Etter folketingsvalet: Socialistisk Folkeparti

Av | 9. desember 2022

Mykje har med god grunn vore skrive om det skilsetjande i at dei historiske arvefiendane Socialdemokratiet og Venstre nærmar seg ein storkoalisjon, og ikkje minst om det historiske brotet mellom Venstre og dei andre partia på borgarleg side. Men viss Danmark får ei slik tverrgåande regjering inneber den dessutan slutten på eit særs tett, mangeårig parløp mellom S og Socialistisk Folkeparti.

At politikk er ein utakksam bransje veit SF-leiar Pia Olsen Dyhr betre enn dei fleste. Ho har opplevd å bli fråvald som leiarkandidat i 2005, å gå ut av regjering mot eige ønskje då SF på dåverande partileiar Annette Vilhelmsens initiativ forlet Thorning-regjeringa i 2014, og at S gjekk for ei soloregjering i 2019. Men bitter erfaring døyver neppe at det på mange måtar er sjølve det prosjektet pho har arbeidd for i så mange år, som no verkar å ha mislukkast.

Allereie då ho tok over eit parti i fritt fall etter regjeringsavgangen i 2014, gjorde Pia Olsen Dyhr det klart at det langsiktige målet var at SF skulle vere regjeringsparti igjen. Socialdemokratiets leiarskifte året etter, frå sentrumsorienterte Helle Thorning-Schmidt til den klassiske venstresosialdemokraten Mette Frederiksen, la dessutan grunnlaget for ein fredsæl sameksistens mellom deira to parti som minte om samarbeidet mellom Thorning og SF-leiar Villy Søvndal i perioden fram til regjeringsskiftet i 2011. Dagens SF har spissa profilen som eit konstruktivt, klimaengasjert parti som prioriterer barn og ungdoms velferd. I manges auge synte det pragmatiske SF sin tydelege “regeringsparathed” då partiet, utan synnerleg internt kiv, slutta seg til ein kraftig auke i forsvarsbudsjettet og tilrådde danskane å seie ja til EUs forsvarspolitikk i folkerøystinga i vår.

Når Mette Frederiksen no etter alt å dømme kvitterer for SFs tilnærming med å tilby Venstre eit regjeringsgrunnlag som ifølgje SF h»slet og ret [er] for blåt«, etterlet det partiet med minst to spørsmål: Korleis skal SF fylle rolla som «konstruktivt oppositionsparti» til ein regjeringskonstellasjon som er nesten usett i danmarkshistoria? Og er det Pia Olsen Dyhr som skal ta på seg oppgåva?

I intervju har SF-leiaren forklart at det særleg var avstanden mellom SF og V i klima- og -skattepolitikken, samt synet på arbeidsmarknadsreformer og manglande tiltak for å motverke fattigdom som fekk partiet til å trekkje seg frå forhandlingane. (1) SF vil til dømes gå lenger enn det tradisjonelle bondepartiet Venstre i å påleggje landbruket klimaavgifter og redusere dansk kjøtproduksjon. I staden for Venstres framlegg om auka arbeidskraftimport og lågare sosiale ytingar for å få folk ut i jobb, vil SF satse på å omskulere folk som alt er langtidsledige, og dessutan skjerme ei særskilt yting for låginntektsfamiliar, noko V er imot.

Slik SF framstiller saka har S vore meir interessert i å halde fast på V enn å komme sine vanlege kampfellar til unnsetning. At SF blei verande ved forhandlingsbordet såpass lenge, sjølv om desse konfliktsakene har vore kjende heile vegen, tilseier at partiet kan trenge litt tid til å omstille seg til å vere i opposisjon til ikkje berre Venstre, men også Socialdemokratiet. Den oppgåva får Pia Olsen Dyhr på SFs vegner viss ho sjølv vil. Ho har starta med å uttrykkje «skuffelse» over at S ikkje greip sjansen til å regjere på raud-grøne mandat, og vil heller utelukke at SF kan reise mistillit mot ei S-leidd regjering.

Sjansane for auka oppslutnad ligg også godt til rette når S uvegerleg må verte pressa mot høgre. Enhedslisten verkar å ha nok med seg sjølv. Når eg held att på spådommane, skuldast det at partileiaren har sete i mange år. Viss ei S/V-regjering maktar å styre saman, kan det gå lang tid før S og SF igjen står på same side. Olsen Dyhr har lukkast i å atterreise SF. Men trass i alt er partiet potensielt lengre frå makta enn på lenge. Skulle ho konkludere med at tida er inne for å gje ansvaret vidare, seglar veljarmagneten Jacob Mark opp som ein naturleg etterfølgjar. SFs allsidige parlamentariske leiar har ein stor del av æra for at partiet nyt høg tillit på skule-, barnehage- og psykiatrifeltet. Ved folketingsvalet fekk han fleire personrøyster enn sin eigen partileiar.

***

(1)