Forfatterarkiv: Jørgen Lien

Jørgen Lien

Om Jørgen Lien

Jørgen Lien er skribent for Skrivekollektivet.

Danmark: Lars Løkke aukar innsatsen i spelet om Mette Frederiksen i NATO

Av | 4. juni 2023

Rykteflaumen kring Mette Frederiksens moglege kandidatur til generalsekretærposten i NATO har berre auka i styrke den siste veka. Først blei det kjent at den danske statsministeren skal nytte nasjonaldagen til å møte USAs president, Joe Biden, i Washington D.C. Lat gå at dette er noko det har vore arbeidd for og med sidan ho blei… Les mer »

Danmark: Fortida heimsøkjer Ellemann-Jensen på veg tilbake

Av | 1. juni 2023

Etter å ha vore sjukmeld med ei stressliding i lengre tid, er Jakob Ellemann-Jensen «fast besluttet på» å komme tilbake som forsvarsminister, visestatsminister og Venstre-leiar frå 1. august. Men på pressekonferansen der fungerande forsvarsminister og politisk leiar, Troels Lund Poulsen, sleppte gladsaka, understreka han også at den politiske kvardagen Ellemann-Jensen til returnerer er om mogleg… Les mer »

Danmark: Mette Frederiksen til NATO?

Av | 22. mai 2023

Er det noko med vervet som gjer det uunngåeleg at innehavaren føler seg for stor til berre å vere statsminister i Danmark, eller held danskane seg rett og slett med ei rekkje politikarar som blir oppfatta som så dyktige at dei nærmast per definisjon er aktuelle for internasjonale toppjobbar? Spørsmålet trengjer seg på etter at… Les mer »

Danmark: Murphys lov eller Matteus’ effekt?

Av | 18. april 2023

Det finst ikkje nokon demokratisk instans som fordeler byrdene jamt ut over den politiske landskapen i Danmark. Medan Socialdemokratiet og Venstres veljarstøtte har rast etter fire månader i regjering, har regjeringspartnaren Moderaterne meir eller mindre halde stillinga, trass i at dei vert dømde på den same, tilsynelatende upopulære politikken. På liknande vis irriterer det openbert… Les mer »

Don’t call it a comeback: Jens Rohde returnerer til Venstre

Av | 9. mars 2023

Jens Rohde er igjen medlem i Venstre. Om det gjer den tidlegare folketingsrepresentanten til ein uavvendeleg opportunist eller til ein mann som held sine kjerneverdiar så kjært at han mest ikkje kan unngå å få dei krenkt på ein måte som utløyser jamlege partiskifte, hangar truleg på temperamentet. Innan han melde seg ut av Venstre… Les mer »

Er Nye Borgerlige berre Dansk Folkepartis farmerlag?

Av | 22. februar 2023

Analysar av korleis Dansk Folkeparti gjekk frå vera nest størst til å verta Folketingets minste parti i løpet av berre to valperiodar legg oftast særleg vekt på to ting: Den eine er at partiet ikkje insisterte på å ta ansvar etter å ha fått meir enn kvar femte røyst i 2015; dinest at den eviglange… Les mer »

Dansk politikk slit ut politikarane sine

Av | 7. februar 2023

Å vera politikar er eit hardt liv. Denne setninga kan du knappast skriva utan å verta mistenkt for å meina det ironisk, men for meg er det berre ei konstatering. Til liks med i Noreg har dei i Danmark, så langt eg kan vurdera, i hovudsak politikarar på alle nivå som gjer dei skal og… Les mer »