Danmark: Tilbakevend Ellemann er framleis pressa i våpensaka

Av | 19. august 2023

Dei siste åra har vervet som skatteminister vore rekna som den største uriasposten i dansk politikk. Først fordi statsrådane blei skifta ut i høgt tempo, dinest fordi ei katastrofalt mislukka innkrevjingsreform etter kvart gjorde dei til makteslause observatørar medan kreative snytarar frå fjern og nær utnytta ein underbemanna etat til å tuske til seg milliardar.… Les mer »

Danmark: Regjeringsprosjektet skal «genbekræftes», og no snakkar dei ope om etterfølgjarar i S

Av | 16. juni 2023

Utanriksminister Lars Løkke Rasmussen (Moderaterne) var langt frå ferdig med å tenkje høgt om SVM-regjeringas framtid etter at han delte sine «overvejelser» kring at statsminister Mette Frederiksen (Socialdemokratiet) skal vere mellom favorittane til å verte ny generalsekretær i NATO. Etter å ha understreka at han oppfatta regjeringsprosjektet som «personbåret», la han i eit intervju på… Les mer »

Danmark: Lars Løkke aukar innsatsen i spelet om Mette Frederiksen i NATO

Av | 4. juni 2023

Rykteflaumen kring Mette Frederiksens moglege kandidatur til generalsekretærposten i NATO har berre auka i styrke den siste veka. Først blei det kjent at den danske statsministeren skal nytte nasjonaldagen til å møte USAs president, Joe Biden, i Washington D.C. Lat gå at dette er noko det har vore arbeidd for og med sidan ho blei… Les mer »

Danmark: Fortida heimsøkjer Ellemann-Jensen på veg tilbake

Av | 1. juni 2023

Etter å ha vore sjukmeld med ei stressliding i lengre tid, er Jakob Ellemann-Jensen «fast besluttet på» å komme tilbake som forsvarsminister, visestatsminister og Venstre-leiar frå 1. august. Men på pressekonferansen der fungerande forsvarsminister og politisk leiar, Troels Lund Poulsen, sleppte gladsaka, understreka han også at den politiske kvardagen Ellemann-Jensen til returnerer er om mogleg… Les mer »

Danmark: Mette Frederiksen til NATO?

Av | 22. mai 2023

Er det noko med vervet som gjer det uunngåeleg at innehavaren føler seg for stor til berre å vere statsminister i Danmark, eller held danskane seg rett og slett med ei rekkje politikarar som blir oppfatta som så dyktige at dei nærmast per definisjon er aktuelle for internasjonale toppjobbar? Spørsmålet trengjer seg på etter at… Les mer »

Danmark: Murphys lov eller Matteus’ effekt?

Av | 18. april 2023

Det finst ikkje nokon demokratisk instans som fordeler byrdene jamt ut over den politiske landskapen i Danmark. Medan Socialdemokratiet og Venstres veljarstøtte har rast etter fire månader i regjering, har regjeringspartnaren Moderaterne meir eller mindre halde stillinga, trass i at dei vert dømde på den same, tilsynelatende upopulære politikken. På liknande vis irriterer det openbert… Les mer »

Danmark: Boje, erased

Av | 12. mars 2023

Ein dryg månad etter at eit ekstraordinært landsmøte valde Lars Boye Mathiesen til å følgja Pernille Vermund som partileiar i Nye Borgerlige, og kommunepolitikaren Henriette Ergemann som ny politisk nestleiar, står båe postane tomme.