Danmark: Murphys lov eller Matteus’ effekt?

Av | 18. april 2023

Det finst ikkje nokon demokratisk instans som fordeler byrdene jamt ut over den politiske landskapen i Danmark. Medan Socialdemokratiet og Venstres veljarstøtte har rast etter fire månader i regjering, har regjeringspartnaren Moderaterne meir eller mindre halde stillinga, trass i at dei vert dømde på den same, tilsynelatende upopulære politikken. På liknande vis irriterer det openbert Venstre å bli skulda av Dei Konservative for å ha gjeve etter for S, når K sjølv sat i vekelange regjeringstingingar. Eller spør Enhedslisten kva ein der i garden meiner om at SF verkar som flugepapir på misnøgde sosialdemokratar, når EL heile vegen har vore skarpare i kritikken av regjeringas politikk.

For Venstre har det meste gått på tverke etter at regjeringa kom til makta. Partileiar Jakob Ellemann-Jensen lukkast med å forankre den uortodokse samarbeidskonstellasjonen, men både i og utanfor partiet starta kritikken nesten omgåande. Venstre fekk det meste i første bølgje av kritikken mot framlegget om å avskaffe fridagen Store bededag, og dei som frå før undra seg over at han valde forsvarsministerposten fekk vatn på mølla når forhandlingane om forsvarsforliket hamna i ei blindgate. Tidleg i mars måtte Jakob Ellemann melde seg sjuk med ei alvorleg stressliding. To månader seinare er Troels Lund Poulsen flytta over som mellombels forsvarsminister og politisk leiar, medan partiets nestleiar, den røynde og mektige regionpolitikaren Stephanie Lose, skjøtter organisasjonsarbeidet og Lund Poulsens opphavlege plikter som økonomi- og næringsminister. Nyleg synte ei meiningsmåling rett nok at denne duoen er regjeringas meste populære statsrådar (1), men oppslutnaden til Venstre har halde fram med å falle. Utetter er det tydeleg at den offisielle linja er at partiet er i trygge hender medan Jakob Ellemann kjem til hektene att, men det finst også røyster som ventar meir utolmodig på ei avklaring om partileiarens framtid. Slik sjukdom treng tid til å lækjast, og det kan umogleg vere til hjelp at Ellemann stendig får tilrop om at han må skunde seg attende – for Venstres skuld.

Og når me inne på meiningsmålingar som må vera deprimerande lesing på dei kantar, så er tilliten til regjeringa på søkkande kurs. Det kan vise seg å bli endå meir alvorleg enn oppslutnaden frå månad til månad, fordi ei oppfatning om at regjeringa ikkje har folks beste i tankane kan byggje opp ein skepsis som kan stå i vegen for gjennomslag hjå veljarane, uansett kva politikken som bli ført. Den førre sosialdemokratiske koalisjonsregjeringa (2), med Helle Thorning-Schmidt som statsminister (2011-15) – er eit nærliggjande døme. Den regjeringa sleit nesten heile regjeringsperioden med å kvitte seg med stempelet som ei «løftebrudsregering». Hjå Socialdemokratiet har ikkje minst tilhøvet til fagrørsla lide under bededags-bråket. Kommande pensjonsforhandlingar lover ikkje nett godt for at Mette Frederiksens kjerneveljarar skal møte framtidige utspel med eit ope sinn. Og no er det til og med tilløp til misnøye internt i folketingsgruppa. (3)

