Er Nye Borgerlige berre Dansk Folkepartis farmerlag?

Av | 22. februar 2023

Analysar av korleis Dansk Folkeparti gjekk frå vera nest størst til å verta Folketingets minste parti i løpet av berre to valperiodar legg oftast særleg vekt på to ting: Den eine er at partiet ikkje insisterte på å ta ansvar etter å ha fått meir enn kvar femte røyst i 2015; dinest at den eviglange saka om mistenkt misbruk av partistøtte frå EU vengeklypte yndlingen Morten Messerschmidt og på sikt bidrog til å felle partileiaren Kristian Thulesen Dahl. Men ein tredje faktor fortener å nemnast. Parallelt med at Thulesen Dahl forvalta mandatet frå veljarane til å tenkje høgt om eit mogleg framtidig regjeringssamarbeid med Socialdemokratiet og såleis legitimerte Mette Frederiksens hamskifte i asyl- og innvandringspolitikken, fekk DF ein konkurrent til høgre for seg. Til dei DF-arane som ikkje ville vera med inn mot sentrum tilbaud Nye Borgerlige ein rankt kongeblå økonomisk politikk, kombinert med at udlændingepolitikken var endå strengare enn DFs.

Over tid har det likevel vist seg at NB gjer det best mellom val. Partiet låg så høgt på meiningsmålingane året før at 2,4% var eit skuffande resultat i 2019. Og sjølv om det lukkast i å fange opp mykje av misnøya med coronarestriksjonane når innvandringsspørsmålet forsvann nedover på veljarane si prioriteringsliste i førre valperiode, stoppa Nye Borgerliges oppslutnad ved valet i november 2022 på moderate 3,8%, ein framgang på to mandat. Alt som har skjedd sidan då har stadfesta ei kjensle av at pendelen no svingar i Dansk Folkepartis retning.

Det byrja allereie dagen etter valet. I partileiardebatten på Publicistklubben kunne DF-leiar Morten Messerschmidt sjølvironisk konstatere partiets folketingsgruppe var like stor, sjølv om det mista ti mandat. Etter at eit koppel av folketingsmedlemmer gjorde kollektivt mytteri frå DF til Danmarksdemokratane i tida etter at Messerschmidt tok over skuta, sit han no att med ei lita, men grunnleggjande lojal samling av folk, som for første gong på mange år verkar innstilt på å dra i same retning. Samstundes som Messerschmidt synte overskot og optimisme, kokte det under overflata i Nye Borgerlige. Noke dagar seinare melde ein av veteranane, Mette Thiesen, seg som partilaus. Forholdet til partileiar Pernille Vermund hadde skranta i lang tid, og no toppa det seg med ein voldsepisode mellom NB-folk på partiets valvake.

Etter valet var det ikkje heilt lett å bli klok på kva strategi Pernille Vermund hadde. Arbeidet med å samla den borgarlege opposisjonen i valkampen blei strukke til eit nesten absurd yttarpunkt i dei lange vekene med regjeringssonderingar, i det Nye Borgerlige enda opp med å trygle erkefienden Radikale Venstre om hjelp til å avskilte Mette Frederiksen. Også her verka DF meir komfortabatelt med situasjonen. Messerschmidt lovde veljarane at DF no var eit utvitydig borgarleg parti, men samstundes «den sociale samvittighed i blå blok». For å halda seg relevant vart det formelt verande i regjeringsforhandlingane heilt til Mette Frederiksen låste døra. Logikken er dessutan til å forstå: DF er part i ei lang rekkje forlik som skal nyforhandlast i tida som kjem.

I periodar var det faktisk ikkje Messerschmidt, men tidlegare finanspolitikar Rene Christensen som representerte DF i forhandlingane. Christensen er førstedømet på dei lojalistane partileiaren har kringom seg, no også som nestleiar. Den posisjonen fekk han mellom anna fordi partiet trong ein røynd parlamentarikar til å trå inn som leiar dersom Morten Messerschmidt blei nøydd til å gå av. Eit slikt scenario var som kjend ikkje berre spekulativ tidtrøyte for kommentatorar; like føre jul fall dommen i rettssaka der DF-leiaren var tiltalt for dokumentforfalsking og misbruk av partistøtte frå EU. Sakas tragikomiske ferd gjennom rettssystemet – ei uakseptabelt omstendeleg etterforsking, avløyst av ei første rettsrunde som vart annullert fordi dommaren hadde gjeve ut-trykk for DF-kritiske haldningar i sosiale medium – resulterte i ei overraskande dobbel frikjenning (sjølv om den også har blitt kritisert frå fleire hald) når den kom opp på nytt.

Vel eitt år ut i leiargjerninga er det først no Messerschmidt kan ta kontroll over partiet med ein autoritet som står til hans ikkje just smålåtne sjølvtryggleik: Rettssakene kan vise seg nyttige både som dolkestøyttmyte og som utskytingsrampe for EU-kritikk, og han veit at dei som har halde ut i partiet heilt til no, nødvendigvis er botnlojale folk.

