Den 1. november skal Danmark velge nytt Folketing. I den anledning har Skrivekollektivet laget et hendig oppslagsverk som du kan bruke til å gjøre deg kjent med stort og smått fram mot valget. Dette er første del.
Signaturen -jl er Jørgen Lien. -sol er Stein Ove Lien.
Vil du ha mer? Les Jørgens førvalgsanalyser her!
Enda mer, sier du? Les våre ABC-er om kommunevalget 2009, folketingsåret 2009 eller folketingsvalget 2015!
A
Absolute Music 2. Dansk samleplate fra 1993. Kulturminister Joy Mogensen var en av få overraskelser da Frederiksen-regjeringen ble utnevnt. Alle hadde forventet at Mogens Jensen skulle få jobben, men han ble (pust dypt inn) minister for mat, fiskeri, likestilling og nordiske anliggender (!), og ble seinere martret av minksaken. Mogensen kom som den eneste inn utenfra, etter flere perioder som populær borgmester i Roskilde. Fra starten ble hun upopulær i deler av kulturfeltet, som ikke likte at hun vektet håndball like høyt som kunst, og etter en uttalelse om at hun fant det «upassende» å snakke om kultur i de aller første corona-dagene, økte misnøyen ytterligere. Enda verre ble det da hun måneden etter, i et intervju med musikkmagasinet GAFFA, fortalte at favorittalbumet hennes var Absolute Music 2, en ganske ordinær samleplate fra 1993 (tracklist her). Berlingskes kommentator Søren Jacobsen Damm spurte noen dager senere om «man, på kulturens vegne, kan have tillid til en så ukulturel kulturminister?». Mogensen ble etter eget ønske erstattet av Ane Halsboe Jørgensen i august 2021. (Halsboes favorittalbum er Marie Keys’ selvtitulerte album fra 2020). I et langt intervju i Radio 4-programmet Portrætalbum tidligere i år snakker Mogensen inngående om hele greia. Det er verdt å høre. -sol
Abort. Danmark var mellom dei landa som var tidlegast ute med å lovfeste retten til sjølvvald abort, med reglar som i stort speglar dei me har her heime: Uinnskrenkt fram til tolvte svangerskapsveke, medan eit såkalla abortråd vurderer saker etter denne grensa. Men etter at Høgsteretten i USA annullerte den føderalt garanterte abortretten i sommar, har både Venstre og Enhedslisten opna for å utvide abortgrensene. I første omgang ønskjer ELs Pernille Skipper at det danske etikkrådet tek opp spørsmålet på nytt, men ho seier seg også inspirert av den kommande utgreiinga i Noreg. Så #regjeringaleverer, som det heitte på Twitter i Jens Stoltenbergs tid – også i Danmark. -jl
Arne. Bryggjeriarbeidaren viss “tur” det “nu” var til å pensjonere seg med verd og helse intakt etter minimum 40 år i arbeidslivet, ifølgje eit sosialdemokratisk valløfte frå 2019. Lars Løkke Rasmussen kalla det eit “gigantisk bluffnummer”, og andre borgarlege delte anekdotar om velstilte folk som såg fram til å golfe seg inn i solnedgangen, men tre år seinare er “Arne-pensionen” komen for å bli. Venstresida sikra fleirtal saman med Dansk Folkeparti, og i dag vil Inger Støjbergs Danmarksdemokraterne føre ordninga vidare og hennar tidlegare parti, Venstre, har også strekt våpen. Denne rettsbaserte ordninga blir supplert av eit økonomisk romslegare alternativ, såkalla “seniorpension”, organisert som ein meir typisk slitarpension og opphavleg tinga fram mellom Venstre, Konservative og resten av borgarleg blokk pluss Radikale Venstre, for å demme opp for Arne. -jl
