GOP ’12: Republikanarane må lære seg å leve med Romney og Perry

Av | 5. oktober 2011

Mine synspunkt på den pågåande presidentvalkampen er i kanskje for stor grad prega av røynslene frå 2004 og 2008. Det har gjort at eg, etter å ha observert den raske implosjonen til den påståtte demokratiske frelsaren Wesley Clark i 2004, og deretter grunnstøyttinga til den republikanske hobbypolitikaren Fred Thompson i 2004, har næra ein djup skepsis mot alle kandidatar som har insistert på at dei kan kaste seg inn i racet på eit seint tidspunkt. Ein kandidat som bestemmer seg seint signaliserer alt i utgangspunktet at han eller ho trong ekstra tid til å finne gneisten til å ta steget, og vedkomande får dårlegare tid til organisasjonsbygging, pengeinnsamling og politisk briefing, som alle er naudsynte delar av ein vellukka kampanje. Det er ikkje sikkert at entusiasme på grasrota alltid er nok, dersom kandidaten sjølv rett og slett ikkje er godt nok førebudd.

Denne grunnleggjande skepsisen har blitt sett på store prøver undervegs i 2011. Eg forventa at ting ville byrja røre på seg allereie kort tid etter midtvegsvalet førre november, men både vinteren og våren gjekk, utan at mykje skjedde. Medan Tim Pawlenty, Mitt Romney, Jon Huntsman, Herman Cain og Newt Gingrich etter kvart tok steget, signaliserte guvernørane og kompisane Mitch Daniels og Haley Barbour (høvesvis Indiana og Mississippi) begge at dei stod over, og når Michele Bachmann, Mike Huckabee og Rick Santorum gav inntrykk av at dei gjerne ville bruke store delar av sommaren på å bestemme seg, byrja eg latterleggjere dei på Twitter, og åtvare om at toget kunne forlate perrongen utan dei. Eg grunnga det med dei same logistiske argumenta som over, og spekulerte samstundes i kven av Bachmann og Sarah Palin som hadde mest å tene på å komme seg inn i konkurransen så raskt som mogleg. Men sjølv om brikkene etter kvart fall på plass – Mike Huckabee og Donald Trump takka nei, Bachmann framskunda avgjerda nokre veker for å vere betre posisjonert for partimøta i Ames, Iowa i august, og Palin heldt fram med med toe hendene sine – er det imidlertid lite som tyder på at analysen min var særleg presis. Det var konkrete faktorar hjå dei einskilde kandidatane som avgjorde korleis det gjekk med dei, ikkje kva tid dei gjekk ut offentleg med planane.

Bachmanns augneblink i rampelyset blei ikkje nødvendigvis kortvarig fordi ho brukte så lang tid på å komme seg ut på scenekanten; den vart skoren av på grunn av ein manglande strategi for korleis kampanjen skulle utnytte medvinden frå Ames. Og så kom Texas-guvernøren Rick Perry, endå ein av desse som hadde insistert på at han hadde betre tid enn andre, og som difor ikkje erklærte kandidaturet sitt før midten av august, inn frå høgre. Han såg ut til å ha lese teblada perfekt. I august var det framleis eit merkbart sug etter nye kandidatar på grasrota, og Perry blei marknadsført som ein som kunne byggje bru mellom partieliten og tea party-rørsla. Han skaut til topps i meiningsmålingane, og Bachmann blei gradvis avskriven som irrelevant.

Nokre ustø TV-debattar seinare, gjentok prosessen seg nok ein gong. Partieliten, som til liks med resten av partiet ikkje vil slå seg til ro med førehandsfavoritten Mitt Romney før det er strengt nødvendig, kasta lengtande blikk etter New Jersey-guvernøren Chris Christie. Christie blei vald så seint i 2009, men det skjedde på så overtydande vis at han frå første dag har måtta svare på spørsmål om han kunne tenkje seg å stile mot Det Kvite Huset. Hans konfronterande stil står i tillegg godt til temperamentet til tea party-aktivistane, og hans føretrukne fiendar – fagforeiningar og lærarar – er mykje brukte skremmebilete på høgresida. Christie naut openberrt å finne nye måtar å avvise at han vurderte eit presidentkandidatur på, heilt til han gjorde det likevel. Å bli utsett for så langvarig smiger, og få så mange lovnader om at rikfolk vil kaste pengar etter deg, må nesten få folk til å tenkje seg om ein gong til. Somme såg for seg ein ny Perry-runddans; ein kandidat som først var kategorisk avvisande, før han opnå døra på gløtt, og til slutt snudde tvert om.

Likevel vil vi ikkje få vite om Christie var istand til å følgje Perry-lina heilt ut, altså ved å skuffe mange av sine mektige venner ved å framstå som mindre attraktiv enn førehandsomtalen tilsa. Tysdag smelte Christie att døra endå ein gong, og denne gongen er det visst endeleg. Og då er det på tide å komme med ein ny spådom: Eg har teke feil før, men etter at Mike Pence, Mike Huckabee, John Thune, Haley Barbour, Paul Ryan, George Pataki (ha!), Donald Trump (haha!) og Chris Christie alle har slått frå seg tanken på vere republikansk frelsar, og Michele Bachmann og fleire andre alt har synt seg ute av stand til å fylle tomrommet, er det på tide at republikanarane slår seg til ro med dei kandidatane dei har. Av tids-, penge- og popularitetsgrunner tyder det at det i smått er irrelevant kva planar Sarah Palin eller Rudy Giuliani måtte gå rundt med. I stort tyder det mellom anna at det er for tidleg å avskrive Rick Perry.

Det kan hende det hadde vore bra for Perry om Christie hadde enda opp med å stille. Viss høgrefløya fann noko på Perry, ville dei utan tvil finne noko på Christie. Teorien har lenge vore at Christie ville ha delt dei nokolunde moderate veljarane med Romney. Men det finst og eit anna scenario: At Christie, som den nyaste superkandidaten i feltet, kunne teke lufta ut av Perry, og bidradd til å seinke han på same måte som Perry sjølv henviste Bachmann til andre rekkje. Om ikkje anna har Christies avgjerd sikra at Perry automatisk igjen blir oppfatta av media som Mitt Romneys hovudrival. Då gjenstår det for berre å konsolidere høgrefløysrøystene.

Nett no kan Herman Cain sjå ut som ein ekte utfordrar til Perry, men eg trur han får bakkekontakt i meiningsmålingane ganske raskt. Føresett at Bachmann ikkje reiser seg frå kampanjegravlunden, må desse veljarane då gruppere seg på nytt, og byrje sjå på kven som har best sjanse til å hindre Mitt Romney i å vinne nominasjonen. Det beste alternativet er sannsynlegvis Perry. Eg seier ikkje nødvendigvis at han kjem til å vinne. Det kan godt hende han aldri reiser seg frå den massive støytten han har fått dei siste vekene. Men før eller seinare står to kandidatar att som hovudmotstandarar. Alt tyder på at Mitt Romney er den eine. Valkalenderen, med tidlege primærval i potensielt Perry-venlege statar som Iowa og South Carolina, kombinert med solide innsamlingstal, gjer at Perry per no ser ut til å vere best plassert til å bli den andre duellanten.

No er det alvor. Vi veit korleis feltet kjem til å sjå ut. Det kan vise seg å vere eit etterlengta lyspunkt for Rick Perry. Dei har det ikkje vore for mange av i det siste.

En tanke om “GOP ’12: Republikanarane må lære seg å leve med Romney og Perry

  1. Tilbakeping: GOP Enda en marerittuke for Rick Perry

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*