Vestager går – Thorning består

Av | 1. september 2014

Etter månader med spekulasjonar vart det laurdag kveld endeleg klart: Danmarks statsminister, sosialdemokraten Helle Thorning-Schmidt, vert ikkje EU-president. Den jobben gjekk israden til polske Donald Tusk. Han får med seg den relative urøynde italienske utanriksministeren, Federica Mogherini, som utanrikspolitisk talsperson. Men det tyder ikkje at det var slutt på potensielle jordskjelvvarsel for dansk politikk. Ein av dei som skal utgjere teamet av nye EU-kommisærar er nemleg indre andre enn Margrethe Vestager. Ho slutter omgåande som leiar for det sosialliberale regjeringspartiet Det Radikale Venstre, og overlet taumane til dagens skatteminister, Morten Østergaard.

Internt hjå Socialdemokraterne – og i store delar av pressa, hadde det elles bygd seg opp noko midt imellom ei forventning og eit regelrett ønskje om at statsministeren skulle få avløysing. Mediefolk likte utsikta til drama og oppbrot, medan mange sosialdemokratar såg eit slik utfall som ein siste sjanse til å snu kursen mot det som framstår som eit stendig sikrare nederlag når nyvalet til slutt kjem, seinast seinhausten 2015. For første gong på fleire tiår er det semje om arvefølgja i partiet – arbeidsminister Mette Frederiksen er ei uomstridd kronprinsesse – og krefter i S betrakta eit leiarskifte grunna ytre omstende som eit godt høve til å endeleg gjere opp med den møllesteinen den borgarlege økonomiske politikken har vore for sentrum-venstresidas regjeringsprosjekt.

Slik gjekk det altså ikkje. Mette Frederiksen kan sjølvsagt stadig verte partileiar ein dag, og kan hende vil kontrafaktisk historieskriving om korleis ho kunne snudd nederlagsstemninga gjere kroninga enno meir sjølvsagt når den til slutt kjem. Men skal dei sosialdemokratane som murrar halvhøgt mot regjeringas line under Thorning finne lyspunkt på kort sikt, lyt dei truleg setje sin lit til Morten Østergaard. Ikkje fordi dei kan vente seg ei tydeleg kursendring frå mannen som i tett parløp med Vestager har regissert vendinga frå verdipolitikk til økonomisk politikk som leidde fram til den på venstresida forhatte dagpenge- og tidlegpensjonsreforma, men fordi einkvar nykommar treng å setje sitt eige preg på politikken. Journalisten og kommentatoren Lars Trier Mogensen har i det høvet etterlyst Det Radikale Venstres evne og vilje til faktisk å kjempe for at regjeringa skal overleve neste val. Trier Mogensen hevdar at Radikales sjølvopphaldingsdrift burde ha utløyst større forståing for kor smertefull dagpengereforma har vore for Socialdemokraterne og andre partnarar på venstresida, og sytt for å finne ein sosialt ansvarleg mellomveg når tusenvis no fell gjennom maskene i velferdsstatens tryggingsnett. Han påkallar elles ei sterkare betoning av det sosiale aspektet, på kostnad av det liberale og økonomistiske, i partiets ideologiske og kulturelle arv.

Kommentatorens djupdykk i «det radikale væsen» munner ut i ein forsiktig, men ikkje uventa hypotese: At vi kan vere vitne til at Det Radikale Venstre sakte glir i retning eit tettare samarbeid med borgarleg blokk, medan Socialdemokraterne og Socialistisk Folkeparti over tid ser meir eins på ting med Dansk Folkeparti. På kort sikt er nok ikkje Morten Østergård den som set eit slikt rykk i rørsle, men han som då han tok over vart vurdert som «venstrekandidaten» mot «høgrefløyas» Morten Helveg Pedersen, har dei siste åra verka stadig meir komfortabel med å administrere hovudlinene i den borgarlege Løkke-regjeringas økonomiske politikk. Den er elles nedskriven i regjeringsgrunnlaget som vidareført i «bred forstand», noko som har lagt betydelege avgrensingar på kva svar Socialdemokraterne har kunna komme med på ein sta og vedvarande lågkonjunktur i dansk og internasjonal økonomi.

Uansett om regjeringserklæringa har stukke ut mykje av kursen for han, så skal Østergård like fullt vise at han er sin eigen herre. Det kan tyde at støttepartia Enhedslisten og SF får litt mildare handsaming i budsjettsamtalane av ein nyslått partileiar på jakt etter kjappe resultat. Eller det kan tyde at Østergaard vil vere hard i klypa, for ikkje å framstå som om han sel seg billig. Det mest sannsynlege er likevel at regjeringspartia til slutt finn budsjettfleirtal til venstre for seg. Men det er symptomatisk for regjeringas sikksakk-kurs i den økonomiske politikken – og for Det Radikale Venstres rolle som premissgjevar – at den neste oppgåva etter ein eventuell budsjettavtale med venstresida, etter planen skal vere ei skattereform mellom regjeringspartia og den borgarlege blokka. Om Morten Østergaard ikkje lenger er skatteminister, så skal han likevel ha handa på rattet når kalkulatorradikalismens neste fase vert innleidd.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*