Atomkraft. Nye Borgerlige og Liberal Alliances framlegg til ei langsiktig løysing på straumforsyningskrisa. Og då snakkar me særs langsiktig, dømd etter kor lang tid det normalt tek å realisere slike prosjekt. Ettersom NBs plan høgst truleg er dødfødt, ser eg ingen grunn til ikkje å ønskje partiet lukke til med å finne eigna og akseptable tomter, samfunnsøkonomiske estimat som tilseier bygging og jernnervane til å satse på at ingenting går gale viss kraftverka blir bygde. -jl
B
Borgarforslag. Ei ordning opphavleg føreslått av Alternativet, som pålegg Folketinget å ta eit framlegg opp til diskusjon dersom minst 50 000 røysteføre borgarar skriv under på det. Flesteparten av forslaga som når heilt til folketingssalen er føreseielege omkampar, men debattar om organdonasjon og mannleg omskjering har det også komme ut av den. Pluss eit knapt nok reinskrive framlegg om å stille Mette Frederiksen for riksrett på grunn av minksaka. -jl
Borgen. TV-serie, vist på Netflix og DR. Den fjerde sesongen av Adam Prices feirede dramaserie Borgen ville ikke blitt til uten at Netflix var med på finansieringen, sa Danmarks Radios generaldirektør Maria Rørbye Rønn da nyheten ble kjent i 2020. Selv om Rønn og serieskaperen hardnakket har nektet for at strømmetjenesten har blandet seg i innholdet, kan man likevel merke at denne sesongen er skrevet for et internasjonalt publikum. Sideplot om tunnelforbindelser og griseavl er byttet ut med oljeforekomster i Grønland. De Radikales tidligere utenriksminister Martin Lidegaard har fungert som konsulent på serien, som i seg sjøl bekrefter borgerlige kritikeres syn på serien helt tilbake fra før den første sesongen hadde premiere. «Richly textured political intrigue», sa Primetimers Mark Blankenship om sesong fire. «Hamrende urealistisk», «teatralsk» og «forvrænger den politiske virkelighed» sa Politikens Noa Redington. Blankenship er amerikansk tv-kritiker, Redington er en dansk kommentator og tidligere spindoktor for Socialdemokratiet. -sol
“Borgerlingske”. For nokre år sidan oppstod ein underleg idehistorisk metadebatt i avisa Berlingske. Eit brokete koppel av konservative meiningsmakarar, frå debattantane Kaspar Støvring og Mikael Jalving til partileiaren Morten Messerschmidt og forleggjaren Katrine Winkel-Holm, skulda redaktørane for å svike avisas publisistiske føremål: Dette konservatismens flaggskip hadde ganske enkelt degenerert til eit organ for liberalismen. Det var som lunt og salt popkorn for fans av kortpusta mediekritikk, ikkje minst fordi det retoriske alarmnivået ikkje på nokon måte sto i stil til den høgst upresise kritikken. Me kan iallfall konstatere to ting. For det første at det i alle fall for ei tid fanst ein fascinasjon blant konservative meniningsmakarar for sosialdemokratiets nasjonalkonservative straumdrag, og dernest at Berlingske har vorte endå meir medvite om rolla som all-borgarleg forum i tida etter. Eit tåkrummende døme: Sjefredaktør Tom Jensens vekefaste “borgerlingske nyhedsbrev”. -jl
Bornholm. Øy lengst sør i landet, som mellom anna hyser den årlege politiske festivalen “Folkemødet”, initiert av Venstre-mannen Bertel Haarder etter modell av den svenske Almedalsveckan. Her får journalistane i hovudstadsmedia sjansen til å komme tett på politikarane på ein måte som verkar mindre dølgt og innspist for alle partar enn den felles arbeidsplassen i kjellaren på Christiansborg. -jl
