Stikkordarkiv: Troels Lund Poulsen

Danmark: Ellemann «skal videre» – til ein ny ministerpost

Av | 29. august 2023

Når ein nyutnemnd dansk statsråd seier at hen har fått sin «drømmejob» eller har vald posten «med hjertet», syner nyare politisk historie at det kan vere fare på ferde. Både Vily Søvndal (Socialistisk Folkeparti) og Anders Samuelsen (Liberal Alliance) realiserte gamle livsmål då dei installerte seg sjølve som utanriksministrar, i høvesvis Helle Thorning-Schmidt (Socialdemokratiet) og… Les mer »

Danmark: Tilbakevend Ellemann er framleis pressa i våpensaka

Av | 19. august 2023

Dei siste åra har vervet som skatteminister vore rekna som den største uriasposten i dansk politikk. Først fordi statsrådane blei skifta ut i høgt tempo, dinest fordi ei katastrofalt mislukka innkrevjingsreform etter kvart gjorde dei til makteslause observatørar medan kreative snytarar frå fjern og nær utnytta ein underbemanna etat til å tuske til seg milliardar.… Les mer »

Danmark: Regjeringsprosjektet skal «genbekræftes», og no snakkar dei ope om etterfølgjarar i S

Av | 16. juni 2023

Utanriksminister Lars Løkke Rasmussen (Moderaterne) var langt frå ferdig med å tenkje høgt om SVM-regjeringas framtid etter at han delte sine «overvejelser» kring at statsminister Mette Frederiksen (Socialdemokratiet) skal vere mellom favorittane til å verte ny generalsekretær i NATO. Etter å ha understreka at han oppfatta regjeringsprosjektet som «personbåret», la han i eit intervju på… Les mer »