Stikkordarkiv: Før folketingsvalget

Snart folketingsval: Enhedslisten

Av | 28. september 2022

Då det lenge venta sentrum-venstre-fleirtalet vart ein realitet etter folketingsvalet i juni 2019, var det ikkje berre Mette Frederiksen som var førebudd. Det galdt også for støttepartiet Enhedslisten. Tidlegare tiders diskusjonar om eit sosialistisk parti kunne forhandle med Socialdemokratiet var avslutta for lengst, i det kravstore samarbeidets favør. No skulle det istaden handle om forplikting… Les mer »

Snart folketingsval: Kristendemokraterne

Av | 2. september 2022

Det kvilte eit paradoks stort som eit krater over det såkalla «sommargruppemøtet» til Kristendemokraterne i førre veke, det offisielle startskotet for haustsesongen på Christiansborg: Frå no av er partigruppa i Folketinget nemleg redusert frå ein representant til ingen representantar. Heilt sidan partiet fall under sperregrensa på to prosent ved valet i 2005, har Kristendemokraterne hatt… Les mer »

Snart folketingsval: Socialistisk Folkeparti

Av | 28. august 2022

Mykje er forskjellig mellom norsk og dansk politikk, men nemninga for eit urøynd regjeringsparti som vert svimeslått av veljarane for manglande oppfylling av høgt oppskrudde forventningar er nesten den same på begge språk: Det som på norsk heiter «å gå i SV-fella», kan du på dansk høyra omtalt som «at blive fanget i SF-fælden» (alt:… Les mer »