Budsjettkaos. Socialdemokratiet har styrt København kommune siden 1903, og det gjør de for så vidt fortsatt. Men de er ikke lenger det største partiet. Ved lokalvalget i 2021 fikk S lusne 17,2 prosent av stemmene, mens Enhedslisten fikk støtte fra nesten hver fjerde velger. Den nyankomne S-overborgmester Sophie Hæstorp Andersen kan takke støtte fra borgerlige partier for at hun kunne innta topposten. Enhedslisten har vært i fremgang i hovedstaden lenge, og fikk hanket inn tidligere folketingsmedlem Line Barfod som toppkandidat. Socialdemokratiet gikk ned i alle de store byene og skapte usikkerhet i regjeringstoppen, som frem til da hadde opplevd velgerframgang ved å primært appellere til arbeiderklassevelgere i provinsen. Det hjalp naturligvis heller ikke at Frank Jensen, som hadde vært overborgmester i hovedstaden siden 2009, gikk av før tiden etter at en rekke partifeller anklaget ham for seksuelle krenkelser. Tre år ute i sin regjeringsperiode sitter Socialdemokratiet enda mer ydmyket tilbake. De har vunnet overborgmesterposten – igjen – men budsjettet deres er stemt ned, fordi Enhedslisten gikk sammen med opposisjonen om å sikre et alternativt flertall. -sol
C
Cepos. Borgarleg-liberal tenkjetank som minner om norske Civita. Aldri kvilande produsent av rapportar, talepunkt, kronikkar, podkastar og tweets til forsvar for skatteletter, konkurranseutsetjing og arbeidskraftimport. Direktør Martin Ågerup og sjeføkonom Mads Lundby Hansen er viktige premissleverandørar i det politiske ordskiftet. Mellom grunn¨¨¨leggjarane finn me den legendariske fotballspelaren Michael Laudrup. ¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨¨-jl
Corona-kjendisar. Den danske corona-handteringa polariserte befolkninga på ei så høgtlydt måte at ein somme tider kunne få inntrykk av at dei nøgde og dei misnøgde var nær på like mange. Lenge stilte eit så godt som samla politisk miljø seg lojalt opp på underdanig avstand til statsministeren på tallause pressekonferansar, og gjennom månader med stengde skular og butikkar, eintydige meiningsmålingar og formanande brukspoesi (“Vi holder sammen ved at holde afstand.) Det var eigentleg ikkje før omfanget av mink-saka flaut til overflata, at ting verkeleg byrja endre seg. Folkestemninga kunne ein elles halde auge med gjennom å følgje forskar Michael Bang Pedersen, ansvarleg for HOPE-prosjektet om corona-opinionen, og ein av mange situasjonsbestemte rikskjendisar. Plutseleg visste Holger og Helga Danske kven Søren Brostrøm (direktør i Sundhedsstyrelsen), Henrik Ullum (direktør ved Statens Serum Institut) og Kåre Mølbak (visedirekør, SSI), var. Tidlegare anonyme helsepolitikarar som Per Larsen (Konservative), Stinus Lindgren (Radikale Venstre) og Peder Hvelplund (Enhedslisten) var i alle kanalar; på sosiale medium valde folk side mellom medisinaren Søren Riis Paludan og virologen Allan Randrup Thomsen, alt etter kva bodskap dei var komfortable med; og epidemiologen Lone Simonsen fekk tilnamnet “corona-Lone”. -jl
Crazy. Ved slutten av si politiske karriere, er kaospiloten, kommunepolitikaren, folketingsmedlemen, homoaktivisten, statsråden, familiemannen, utbrytaren og heimvendaren Uffe Elbæk framleis mest kjent for dette. -jl
D
Danmarksdemokraterne. Eller Danmarksdemokraterne – Inger Støjberg, som partiet formelt heiter. Det er jo praktisk, for då kan veljarane over heile landet føle at dei røystar på frontfiguren, sjølv om den tidlegare Venstre-nestleiaren og riksrettsdømde utlendings- og integrasjonsministeren sjølv berre stiller til val i Jylland. Støjberg satsar hardt på at hennar politiske merkevare er så sterk at ho eigentleg ikkje treng å profilere seg på innvandringspolitikken – i tilhengjarane sine auge har ho allereie prova kva ho er laga ved at ho let seg felle i Riksretten istadenfor å orsake at ho hadde brote