Førre veke fekk Danmark ei historisk koalisjonsregjering utgått frå Socialdemokratiet, Venstre og Moderaterne. Her er statsrådane:
Statsminister: Mette Frederiksen (S)
Visestatsminister og forsvarsminister: Jakob Ellemann Jensen (V)
Utanriksminister: Lars Løkke Rasmussen (M)
Finansminister: Nicolai Wammen (S)
Økonomiminister: Troels Lund Poulsen (V)
Innanriks [kommunal-] og helseminister: Sophie Løhde (V)
Justisminister: Peter Hummelgaard (S)
Kulturminister: Jakob Engel-Schmidt (M)
Næringsminister: Morten Bødskov (S)
Utviklingsminister med ansvar for global klimapolitikk: Dan Jørgensen (S)
Miljøminister: Magnus Heunicke (S)
Sosial- og boligminister: Pernille Rosenkrantz-Theil (S)
Arbeidsminister: Ane Halsboe-Jørgensen (S)
Barne- og undervisningsminister: Matias Tesfaye (S)
Innvandrings- og integreringsminister: Kaare Dybvad Bek (S)
Skatteminister: Jeppe Bruus (S)
Landbruks-, fiskeri- og matminister: Jacob Jensen (V)
Kirke- og distriktsminister med ansvar for nordisk samarbeid: Louise Schack Elholm (V)
Transportminister: Thomas Danielsen (V)
Utdannings- og forskningsminister: Christina Egelund (M)
Digitaliserings- og likestillingsminister: Marie Bjerre (V)
Eldreminister: Mette Kierkgaard (M)
Klima-, energi- og forsyningsminister: Lars Aagaard (M)
Nokre tidlege refleksjonar:
1. Lars Løkke speler høgt – som vanleg
Det mest føreseieleg med Lars Løkke Rasmussens tilnærming til politikk, er at han er uføreseieleg. Mange, inkludert underskrivne, tippa Løkke som helseminister, men den posten gjekk til Sophie Løhde (V). No skal han istaden vere utanriksminister. Det er sjølvsagt ein viktig og prestisjetung stilling, og ei slags atterreising for Løkke, som blei audmjukt då Danmark var vertskap for ein mislukka klimakonferanse i 2009. Men det er eit dristig val for leiaren av eit heilt nytt parti med ei urøynd folketingsgruppe, som må haldast i taumane viss fleirtalsregjeringa skal lukkast. Førehistoria til partileiarar som blir utanriksministrar er heller ikkje lystig: Konservative Lene Espersen (2009-2011) måtte trekkje seg som partileiar etter kort tid fordi ho blei undergravd av sine eigne; SFs Villy Søvndal (2011-2013) var noko nær usynleg på heimebane og blei utslitt og alvorleg sjuk av jobben; og Liberal Alliances partistiftar, Anders Samuelsen (2017-2019), blei vraka av veljarane i neste folketingsval. I hans fråver oppstod det personkonfliktar som i neste omgang gjorde at Simon E. Ammitzbøll-Bille melde seg ut.
Med dette i minnet er det interessant at Løkke gjer Jacob Engel-Schmidt til kulturminister. Ettersom han er den einaste moderaten – unntatt Løkke sjølv – med parlamentarisk erfaring frå før, forventa eg at han skulle bli att i Folketinget som gruppeleiar. Mitt tips som kulturminister var den tidlegare teaterdirektøren, no folketingsmedlemmen, Jon Stephensen. Når det er sagt, kan det vise seg at Løkke har vald klokt. Engel-Schmidt er rekne som partileiarens protesje heilt sidan tida som leiar av Venstres Ungdom. No får han full oppreising for at han måtte trekkje seg frå politikk etter å ha køyrt i narkorus, og hans namn er også eit signal om at regjeringa tek kulturpolitikken på alvor. Moderaterne slo seg i valkampen opp på å føreslå auka kulturløyvingar, og kombinert med ei nyleg kulturpolitisk opprusting i Venstre, er forventningane sett høgt.
Også dei tre siste moderate statsrådane er overraskingar. Heilt nyvalde Mette Kierkgaard skal vere eldreminister, ein post som framleis slit med å finne sin funksjon. Astrid Krag auste kritikk over Thyra Frank (LA) for å vere lite synleg, men sleit med å setje sin eigen agenda når ho fekk sjansen sjølv. Tanken er at eldreomsorga skal nyte godt av regjeringas førebels abstrakte ambisjon om meir lokalt sjølvstyre. Den nye utdanningsministeren, Christina Egelund, byrja karrieren som partifelle av Thyra Frank, men har hamna i Moderaterne etter eit kort mellomspel i det liberale sentrumspartiet Fremad. Frå tida i LA fekk ho ry for å vere dyktig og løysingsorientert, og over tid har haldningane og temperamentet hennar utvikla seg slik at ho i dag er ein naturleg ressurs for Moderaterne. Også partiets siste minister, Lars Aagaard, er henta utanfrå Christiansborg. Klima- og energiminister leidde i mange år interesseorganisasjonen Dansk Energi. Også dette er eit dristig grep frå Lars Løkke. Aagard kan saksfeltet, men kva med politiske handverket? Det var ingen udelt suksess å gjere direktøren i den danske arbeidsgjevarforeininga, Jørn Neergaard Larsen, til arbeidsminister i Løkkes reine V-regjering (2015-2017).
