kva han gjer når han byggjer opp forventningane på denne måten. Dei tre regjeringspartia hadde kvar sine erklærte grunnar for å gå saman: Socialdemokratiet såg kriser kring kvart hjørne og Moderaterne ville isolere ytterpunkta på båe sider, men frå Venstre-leiaren let det heile vegen at partiet å gå inn og påverke, fordi ei kraftig redusert borgarleg blokk hadde oppløyst seg sjølv i intern krangel. Analysen var at Venstre til og med kunne få til meir borgarleg politikk i samarbeid med S enn med dei andre borgarlege partia. Og han er ikkje blitt mindre overtydd med tida. I intervjuet der han lovar nye skattekutt, stengjer han permanent døra til partia til høgre. Med nasjonalikonet Egon Olsens ord slår han fast at «[Venstre] skal ikke hjem. Vi skal videre.». Det er som om han seier at dei som eventuelt er misnøgde med samarbeidet med arvefienden Socialdemokratiet, anten får ta til orde for å avsetje han eller setje seg ned og halde kjeft. Mange har hevda at exiten frå forsvarsministerposten synte at Ellemann-Jensen ikkje er hardfør nok til å vere statsministerkandidat. Men han har iallfall fått ein skarpare profil som leiar i Venstre.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*