ministeransvarslova i det ho sjølv kallar “barnebrudssagen”*. Partiets øvrige politikk er imidlertid berre formulert i ganske overordna termar. Frå starten fekk DD eit tilsig av utmelde folketingsmedlemmer frå Dansk Folkeparti (sjå Gæs og gaser) men Støjberg har anstrengt for at partiprofilen skal skilje seg frå både DF og hennar eige gamle parti, Venstre. Tidlegare tvil frå borgarlege kolleger om ho kan bli minister er avklart, og ho har prega valkampen frå første dag, då ho fekk Søren Pape Poulsen til å avlyse kutt i toppskatten. -jl
Dansk Folkeparti. Eller det som er att av partiet. I inneverande periode har 11 av 16 folketingsmedlemer meld seg ut av partiet. Seks av dei forsvann etter at Morten Messerschmidt tok over leiarvervet i januar. Messerschmidt var i si tid ein overmåte populær EU-politikar, men i dag styrer han eit parti som balanserer på sperregrensa. Sjølv ventar han på ei ny rettssak der han er tiltalt for å ha svindla med EU-midlar. Politisk har han forlate føregjengaren Kristian Thulesen Dahls velferdsnasjonalistiske kurs og igjen lagt større vekt på eldrepolitikk og innvandringsskepsis, ispedd kulturkonservativ anti-woke-retorikk. Utover å konkurrere med Nye Borgerlige om innvandringskritiske veljarar er DF i ein pikant veljarstrid Inger Støjbergs Danmarksdemokraterne, ikkje minst fordi Messerschmidt i 2021 tilbaud Støjberg å bli leiar i DF. -jl
Djøf. Fagforeining som organiserer mellom andre juristar og økonomar, ofte fagmedarbeidarar i offentleg forvalting. Opphav til det negative uttrykket “djøfisering”, ei omfangsrik sekkenemning for new public management-logikkens gjennomslag i organiseringa av offentleg sektor. Den uuttalte premissen bak kritikken om “djøfisering” er gjerne at den føreset mistillit til fagarbeidaren, medfører auka byråkrati, framandgjer dei som brukar offentlege tenester og berre dokumenterer det som kan målast i pengar. -jl
E
EU. Overnasjonalt avgjerdssystem viss forsvars- og tryggingspolitikk Danmark blei ein tettare integrert del av i samband med folkerøystinga om å avskaffe eit tidlegare atterhald. Byråkratisk monster som Dansk Folkeparti er motstandar av, i motsetnad til Danmarksdemokraterne. Mektig arena kor Enhedslisten vil prøve å gjere det beste ut av det. Morten Messerschmidts potensielle banemann. Rette adressat viss Det Radikale Venstre skal gå med på å flytte dansk asylhandsaming til Rwanda. -jl
F
FH. Etter at LO og funksjonær- og tenestemannsforbundet FTF slo seg saman frå og med 2019, heiter Danmarks største arbeidstakarsamanslutning no Fagbevægelsens Hovedorganisation. Organisasjonen er leidd av Lizette Risgaard (tidl. LO) og Bente Sorgenfrey (tidl. FTF). Samlingsprosessen er grundig omtalt i boka “Ulvetider og skiftespor” av Poul Smidt (Gads Forlag, 2022). -jl
Findsen, Lars. Sjefen for Forsvarets Efterretningstjeneste (FE) blei, saman med to andre medarbeidarar, permittert av dåverande forsvarsminister Trine Bramsen, etter at ein varslar hadde fortalt om ein utbreidd ukultur i FE. Ei intern gransking konkluderte med å frifinne alle tre, men Findsen blei seinare sikta for å ha lekt statsløyndommar. Bakgrunen for dette eller kva brot det er snakk om er gjerda inn av strengaste hemmeleghald. Undervegs har det likevel komme fram at Findsen har vore utsett for omfattande overvaking og avlytting over lang tid. Ettersom saker av denne typen må klarerast på høgste politiske hald har den dessutan gjeve næring til ein mistanke om at regjering og embetsverk har forfølgd saka av politiske grunner.
