Før den nye samlingsregjeringa kan skipast må Ellemann stogga grasrotopprøret mot midten

Av | 12. desember 2022

I kveld er det kalla inn til ekstraordinært sentralstyremøte i Venstre (V). Her kjem partileiar Jakob Ellemann-Jensen etter å dømme til å presentere regjeringserklæringa som er tinga fram mellom V, Socialdemokratiet (S), Moderaterne (M) og Det Radikale Venstre (R). Framleis er det mykje me ikkje veit: Skal R og M vere med i ei fleirtalsregjering? Blir det ei knapp fleirtalsregjering med S, V og M, med R som støtteparti? Blir både R og M att utanfor? Me veit av naturlege årsaker heller ikkje noko om ministerpostar, men når det gjeld politikken ei slik regjering kan tenkjast å føre har med i det minste fått nokre peilemerke. (Det kjem me attende til.)

Viss me legg til grunn at Venstre-toppane til slutt gjev tommel opp til Ellemann, kan me likevel konstatere at ei slik regjering får ein trong fødsel. Venstre-leiaren har freista preparere ålmugen og grasrota ei tid, ved å ope erkjenne at han bryt eit valløfte viss blir statsråd i Mette Frederiksens (S) regjering. Men å snakke i overordna termar er ein ting. Reaksjonen då Ellemann i går endeleg fortelte at V har tinga vekk kravet om ei uavhengig advokatvurdering av statsministerens rolle i saka om grunnlovsstridig masseavliving av mink, var truleg kraftigare enn han hadde sett føre seg. Nokre timar tidlegare hadde Lars Løkke Rasmussen, leiar for Moderaterne, sagt det same. Det hjelpte openbert ikkje Ellemann. Moderaterne gjekk, i motsetnad til V, til val på ei blokkoverskridande regjering som liknar på den som no kjem, og kan difor prøve å framstille minksaka som eit forhandlingskort dei løyste inn i noko anna. I Venstre står det lysande klart at mange, frå toppen og nedover, er rede til å nytte denne saka som utskytingsrampe for missil som kan skyte i sund heile regjeringsprosjektet.

Før valet meinte Lars Løkke Rasmussen ei slik advokatvurdering av statsministerens ansvar ville syte for ei «værdig afslutning» av minksaka. Det meiner Moderaternes folketingsmedlem Jon Stephensen no ein har oppnådd gjennom ei framskunde handsaminga av erstatningssakene til råka minkavlarar. Etter å ha prøvd å forklare at det er uråd å etablere ei regjering kor to av partia vil ha greidd ut om statsministeren i ytste konsekvens kan stillast for riksrett, argumenterer han for at «plasteret skal rives af» fordi «[s]agen har martret vælgerne og befolkningen i alt for lang tid», som avisa Berlingske skriv.

Men det har dei borgarlege sjølv sin del av skulda for. Sjefredaktør på Altinget, Jakob Nielsen, har iallfall gjentatte gonger argumentert for at dei tidleg gjorde eit medvite val om å ta konflikten. Dersom Mette Frederiksen hadde hjelpt dei eit stykke på veg ved å erkjenne feil, kunne saka vore løyst slik den slags plar: Statsministeren får ei såkalla «næse», ein reprimande frå eit fleirtal i Folketinget. Men dei borgarlege partia, mellom dei V og den då partilause Lars Løkke, auka presset i staden. Ein samla borgarleg opposisjon røysta for eit borgarforslag om riksrett. Så tilbaud rapporten frå Minkkommisjonen eit nytt høve til å dempe konfliktnivået og heller fokusere på å få fart på erstatningsprosessen. Rapporten konkluderte at statsministeren ikkje kunne haldast ansvarleg, og det store fleirtalet av juridiske ekspertar meinte også at Mette Frederiksen neppe ville bli felt etter ministeransvarslova i ei eventuell riksrettssak. Men opposisjonen (og Alternativet) heldt fast ved det me kan kalle «riksrettssporet», og gjorde advokatvurderinga til valkampsak.

Dei juridiske fagmiljøet kasta til og med uoppfordra ut ei redningsbøyge til partane, i form av eit eigenintitiert notat frå tre respekterte jussprofessorar, som systematisk la fram kvifor dei meinte det var lite truleg at ei riksrettssak ville gje ein fellande dom. Men på det tidspunktet hadde V og M ingen interesse av å gje frå seg dette forhandlingskortet. Fordi snuoperasjonen om minksaka blir presentert før regjeringserklæringa er offentleggjort, kan Ellemann og Løkke førebels ikkje trekkje linene mellom det dei måtte gje seg på (advokatvurderinga) og det dei får i byte (borgarleg politikk som smertar Socialdemokratiet).

Det gjer den pedagogiske oppgåva tyngre, særleg for Ellemann. Han kan kanskje leve med at resten av «den blå familie» kallar han ein forrædar. Det er verre at Venstres Ungdom meir eller mindre har erklært krig mot moderpartiet, og kritikken frå stor og liten i baklandet har berre auka i intensitet. Partifolket kjenner seg eksistensielt råka. Eit ekteskap med S med inneber per definisjon ei legitimering av den sosialdemokratiske samfunnsordenen som V tradisjonelt har vore motstandar av. Det kan også vise seg vanskeleg å bryte ut av. Og kvar skal dei i så fall gå? Tillitsbrotet på høgresida vil ta lang tid å lækje.

Sett utanfrå er det likevel mogleg å skimte konturane av eit regjeringsprogram med tydeleg V-stempel. Pia Olsen Dyhr varsla då ho trekte Socialistisk Folkeparti ut av forhandlingane at V hadde nådd fram med ein «mere blå» skattepolitikk enn ho i utgangspunktet trudde S kunne gå med på. Det same galdt sosiale ytingar og klimakrav til landbruket. Jakob Ellemann har sjølv sagt at han kan få gjennomslag for meir Venstre-politikk i samarbeid med S enn med borgarleg blokk. Venstre gjekk til dømes til val på auka botnfrådrag, men no seier rykta at også tidlegare uoppnåelege kutt i toppskatten er med i ei kommande skattereform.

Berlingskes kommentator Bent Winther skreiv måndag føremiddag at backlashet mot å ofre minksaka har nådd ein styrke som set heile samlingsregjeringa i fare. Men på oppløpssida bør også Socialdemokratiet merke seg kva som kan skje viss store politiske linjeskift kjem bardus på partiet. Mette Frederiksen har ikkje på langt nær vore like systematisk i arbeidet med å førebu partifolk og veljarar på kva løfter frå valkampen som ikkje gjeld lenger. Ho kan heller ikkje forvente at S-veljarar bokfører fråveret av ei advokatvurdering som ein siger, i konkurranse med til dømes framhald av studiestipend eller eit lønnsløft for sjukepleiarar. Før me har sett regjeringserklæringa dominerer dei borgarlege merkesakene mediedekninga. Socialdemokratiet har gjenvunne makta, ja vel, men kva meir?

In