Dansk politikk slit ut politikarane sine

Av | 7. februar 2023

Å vera politikar er eit hardt liv. Denne setninga kan du knappast skriva utan å verta mistenkt for å meina det ironisk, men for meg er det berre ei konstatering. Til liks med i Noreg har dei i Danmark, så langt eg kan vurdera, i hovudsak politikarar på alle nivå som gjer dei skal og meir til, drivne av ideologisk overtyding og vilje til å få ting til å skje. Tysdag kveld fekk ålmenta diverre del i endå eit døme på at dansk politikk slit ut yrkesarbeidarane sine.

Jakob Ellemann-Jensen er sjukmeld frå verva som forsvarsminister i Mette Frederiksens sentrumsregjering og leiar i Venstre på ubestemt tid. Den siste tida har slitt på helsa, fortel han på Facebook, og etter eit tilfelle førre veka han blitt tilrådd å lytte signala om at kroppen treng kvile, «hvis det ikke skal gå galt». Meldinga møter ønskje om god betring og ros frå høgre til venstre for at han er open om det som er skjedd. I Ellemanns fråver skal næringsminister Troels Lund Poulsen doble som forsvarsminister, medan Venstre-nestleiar Stephanie Lose, ein markant regionpolitikar, tek over partileiarpliktene.

Beskjeden kjem på eit ugreitt tidspunkt, nett i det forhandlingane om forsvarsforliket tek til. Når regjeringa komme så dårleg frå start, skuldast det ikkje minst ein bodskap Ellemann har vore fremste bodberar for: Ein ny og trugande tryggingssituasjon krev større løyvingar til Forsvaret, og desse pengane skal mellom anna hentast inn ved å avskaffe fridagen Store Bededag. Regjeringa ville opphavleg setje som føresetnad forhandlingane at partane aksepterer å kople bededagskuttet til forsvarsfinansiering, men etter at ein samla opposisjon føreslo eit alternativ, byrjar forhandlingane utan eit slikt direkte «kryds», som dei heiter på departementsdansk. Trass i folkelege protestar og motsegner frå såvel kyrkjeliv som fagrørsle og regjeringspartias grunnfjell og koryfear, tyder alt likevel på at 2023 hyser historias siste bededag. Saka har gått hardt utover oppslutnaden til Venstre og Socialdemokratiet, og det er naturleg å tenkja at dette presset, kombinert med mykje reising som forsvarsminister, er ei medverkande årsak til at det heldt på å gå heilt gale for Jakob Ellemann-Jensen.

Dei siste åra har gjort det tydeleg at det ikkje berre er statsrådane som går i rovdrift. Anten symptoma er fysiske, psykiske eller begge på ein gong, har det også vore ei rekkje folketingsmedlememr som over tid har måtta sjukemelde seg, ofte etter å ha arbeidd seg heilt i senk. Ida Auken (S) var sjukepermittert frå folketingsvervet i lengre tid grunna stress då ho framleis representerte Radikale Venstre. Karsten Lauritzen (V) og Liberal Alliances Alex Vanopslagh har også fortelt om korleis idealisme, enorme og spennande arbeidsoppgåver og redsle for å falla gjennom eller «svike» venner, kolleger og veljarar, dreiv dei inn i depresjon. I boka Fartblind (2023) skildrar Socialistisk Folkepartis Jacob Mark korleis ein liknande cocktail av giftige omstende var nær ved å koste han synet: Han hadde ignorert dei alvorlege stress-symptoma så lenge at han kunne vorte blind.

Det har ikkje skorta på ambisjonar om å redusera arbeidspresset; så seint som ved haustsesjonens start i 2021 tok Mette Frederiksen til orde for å «ændre arbejdskulturen på Christiansborg». Fleire endringar er tenkjelege: På regjeringsnivå kunne statsrådane verta styrkte med statssekretærar slik me kjenner frå Noreg. I Folketinget er det openbert trong for å endre praksisen med såkalla samråd, ein mindre forpliktande form for komitehøyring, som tek enormt mykje tid frå både regjeringa og folketingspolitikarane. Ein meir omstridd moglegheit er å auke talet på politiske medarbeidarar i partigruppene. Nokon vil kanskje trekkje fram at kravet om å vere tilgjengeleg for veljarane i den tidvis aggressive debatten i sosiale medium, kan stele både tid og arbeidsglede. Men korleis desse strukturelle problema kan løysast, er eg sjølvsagt ikkje rett mann til å svare på.

Dansk politikk har uansett godt av at ein open samtale om sine eigne skuggesider. Det er ikkje for tidleg. Då Henrik Sass Larsen måtte sjukmelde seg med stress i 2018, minte reaksjonen i delar av dansk media mest av alt om korleis mange latterleggjorde Kjell Magne Bondeviks depresjonsdiagnose då han statsminister i sentrumsregjeringa. Det var i 1998. Vitnemåla frå folketingspolitikarane må ha kosta mykje, men har lagt grunnlaget for eit meir mogent ordskifte.

Me får håpe at Jakob Ellemann-Jensen kjem sterkt tilbake, og at Troels Lund Poulsen ikkje sjølv blir utbrend av å skjøtte to statsrådspostar ei tid.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*