Findsen legg sjølv fram indisium på dette i ein samskriven sjølvbiografi som sette eld under valkampen denne veka. Ifølgje Findsen skal dåverande forsvarsminister Trine Bramsen (S) ha sagt at ho visste at det ikkje var grunnlag for å permittere han, men at ho “skulle telle til halvfems”, altså at regjeringa kunne bli felt viss det ikkje kom nokon reaksjon etter varselet. Vidare skildrar Findsen fleire samanstøytar med Barbara Bertelsen, departementssjef for Mette Frederiksen først i justisdepartementet og seinare på Statsministerens Kontor. Findsen ymtar om at den (frå hans side påståtte) politiseringa kan ha handla om at Findsen som FE-sjef offentleg tok avstand frå justisminister Nick Hækkerups jamstelling av auka overvaking og auka tryggleik. -jl
Forbehold. Reservasjoner mot EU-integrering, forhandlet fram etter Danmarks avvisning av Maastricht-traktaten i 1993. Socialdemokratiet, Venstre, Konservative, Radikale Venstre og Socialistisk Folkeparti ble våren 2022 enige om en opptrappingsplan for Forsvaret som også inkluderte en folkeavstemning om det såkalte “forsvarsforbeholdet”. (Det ble avskaffet med stort flertall.) Mette Frederiksen har i ettertid trukket fram det tverrpolitiske samarbeidet om forsvarspolitikken som et hovedargument for at en regjering på tvers av blokkene er både mulig og ønskelig.
Socialdemokratiet lever ellers fortsatt godt med forbeholdet mot EUs felles justispolitikk. Det er dette som gir regjeringen mulighet til å arbeide for å flytte asylbehandlingen til et land utenfor Europa. -sol
Forfattere som taleskrivere. Særlig før corona-perioden kunne det virke som om det nærmest var nødvendig å ha litterære utgivelser på cv-en for å ha befatning med Frederiksen-regjeringen. Ministrene Matias Tesfaye, Dan Jørgensen, Pernille Rosenkrantz-Theil (både alene og sammen med Ane Halsboe Jørgensen), Peter Hummelgaard og Kaare Dybvad Bæk hadde alle utgitt debattbøker i tiden etter at Mette Frederiksen ble leder av Socialdemokratiet. Og så fort de inntok regjeringskontorene, spredte trenden seg til embetsverket. Den velansette forfatteren Kaspar Colling Nielsen tok jobb som taleskriver for klimaminister Jørgensen, Rosenkrantz-Theil ansatte Lars Husum i samme rolle og miljøminister Lea Wermelin hyret inn Peder Frederik Jensen. Både Colling og Jensen var riktignok ute igjen ganske kjapt, men begge har snakket pent om opplevelsen. Sistnevnte ga ut romanen Det Danmark du kender i 2020, som låner både tematikk og tittel fra Socialdemokratiet.