2. Jernduumviratet består.
Også SVM-regjeringa føyer seg etter dansk politikks uskrivne jernlov: Statsministeren og finansministeren skal komme frå same parti. Slik har det heilt sidan 1984, då Palle Simonsen erstatta Venstres Henning Christophersen i konservative Poul Schlüters første regjering. No held sosialdemokraten Nicolai Wammen fram som finansminister. Mette Frederiksen kom til som statsminister med ein ambisjon om å ta eit oppgjer med den tunge politiske og snevert økonomiske definisjonsmakta til finansdepartementet, men den skulle uansett ikkje flyttast lenger enn til SMK. Om det lukkast kan diskuterast (opprustinga av SMK sådde dei første frøa til kritikken av ein statsminister som nidkjært vakta si eiga makt), men duumviratets framhald sikrar ialfall at mykje av premissane for regjeringas politikk framleis blir lagt av S. Me veit ikkje om V prøvde å få finansministeren, slik tidlegare statsminister Anders Fogh Rasmussen hadde som føresetnad for å tilrå ei koalisjonsregjering, men når Jakob Ellemann-Jensen valde å bli forsvarsminister, vert det økonomiminister Troels Lund Poulsen som får sin fulle hyre i nærkamp med «det finansdepartementale kompleks».
3. Arverekkjefølgja i Socialdemokratiet tek form.
I valkampinnspurten, medam Moderaterne og Socialdemokratiet framleis var motstandarar, sa Lars Løkke Ramussen at det ville vere enklare å peike på ein annan sosialdemokratisk statsmininisterkandidat enn Mette Frederiksen. Det var ein velretta frekkis mot eit parti som under nettopp Frederiksen endeleg var fritt frå tiårs dolkestøytmytar, men når regjeringa no er danna, er diskusjonen om hennar etterfølgjar ein realitet. (Ved slutten av denne valperioden vil ho ha vore partileiar i 11 år.) Løkke hadde truleg finansminister Nicolai Wammen i tankane, men når kommentatorane jaga nedover ministerlista var det for å finne Matias Tesfaye og Peter Hummelgaard. Konklusjonen var nokolunde likearta: Sistnemndes opprykk frå arbeids- til justisminister er ei eksakt spegling av Mette Frederiksens veg til leiarvervet etter Helle Thorning-Schmidt, og no er vegen lagt for parti-ideologen og stuertsonen frå hovudstaden. Viss justispolitikken skal herda han for større oppgåver fekk me kan hende ein tidleg smakebit då han på første dag avviste å etablere ein granskingskommisjon til å undersøkje om dansk etterretningsteneste har late ein av agentane sine i stikken.
Matias Tesfaye oppfattar flyttinga frå justisdepartementet til barne- og undervisningsministerposten som ei degradering, men seier seg stornøgd med sitt nye ansvarsområde. Det er grunn til å tru på han. Det var dette feltet han først blei kjend for, og det er heilt avgjerande for både partiet og regjeringa at han lukkast. Viss Dan Jørgensen var ein outsider til partileiarposten som klimaminister, må tilskjeringa av ein eigen portefølje for “global klimapolitikk” seiast å vere meir av ein trøystepremie i stolleikens kjølvatn.
4. Mette vel menn.
I den nye regjeringa er åtte av 23 statsrådar kvinner. Det er for svakt. Men det er endå pinlegare at det er Socialdemokratiet som trekkjer talet ned. Dei to einaste kvinnene Mette Frederiksen tek med seg vidare frå førre regjering, er nyutnemnd sosialminister Pernille Rosenkrantz-Theil, og Ane Halsboe Jørgensen, som er ny arbeidsminister. Statsministeren kallar det «ærgerligt» at regjeringas samla kvinnedel «ikke er [god] nok», men konstaterer samstundes at den ligg på «nogenlunde samme niveau som den tidligere regering». («Det er heldigvis ikke blevet værre.»)
La gå at dei to koalisjonspartnarane vel på eiga hand, og at Frederiksen hadde færre postar å fordele denne gongen. At også dyktige menn blei sett ut av laget. Viss jamstelling var eit tilstrekkjeleg viktig omsyn for Socialdemokratiet, kunne ho ha prioritert annleis. Astrid Krag var ein vellukka helseminister i Thorning-regjeringa, sjølv om ho forsvann litt som eldreminister. Ida Auken har også regjeringserfaring frå før, og frå folketingsgruppa har gruppenestleiar Anne Paulin stige raskt i gradene. Mette Frederiksens valde dei vekk for å satse på endå fleire menn. Det er synd.
‘
Tilbakeping: Danmark: Ellemann «skal videre» – til ein ny ministerpost - SKRIVEKOLLEKTIVET