GOP ’12: Santorums omkamp mot Gingrich

Av | 8. februar 2012

Ok, det er tid for å trekkje pusten djupt. Eg er frista til å minne meg sjølv på mine eigne ord for litt over eit døgn sidan, om at det, uansett resultat i nominasjonsvala i Colorado, Missouri og Minnesota er viktig å ikkje overfortolke dei. Men så er det fristande likevel. Ikkje berre tok tidlegare Rick Santorum tre sigrar istaden for dei venta to, resultata innebar dessutan ikkje berre sviande nederlag for Mitt Romney, men kanskje i endå større grad for Newt Gingrich. Og då er vi attende ved noko som etter kvart har vorte ein kjepphest for underskrivne. Uansett kor djupt ned i søla du kan trakke Mitt Romney, har det meir å seie kven som har initiativet mellom dei som vil vera hovudutfordraren hans på høgrefløya. Mitt Romney vert ein av dei to som vert ståande til slutt uansett. Men kven vert den andre?

Eg kan ha lyst til å reversere tidlegare avskrivingar av Santorum, og konkludere med at han har vunne attende initiativet frå Gingrich, etter at sistnemndes siger i South Carolina og førstnemndes forseinka vinst i Iowa kom for seint til å gjere særleg skilnad. Eller eg at lene meg på at eg for nokre dagar sidan i ei bisetning skreiv at det fanst ein viss sjanse for eit Santorum-comeback, viss og når veljarane vart minna om kvifor dei er så skeptiske til Gingrich. Men eg skal ikkje gjere det.

Derimot skal eg skunde meg å leggje til at i reine tal så endrar ikkje tysdagens røystgjeving på noko som helst. Minnesota og Colorado var båe rågjevande, og som vi var inne på tidlegare same dag, så hadde Missouri-valet mest av alt karakter av ein venleikskonkurranse, ettersom det eigentlege valet av landsmøteutsendingar ikkje finn stad før i mars. Men det er ei tilsniking, og eit litt for lettvint kjøp av Romney-kampanjens spinn, sjølvsagt: For sjølvsagt tyder det noko kven som har vinden i ryggen i den republikanske nominasjonsstriden. Romney lukkast ikkje, trass i at mange av oss rekna med det, i å omsetje medvinden frå Florida i nye sigrar i delstatar han hadde suksess i i 2008, og av ein rad ulike grunnar var det Santorum, ikkje Gingrich, som samla høgrefløya bakom seg.

Samstundes er det uføreseielege, og difor underhaldande, elementet i nominasjonsstriden, som Slates John Dickerson minner om, ei påminning om at vi ikkje må trekkje momentum-tenkjinga for langt: Ja, med- og motgang kan ha noko å seie, men kanskje mest av alt for kva veg mediedekninga har bevega seg i. Den har i langt mindre grad vore i stand til å spå korleis ein kandidat kom til å gjere det i seinare delstatar. Iowa-resultatet hjelpte ikkje Santorum i New Hampshire; New Hampshire-vinsten hjelpte ikkje nødvendigvis Romney i South Carolina; Gingrich klarte ikkje veksle inn South Carolina-suksessen i Florida, og Florida-sigeren hindra ikkje Romney frå å verta blinda av ein Santorum som tilsynelatande kom frå ingen stader til å vinne i Colorado, Minnesota og Missouri. Innsikta er ikkje ny – eg har tilmed åtvara mot den her på Skrivekollektivet tidlegare – men kanskje burde eg vere endå meir tilbakehalden med å spå framtidige utfall etter dette.

Når alt dette er sagt, viss det faktisk var mykje å tene på momentum-faktoren, så hadde det vore ei ulempe for Santorum at det er så lenge til neste nominasjonsval. Det skjer ikkje før Arizona og Michigan røystar i slutten av månaden, og endå viktigare enn at ytre faktorar som heimstadtilhøyrsle (Michigan) og mormontilknyting (Arizona) tilseier fordel Romney, er det truleg at det gjev den tidlegare Massachusetts-guvernøren godt om tid til å gjere det han kan best, nemleg å la dei såkalla frittståande Super PAC-organisasjonane bruke millionane sine på å rive Rick Santorums relativt gode og konservative namn og rykte i stumper og stykke. Det var slike karakteråtak som skapte uroa over Newt Gingrich som gav Romney til å rykkje ifrå i Florida, og det kan gjerne skje ein gang til. Ein serie tidlegare kommentarar i konservative tidsskrift som National Review tilseier dessutan at det slett ikkje er umogleg å finne ting å ta Santorum på, om ein berre er viljug til å leite. Ein kan hevde at skattepolitikken hans vil auke underskotet; at han eigentleg representerer George W. Bush-type big government conservatism, eller minne veljarane på at Santorum ein gang var så nær den republikanske leiarskapen at han føretrekte den omskiftelege Arlen Specter (som avslutta senatskarrieren som demokrat) framføre den konservative yndlingen Pat Toomey. Romney og venekrinsen hans vil utan tvil snu kvar stein.

Om han skal vere istand til å forsvare seg betre enn Gingrich har klart tidlegare, er han mellom anna nøydd for å finne ein måte å dra inn pengar på. Det er dessutan lite som tyder på at egoet hans tillet Gingrich å trekkje seg før supertysdag, så det interne primærvalet mellom anti-Mitt-kandidatane er også langt frå avslutta, Dessutan kan det vere verd å minne om at sjølv om feltet skulle skrumpe ytterlegare inn dei komande vekene, er det ikkje på nokon måte eintydig at høgrefløysveljarane vil vere viljuge til å samle seg. Nokre vil gå til Ron Paul, og ein ikkje ubetydeleg del av dei vil faktisk tilflyte Romney.

Det einaste som verkar endå sikrare etter tysdagens resultat, er at den republikanske nominasjonskampen kan verte ein langdryg affære. Gingrich ser ikkje berre fram til supertysdagen i byrjinga av mars, men har blikket festa på Texas og Ohio, som kjem etterpå. Og kvifor ikkje? Både Santorum og Gingrich har regionale styrkar som kan gje deg motivasjon til å halde løpet gåande så lenge dei vil sjølve. Etter tysdag er særleg Satrorum utstyrt med betre argument enn på noko tidspunkt sidan Iowa.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*