Selv om det har blitt tynnet ut i forfatterrekkene, er ikke alt håp ute: Neste år kommer kommer folketingsmedlemmet Ida Auken, som har flere bøker bak seg fra sin tid i Radikale Venstre, med en ny utgivelse. Og det ble tendensartikler om politisk kommunikasjon når Mette Frederiksen plutselig i januar meldte på Instagram at hun leste Rune Lykkebergs bok om Shakespeare. -sol
Forlik. Mette Frederiksens sterkeste argument mot anklager om maktarroganse og at regjeringen er et selvtilfreds ettparti-regime. I Folketinget er normen å invitere til forhandlinger med alle partier og strebe etter breie, gjerne tverrpolitiske avtaler. Stabiliteten og forutsigbarheten gjør at politikken står seg også ved regjeringsskifter. I denne perioden har Folketinget for eksempel nesten enstemmig vedtatt et klimaforlik og et forlik på psykiatrifeltet. I valgkampen har Socialdemokratiet rykket inn annonser hvor de takker opposisjonspartiene for kompromissviljen og invitert til å fortsette samarbeidet i regjering. Motsatt har V og K innvendt at nettopp tradisjonen med bredt samarbeid i Folketinget demonstrerer at det ikke er behov for å låse hverandre fast i en blokkoverskridende regjering. -sol
Fremad. Da folketingsmedlemmet Simon Emil Ammitzbøll-Bille kunngjorde at hans nyeste parti, det «borgerligt-humanistiske» Fremad, skulle legges ned, skrev at han at målet hadde vært å bryte den «national-konservative bølge i dansk politik». Det er en populær posisjon å innta, men en som er vanskelig å føre ut i livet. Mange har prøvd: Ny Alliance ble et fenomen på vårparten i 2007, men sank som en stein fram mot valget i oktober samme år. Senere skiftet parti både navn og ideologisk grunnlag og ble til dagens liberalistiske høyreparti, Liberal Alliance, som også tok opp i seg et annet tidligere Simon Emil-prosjekt, det kortlivede Borgerligt Centrum. Kristendemokraterne har ikke sittet i Folketinget siden 2001, men byr seg nok en gang til som alternativ i midten av den borgerlige blokken. De kom nærmere enn på lenge i 2019. Samme år forsøkte finansakrobaten Klaus Riskær Pedersen seg med et «rødt konservativt» parti som bar hans eget navn. I år er turen kommet til tidligere statsminister for Venstre, Lars Løkke Rasmussen, hvis nye parti Moderaterne, i det minste ser ut til å klare å bli valgt. Han kan trolig regne med stemmene til mange av de nesten 4000 menneskene (av de nødvendige over 20 000) som underskrev velgererklæringer for å gi Fremad muligheten til å komme på stemmeseddelen. Det blir uten Simon Emil Ammitzbøll-Bille. Han lager for tiden intervjuprogrammer med tidligere ministre for radiokanalen 24syv. -sol
G
Gorm. I den evige føljetongen om hvem som fortjener dette og hint, og i hvilken rekkefølge (se: Arne), foreslår Det Konservative Folkeparti at det nå er “Gorms tur” til å “beholde flere af [sine] egne penge». Politimannen og lokalpolitikeren Gorm Hoff Lauridsen fra Herning setter ansikt og livshistorie til De Konservatives løfte om skattelettelser til middelklassen. Budskapet er en kalibrering av det opprinnelige ønsket om skattelettelser fra topp til bunn, som ble smidt under Pape-bussen ved valgkampstart (se: Danmarksdemokraterne). -sol
Gæs og gæser. Kallenamnet på ei mellombels folketingsgruppe for fråfalne DF-arar. Lise Bech, Hans Kristian Skibby og Karina Adsbøl er i dag folketingskandidatar for Danmarksdemokraterne, medan Bent Bøgsted er medlem utan å søkje attval. Liselott Blixt og Marie Krarup er partilause. Ifølgje TV2 siktar namnet til at me har med “nogle lækre gæs og et par gaser” å gjere. Eventuelt til at partikulturen i Dansk Folkeparti gjorde dei til “tamgæs”. -jl