Messerschmidts nye start er likevel ikkje det einaste uføreseielege tverrkastet på høgresida. Omtrent samstundes som påtalemakta avslo å anke Messerschmidt-dommen og Mette Thiessen innleidde eit slags samarbeid med DF, kunngjorde Pernille Vermund at ho ville trekkje seg som partileiar. Og sjølv om ho rett nok hadde signalisert før at politikken ikkje var hennar permanente karriereveg, kom den som eit sjokk både på partiet og andre iakttakarar. Som medgrunnleggjar* har Vermund på mange måtar inkarnert Nye Borgerlige, og i tvilstilfelle er det ho som har lagt partiets politiske linje. På den måten liknar rolla hennar langt på veg den Inger Støjberg speler i Danmarksdemokraterne, eller Lars Løkke Rasmussens for Moderaterne. No er spørsmålet om Nye Borgerlige har nokon som kan halda partiet samla også utan Vermund ved roret?

Førebels er det korte svaret nei. Ideologisk har partiet heile tida romma ei potensiell spenning mellom dei som legg mest vekt på den nasjonalkonservative verdipolitikken (ikkje minst ein særs streng asylpolitikk, ofte ispedd harde åtak på islam) og dei som er mest motiverte av liberalistisk økonomisk politikk (ofte supplert med ein libertariansk skepsis til vera seg statleg overvaking eller obligatoriske vaksineprogram). Når ein no mangla ein opplagt arvtakar etter Pernille Vermund, såg somme føre seg eit slags retningsval mellom nyvald folketingsmedlem Mikkel Bjørn Sørensen som dei nasjonalkonservative sin kandidat og parlamentarisk leiar, Lars Boje Mathiesen, som representant for liberalistane. Uansett om ei slik oppdeling var rettvisande eller ikkje, så skulle det ikkje gå slik.

Etter å ha tenkt seg om nokre dagar melde Mikkel Bjørn seg til teneste i Dansk Folkeparti i staden. Kan hende fekk Morten Messerschmidt medynk med Lars Boje Mathiesen, mannen som no per automatik stod att som påtroppande leiar for Nye Borgerlige? Nett slik Messerschmidt opplevde då han vart DF-leiar, måtte Lars Boje no sjå ei allereie tynn folketingsgruppe skrumpe ytterlegare. Samstundes flykta folk i baklandet; bystyreprofilen i København, Niels Peder Ravn, hadde allereie gått over til Dei Konservative, og leiar og nestleiar i ungdomspartiet følgde etter Mikkel Bjørn til DF. Der har omsider også Mette Thiesen funne ein ny heim, sjølv om det kanskje trengs nokre liter dialogkaffi for å reinse lufta mellom Thiesen og DF-veteranen Pia Kjærsgaard (førstnemnde er nemleg «dum som et bræt», sågar «virkelig, virkelig dum» ifølgje eit nokre år gamalt lydopptak frå eit gruppemøte i DF). Eg er freista til å kalle Nye Borgerlige for eit «farmerlag» for Dansk Folkeparti. Omgrepet kjem frå idretten og syner til ein mindre klubb som får i oppgåve å dyrke fram talent som den større klubben kan ta over når dei er mogne for det. Til gjengjeld kunne Nye Borgerlige sikkert ønskt seg ein variant av vidaresalsvederlag, som talentutviklarklubben får når spelaren avanserer i gradene.

Det syner ikkje att i meiningsmålingane enno, men denne rekkja av lukkelege omstende har gjort Morten Messerschmidt merkbart meir offensiv på sine eigne og partiets vegner i det nye året. I samband med frifinninga i desember blei han bede om å sjå framover, og då sa han mellom anna at han såg fram til å «handtere» Danmarksdemokraterne. Inger Støjbergs utkantsparti har stole både politikarar, veljarar og delar av politikken sin frå DF, og skal DF vekse seg store att, må det kappe beina av DD. I helga gjekk EU-parlamentarikar Anders Vistisen, entusiastisk sekundert av Messerschmidt, laus på Støjberg som ein løgnar som undergrev tilliten til demokratiet, så tida for kryptiske bodskapar er openbert over.

Over er også perioden då DF såg seg over skuldra etter giftige bakhaldsåtak frå Nye Borgerlige. Lat gå at Messerschmidt sikkert kjende seg krenkt i si borgarlege sjel over at Lars Boje Mathiesen kommenterte Mikkel Bjørns DF-overgang ved å kalle han for «socialdemokrat»; viss NB har injurierande kraft på dette tidspunkt, snakkar me nok helst om sjølvskading. Lars Boje innleiide leiargjerninga med å ta åtet når journalistane ville ha han til å forklare kvifor han trur på konspirasjonsteoriane om Verdas Økonomiske Forum som ei verdsomfemnande skuggeregjering, og innan den nyvalde nestleiaren Henrikke Ergemann rakk å trekkje seg botaniserte media i gamle innlegg som spente frå det kuriøse (ho hevda at menstruasjonssyklusen hennar vart påverka av å vera i same rom som covid-19-vaksinerte) til det beint fram urovekkjande (ho skulda Unicefs Karen Hækkerup for å stø ein vaksinepolitikk som tok livet av ungar, og hevda at dåverande helseminister Magnus Heunicke fekk insjisert falsk vaksine for å løyne den farlege sanninga om vaksinane). Bojes opphavlege svar torer vere attkjenneleg for eit norsk publikum: «De ord havde jeg ikke valgt.» No står Nye Borgerlige utan ein nestleiar, men skaden er truleg allereie skjedd.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*