GOP ’12: Kva skal Ron Paul gjere?

Av | 29. januar 2012

Konsistens har kanskje ikkje vore den tydelegaste eigenskapen ved herverande skribents dekning av den republikanske nominasjonsstriden, og eg har til tider hatt ein nærast masochistisk trong til å innrømme eigne feilslutnader, men når primærvalet i Florida nærmar seg kan det likevel vere grunn til å minne om eit par ting vi har hevda ei stund:

1) Det viktigaste er ikkje kven som har momentum mellom Mitt Romney og Newt Gingrich. Det er kven som har momentum mellom dei sosialkonservative alternativa. Fordi vi har halde fast ved at Romney uansett må reknast til å vinne nominasjonen til slutt, har vi såleis interessert oss meir for kven som har evna å konsolidere posisjonen som hovudalternativet. Om Gingrich underpresterer i Florida, kan vi, iallfall i teorien, få ytterlegare ei omdreiing kor Newt Gingrich og Rick Santorum konkurrerer om rolla. (Det kan sjølvsagt også hende at ein eller begge kastar korta.)

2) Romney har betre tid enn både Gingrich og Santorum. Det at Gingrich har fått kanalisert mange millionar i rikingpengar, endrar ikkje på at Romney er betre organisert, har meir establishment-støtte og fleire vegar til nominasjonen. Viss Romney skulle tape i Florida – nokon som nett no verkar lite sannsynleg – kan ha alltids gå vidare til neste stat, rett og slett fordi han ikkje er like avhengig av momentum. Med ein gang Gingrich tapar ein stat som det var meininga at han skulle vinne – som til dømes Florida, kor han laut spelet om forvetningane løpe av med seg – vil han møte spekulasjonar om det ikkje snart er på tide å trekkje seg og slutte rekkjene bakom Romney. Eg vil framleis insistere på at båe Romney-rivalane har synt fram nok stayerevne til at dei sjølve kan avgjere når dei vil trekkje seg, men det er ikkje gjeve at andre er samde i det.

Så, når dette er slege fast, til dagens eigentlege tema: Kva med Texas-utsendingen Ron Paul? Kor lenge har han att? I prinsippet står hans krav på sjølv å få bestemme sin eigen utgang endå sterkare enn hjå Gingrich og Santorum, ganske enkelt fordi han er audmjuk nok til å innrømme at han eigentleg aldri gjorde dette for å vinne i utgangspunktet. Libertarianaren Paul er ein ideologisk politikar, ein som tek del for å syte for at dei politiske standpunkta hans er ein del av debatten, meir enn han tek del for å vinne nominasjonen som sådan. Til det vil den utanrikspolitiske isolasjonismen, det merkelege monetære opphenget – og hans openberre tilkortkomme som kandidat – bli for mykje å svelgje for andre enn ein betydeleg minoritet av det republikanske veljarfolket. Men nettopp omsynet til denne minoriteten – som kjenner sterkare for kandidaten sin og verdiane hans enn tilhengjarane til både Romney, Gingrich og Santorum – gjer ironisk nok at Paul snart må gjere nokre vurderingar som verkar meir pragmatiske enn ideologiske. For korleis skal den libertarianske rørsla han har bygd opp overleve kandidaten?

Her vil delar av det libertarianske partiet protestere av rein plikt, gjere merksam på at libertarianismen ikkje berre lever som politisk retning internt i det republikanske partiet, og presentere seg som USAs tredje største parti i presidentvala. Og teknisk sett vil dei ha rett. Men den varianten av libertarianisme – som forutan dei ovannemnde tinga innfattar radikalt lægre skattetrykk, større personleg fridom og ein kontitusjonell ekstremisme som ofte får Paul til å erklære at åtti prosent av det den føderale regjeringa gjer er utan grunnnlag i grunnlova – har etter kvart fått så stor innverknad på den interne republikanske debatten at det ville vore uklokt å kaste den vekk på ei krigsfråsegn mot partiet som iallfall tildels har byrja omfamne han. Det er ein av to viktige grunner til at det er så usannsynleg at den våte draumen til mange Paul-tilhengjarar – eit tredjepartikandidatur som kan kanalisere energien til paulittane inn i ei reell folkerørsle for meir fridom, vil bli oppfylt. Republikanarane ser alt i utgangspunktet med ublide auge på illojalitet, og når eit eige Paul-kandidatur i tillegg aukar sjansen for at Barack Obama blir attvald for ein andre valperiode, er det vanskeleg å førestille seg eit større svik.

Og det leier oss til den andre og viktigaste grunnen til at Ron Paul ikkje kjem til å bryte med det republikanske partiet, sjølv om han ikkje klarer å utelukke det heilt enno: Han har arverekkjefølgja klar. Mange Paul-tilhengjarar har allereie augo stivt fest på eit kandidatur frå neste generasjon Paul – sonen Rand Paul, i 2016. Dei vonar at Rand, den kanskje ultimate tea party-senatoren frå Kentucky, med sine djupare røter i partiet, kan bli eit meir spiseleg alternativ enn faren. Har har gått gradene gjennom å bli vald til senator, og motsett faren er han ikkje belemra med ei fortid som redaktør for antisemittiske, homofobe og rasistiske bulletiner. Jo visst, Rand har sine eigne lik i skapet – frå den bisarre aqua buddha-episoden (ikkje spør!) til eit generalåtak på borgarettslovene – men republikanske veljarar er eit tilgjevande. Det føreset imidlertid at pappa Ron Paul ikkje brenn unødige bruer på sonen sine vegner. Forfølgjer Ron forfengelege lyster til å bli ein spoiler i 2012 – då blir Rand utvilsamt med som hovudtalsmann – risikerer Rand fullstendig utfrysing av partiet. Vi veit sjølvsagt ikkje om Rand har det som skal til for å byggje ein breiare veljarkoalisjon enn faren klarte, eller om han har slike ambisjonar, men om han har det, kan bli avgjort dei neste månadene.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*