Eit reelt – og veldig alternativt – Alternativ

Av | 11. juni 2015

Med ei veke att av valkampen ligg det meste til rette for at administrasjonen i Folketinget må finne grupperom til eit nytt parti. Alternativet vart skipa av Uffe Elbæk ei tid etter at han gjekk av som kulturminister i Helle Thorning-Schmidts sentrum-venstre-regjering, etter urettmessige skuldingar om at han skal ha lagt fleire arrangement til ein plass driven av mannen hans. Slik det ofte er i nyare dansk politisk historie, braut Elbæk ut av Radikale Venstre, det sosialliberale partiet som idag deler regjeringsmakta med Socialdemokraterne. Elbæk ønskte seg eit parti som var grønare og raudare enn Radikale, og som kunne utvikle politikk på ein heilt annan måte.

I så måte må ein kunne seie at han har lukkast. Partiprogrammet framstår som ein enorm dugnadsinnsats, og det liknar ikkje på noko styringsdokument eg har sedd frå andre parti i dansk politikk. Med sine vidløftige draumar om eitt hundre prosent økologisk landbruk, kjøtfrie dagar og tredvetimars arbeidsveke, liknar det faktisk ikkje på eit styringsdokument i det heile, bortsett frå i kapitelinndelinga. Og her ligg kanskje noko av nøkkelen til Alternativets suksess. Partiet har lege over Danmarks (låge) sperregrense på 2% sidan valkampen starta, og sjølv om feilmarginane er viktige atterhald for så små parti, tyder mykje på at oppslutnaden har auka undervegs. I takt med at dei «gamle» partia har slege kvarandre i hovudet med tal og at rekneskapen ikkje går opp, har Elbæk fått fleire følgjarar, eller iallfall fleire som vil opne øyro for kva han har å seie. Tendensen har vore så konsekvent at valmagasinet Situationsrummet har gjort det till ein løpande spøk at kvar gong den borgarlege debattanten Jarl Cordua latterleggjer Alternativets økonomiske politikk og -tenking, så strøymer det endå fleire veljarar inn i Elbæks rekkjer. Valkampen har vore prega av at skuldingar frå hovudmotstandarane har flydd i båe retningar, og det har fløyma over av småleg asylkrangel, reknestykke om «overbetalte» trygde- og sosialhjelpsmottakarar og lovnader om nullvekst eller krymping av offentleg sektor. I denne føreseielege – og veldig tradisjonelle – debatten, har Alternativet vore flinke til å halde merksemda på sin eigne, for ikkje å seie særeigne, saker.

I prinsippet er Alternativet eit parti som strekkjer seg over blokkgrensene, men ser ein på kvar dei henter veljarane sine frå, vert det tydeleg at sentrum-venstresida har gjort seg avhengig av at Elbæks soldatar kjem over sperregrensa. Liste Å stel titusenvis av veljarar særleg frå Enhedslisten, Socialistisk Folkeparti og Radikale Venstre. Faktisk er gruppa «nye veljarar» berre femte største, ifølgje ei oversikt i avisa Berlingske. Får Alternativet meir enn 2% av røystene på valdagen, utløyser det minst fire mandat, og målingane tyder på at dt kan verte fleire. Hamnar dei derimot like under, er det janmgodt med å trekkje teppet vekk under Thornings draum om å halde fram som statsminister. Offisielt er vel Alternativets kandidatar for idealistiske til å erkjenne at dei gjer seg slike tankar, men det må uansett svirre ein stad langt bak i hovudet. Difor veit korkje «raud» eller «blå» blokk heit korleis dei skal halde seg til partiet. Dei borgarlege kan håpe at open kritikk gjev veljarane kalde føter, men det kan som sagt også skyfle fleire veljarar i Alternativets veg. Sentrum-venstres beste bod er truleg å sitje stille i båten og håpe at partiet klarer seg på eiga hand.

Viss vi for argumentets skuld føresteller oss at det vert fleirtal for sentrum-venstre-blokka, kan det verte nokre interessante år. Då har Socialdemokraterne og Radikale to val: Dei kan føre ein fargerik blokkpolitikk til venstre og freiste å einast om statsbudsjett og andre avtalar den vegen. Eller dei kan køyre slalåm i folketingssalen, mumle om trongen for «stabilitet» og «brede forlig» og halde fram med å gjere opp om dei store pengane med dei som svinger taktstokken i borgarleg blokk. Dersom inneverande periode er ein indikator, så er en kombinasjon, kor saker som klima, samferdsle og deler av sosialpolitikken vert løyst med venstresida, medan hovudtrekka i økonomisk politikk forhandlast på plass med dei borgarlege, eit sannsynleg scenario.

Då vert det aller mest interessante kanskje kor mykje det er att av optimismen til Alternativet når neste valperiode er omme.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*