Hegaard, Kristian. Folketingsmedlem for Det Radikale Venstre som trakk seg etter å ha innrømmet ukontrollert alkoholbruk og gjentatt upassende oppførsel. Profilert justispolitiker og en stigende stjerne. Den første som tar konsekvensen av sine handlinger når Radikale fant ut hva “nultolerance” mot trakassering betyr. I 2020 hadde framstående partifolk kritisert at Jeppe Kofod (S) kunne bli utenriksminister på tross av en kjent tidligere metoo-sak. Kort tid etter måtte partileder Morten Østergaard trekke seg etter å ha innrømmet upassende oppførsel mot flere kvinner, og etterfølgeren, Sofie Carsten Jensen, ble beskyldt for å dekke over disse sakene og for å ha gjort for lite for å gjøre opp med ukulturen. -jl
H
Hijab. Fra Venstre og Konservative, over Nye Borgerlige og Liberal Alliance til Danmarksdemokraterne og Dansk Folkepart stilte hele den selvtitulerte “borgerlige familie” i forrige uke til pressekonferanse for å markedsføre hvor hjertens enige de er om å gi danskene mer valgfrihet. Enigheten holdt i et par timer, inntil Jakob Ellemann-Jensen innså hva han hadde sagt da han gikk med på at en hjemmehjelpsmottaker skulle ha lov til å velge bort en hjemmehjelp med hijab. Grensen for den enkeltes frihet fikk tross alt gå ved en regelrett religiøs lakmustest, lot han forstå. Over natta nådde Liberal Alliances Alex Vanopslagh samme konklusjon. Denne uken gjenåpnet Nye Borgerliges Mette Thiesen debatten, ved å understreke at jøder, homofile og hva som ellers kan stresse brukerne godt kan velges bort likevel. Partileder Pernille Vermund har forsøkt å rydde opp. -sol
Hjerneflukt. Hvis Jakob Ellemann-Jensen blir statsminister etter valget, er det med et klart svekket mandat fra velgerne. Men det er ikke uvanlig at valgets taper danner regjering. Faktisk måtte både Helle Thorning-Schmidt (S), Lars Løkke Rasmussen (V) og Mette Frederiksen (S) “rygge” inn på Statsministerens Kontor. Kanskje er det mer alvorlig for Ellemann at mandatet hans fra kollegene i Venstres folketingsgruppe også er svakt. Den milelange lista over folk som har takket nei til gjenvalg tyder iallfall på begrenset tiltro til at han kan levere spennende jobbmuligheter. Kommer de dermed til å takke nei dersom en blivende statsminister ringer? Selvsagt ikke. (Mer her.) -sol
I
Indianarar. Statsministerkandidat Søren Pape Poulsens ord frå den første partileiardebatten for dei som har skorne på i helse- og omsorgssektoren. (Sjefane deira er visstnok “hovdingar”.) -jl
Inger.dk. Kombinert tingarbasert strøymeteneste og sosialt medium oppretta av Inger Støjberg for å fortelje hennar versjon av prosessen som enda med at ho blei stilt for Riksretten og dømt til to månaders fengsel for å ha brote ministeransvarslova. For ein låg sum fekk tilhengjarane sjå jamlege videoinnlegg og stille spørsmål. Plattforma ho skapte seg her blei seinare eit viktig fundament for det som skulle bli partiet Danmarksdemokraterne, men ikkje før ho i lengre tid hadde spedd på spekulasjonar om at ho kunne ta over Dansk Folkeparti. -jl
Israel. Ei av dei mange (mange!) sakene som kan få mistenksame kritikarar av Mette Frederiksen til å kverne laus, er ei tenestereise statsministeren tok i mars 2021 saman med Austerrikes dåverande statsminister, Sebastian Kurtz. Ifølgje utanriksdepartementet var føremålet å sikre Danmark tilgang på corona-vaksiner. Det var berre to problem. Israel har ingen eigen vaksineproduksjon, og gjestinga utløyste kraftig kritikk få kolleger i EU, fordi Danmark blei skulda for å undergrave unionens interne solidaritet ved å forsøkje å “snike i køen”. Statsmannsglansen utanlandsbesøket frå Europa potensielt gav den korrupsjonsskulda israelske statsministeren, Benjamin Netanyahu, midt i ein jamn attvalskampanje, fekk mildt sagt heller ikkje passere ukommentert på heimebane. -jl