Tru om ikkje Mette Frederiksen kastar nokre misunnelge blikk i Moderaternes retning? Lars Løkkes nykommarparti kom inn i regjeringa som vinnarar – og ifølgje gjengs analysar mot Venstres vilje fordi Konservative og SF takka nei til ei fleirtalsregjering – og det har på kort tid lært seg å oppføre seg som vinnarar. Som nok eit døme på at medgang avlar medgang, har Moderaterne kunna skake av seg fleire dårlege saker som utan tvil ville råka V eller S: Den nyvalde folketingsmedlemmen Kristian Klarskov måtte trekkje seg etter at det kom fram at han hadde overdrive sine verksemdsmessige meritter. Til og med sakene knytt til partiets utanriks- og kulturpolitiske talsperson, Jon Stephensen, ser ut til å blåse over. Frå tida som teaterdirektør har Stephensen vorte skulda for alt frå å ha forfalska ei underskrift til å presse ein sjuk ung skodespelar til å gå på scenen og å nytte seksualiserande bilete til marknadsføring mot skodespelaren si vilje, men Moderaterne har halde hardt på at han berre skal dømmast etter jobben han gjer i Folketinget. Løkke veit at Stephensens mandat er viktig for fleirtalsregjeringas vidare liv, og som røynd motgangspolitikar veit han at han kan overleve det meste viss han berre er sta nok. At S og V oppfattar slikt som ei kosmisk urettvise, plagar neppe Løkke nemneverdig. Her har han dessutan fått betalt for at han heile vegen har seld Moderaterne som eit parti av og for vanlege folk, med vanlege (uperfekte) liv før dei gjekk inn i politikken. Parallelt med sitt politiske liv Løkke også oppretta «Løkke-fondet» som skal hjelpe ungdommar som har falle utanfor, og det er som om Moderaternes brokete flokk liksom stadfestar rausheita. Den tel ein gatejurist med med påstått mangelfulle people skills, ein sexistisk gründer og ein advokat i gjentakande klammeri med yrkesetikknemnda. Inntil vidare klarer Moderaterne seg klart best av regjeringspartia.

Men den såkalla «matteus-effekten» er også synleg i opposisjonen. Medan dei i Nye Borgerlige sikkert har notert seg bibelordet om at han som har lite skal miste sjølv det vesle han har, kan Liberal Alliances Alex Vanopslagh konstatere at han som alt har mykje, skal få i overflod. Det må kjennest som om han kan gå på vatnet: Sjølv om det midt i valkampen blei avslørt at han hadde brote reglane for pendlarbustad til folketingsmedlemmer, opp nådde LA sitt beste val nokon gong. Etter valet, då Vanopslagh har blitt pålagd å betale attende fleire titals tusen kroner, har oppturen i meiningsmålingane gjort LA til landets største borgarlege parti. Det er heller ikkje sanksjonar på veg frå Folketinget, ettersom sosialdemokraten Simon Kollerup ikkje blei meld til politiet for ei liknande sak for nokre år sidan.

Både Løkke og Vanopslagh veit av erfaring at framgang kan vere flyktig. Hugleiken mellom regjeringspartia stikk ikkje djupare enn dei såre kjenslene mange i Venstre framleis har for sin gamle leiar. Løkke og Stephanie Lose er dessutan gamle fiendar som no skal dele makta i lag. Viss Løkke blir for sigerstrygg, kan prisen bli nye problem for regjeringa (4). På same måten må Vanopslagh balansere ønskjet om å påverke regjeringas politikk med å vidareføre dei spede forsøka på samarbeid mellom dei borgarlege.

***

(1) Berlingske, 07.04.23.

(2) Socialdemokratiet, Radikale Venstre og Socialistisk Folkeparti skipa ei mindretalsregjering etter folketingsvalet i 2011. I januar 2014 trekte SF-leiar Annette Vilhelmsen partiet ut av regjeringa etter eit grasrotopprør mot at investeringsbanken Goldman Sachs fekk kjøpe ein tredjedel av aksjane i det statlege energiselskapet DONG (i dag: Ørsted). Socialdemokratiet og Radikale Venstre styrte vidare i tosemd fram til folketingsvalet i 2015 ga borgarleg fleirtal.

(3) «Uroen ulmer i dele af den socialdemokratiske gruppe», Dagbladet Børsen, 09./11.04.23.

(4) Venstre tillit til Løkkes blei neppe styrkt av at sonen, Bergur Løkke Rasmussen har meld seg ut av Venstre, og med det blitt Moderaternes første medlem av EU-parlamentet. Han overtok plassen då to Venstre-representantar blei kalla heim til å sitje i Folketinget etter at V og M hamna i regjering i lag. Bergur Løkke Rasmussen skal få månader før partibytet ha lov at han kom til å bli verande i Venstre.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*