Danmark: Tilbakevend Ellemann er framleis pressa i våpensaka

Av | 19. august 2023

Dei siste åra har vervet som skatteminister vore rekna som den største uriasposten i dansk politikk. Først fordi statsrådane blei skifta ut i høgt tempo, dinest fordi ei katastrofalt mislukka innkrevjingsreform etter kvart gjorde dei til makteslause observatørar medan kreative snytarar frå fjern og nær utnytta ein underbemanna etat til å tuske til seg milliardar. Men det spørst om ikkje jobben som forsvarsminister er i ferd med å bli ei endå meir utakksam oppgåve.

Det einaste Carl Holst rakk å gjere som forsvarsminister i Lars Løkke Rasmussens reine Venstre-regjering i 2015 var å få kjenne vreiden frå topp til botn i Forsvaret over rovdrift på tilsette og nedslitt materiell, summert i den interne motvilja mot å forlenge det danske flyvåpenbidraget i Irak. Sosialdemokraten Trine Bramsen, som var forsvarsminister frå 2019 til 2022, klarte tilsynelatande aldri å gjenopprette autoriteten internt etter at det blei oppfatta som at ho undergrov forsvarssjefens autoritet. Rolla hennar i saka som leidde til spiontiltale mot den tidlegare sjefen i forsvarsetterretninga, Lars Findsen, hjelpte heller ikkje.

Og i førre veke måtte forsvarsminister og Venstre-leiar Jakob Ellemann-Jensen stå skulerett for å ha villeidd Folketinget i samband med innkjøp av nytt militært materiell frå den omstridde israelske våpenprodusenten Elbit. I januar i år bad Ellemann-Jensen, som på det tidspunktet berre hadde vore statsråd i ein dryg månad, nasjonalforsamlinga hastegodkjenne kjøp av krigsmateriell verd 1,7 milliardar, ettersom Danmark hadde donert artilleri til den ukrainske motstandskampen. Ifølgje forsvarsministeren var det viktig å velje det israelske selskapet fordi det kunne levere erstatningsmateriell på kort tid, men vedtaket måtte gjerast unna på berre nokre timar. Avtalen hadde nemleg ein utløpsfrist få dagar seinare. Han fortalde dessutan at konkurrerande produsentar hadde vore kontakta før avtalen med Elbit kom i stand.

Troels Lund Poulsen var fungerande forsvarsminister i for stress-sjukmeld Ellemann-Jensen då nettavisa Alltinget i avslørte at fleire av premissane for Folketingets vedtak var feil. Tilslagsfristen på tilbodet frå Elbit var ikkje utgangen av januar, men i juni, og det franske selskapet Nexter avviste å ha blitt kontakta for å leggje inn bod på oppdraget. Svaret frå Lund Poulsen – «Jeg er ikke Jaob Ellemann. Jeg hedder Troels Lund» – var ikkje til å misforstå: Den sjukmelde partileiaren fekk versågod ordne opp i sine eigne problem. I påvente av at hovudpersonen sjølv skulle komme tilbake frå permisjon blei både Forsvarsdepartementet og Forsvarets innkjøpseining bedne om å avleggje rapport.

Det var desse rapportane som fekk Ellemann-Jenssen til å i det minstre heidre det første bodet når du har gjort ein slik feil: Be om orsaking, syn at du er audmjuk. Det gjorde den attvende forsvarsministeren gong på gong. Men det reiser nye spørsmål. Kvifor fekk han feilaktige og mangelfulle opplysningar frå embetsverket? Og kvifor blei det opphavleg underkommunisert at innkjøpseininga meinte den fekk for kort tid til å kvalitetssikre arbeidet? (Berlingske, 11.08.2023) Det svekte heller ikkje mistanken om ureint trav at Folketinget mangla opplysninga om at Forsvarets innkjøpseining hadde inngått forlik med Elbit i ein langvarig tvist like før det skulle ta stilling til våpenkjøpet. Og, som for å gjere tragedien til ein farse, måtte Ellemann-Jensen nokre dagar seinare kalle inn til eit nytt møte for å korrigere rapporten som skulle korrigere dei opphavlege villeiiande opplysningane. Det hadde dukka opp eit dokument som synte at embetsverket visste at utløpsfristen på kjøpet var ein annan enn den statsråden blei opplyst om. No har ministeren lova ei ekstern gransking.

Dei neste stega i saka er sjølvsagt interessante på grunn av kva konsekvensane kan bli for Jakob Ellemann-Jenssen. Etter den første orsakinga verka iallfall nokre av opposisjonens forsvarspolitikarar innstilte på å akseptere at forsvarsministeren ikkje hadde villeidd med overlegg. Regjeringspartia Socialdemokratiet, Venstre og Moderaterne såg kanskje føre seg at det skulle vere mogleg å samle Folketinget bak ein reprimande – det som i dansk parlamentarisk sjargong heiter ein «næse». Men etter den siste avsløringa har tonen frå den borgarlege opposisjonen hardna. No er neste trekk avhengig av kva den nye undersøkinga kjem fram til. Ellemann-Jensen reagerte på dokumentfadesen ved å sparke departementssjefen, men sjølv vil han ta ansvar ved å bli sitjande. Det gjer han sårbar for skuldingar om at han no gjer nett det han kritiserte Mette Frederiksen sund og saman for i minksaka: Å dra seg unna det overordna ansvaret ved å leggje skulda over på embetsverket. På same måten er det med mistanken om uansvarleg hastig sakshandsaming. Til liks med Frederiksen i minksaka, hevdar nokre røyster at Ellemann ikkje gjorde nok for å sikre seg at avgjerdsgrunnlaget heldt mål.

Å skuve embetsverket framføre seg fritek kanskje Ellemann-Jenssen for tilstrekkjeleg mykje av ansvaret til at han komme gjennom stormen, men at forvarsministeren i beste fall har hatt ukyndige eller illojale medarbeidarar dempar ikkje utan vidare ei kjensle av at dansk forsvarspolitikk er ute av kontroll, eller iallfall særs vanskeleg å styre. Forsvarsministeren får vonleg med tid og stunder eit embetsverk han kan lite på, men døma med føregangarane Holst og Bramsen illustrerer på kvart sitt viss at mistilliten i sektoren går alle vegar. Og problema med rovdrift og utrangert materiell har ikkje blitt mindre, men betre dokumentert med åra. I vår la Troels Lund Poulsen fram ein rapport som sette på prent eit mangeårig etterslep som synte at den påfølgjande «genopretningsplanen» var eit naudsynt minimum. Riksrevisionen har samstundes peikt på at Forsvaret har dårleg kontroll på pengebruken. Summen av underinvesteringar og sløsing nærmar seg ein skandalen.

No krev den geopolitiske situasjonen at Danmark rustar seg, og det raskt. Noko av det siste Lund Poulsen nådde å gjere som forsvarsminister, var å hale i land ein intensjonsavtale om auke løyvingane til dansk forsvar med rause 140 milliardar danske kroner. Forliket femnar over eit nesten sams folketing (berre Enhedslisten og Alternativet står utafor) frå Nye Borgerlige på høgrekanten til Socialistisk Folkeparti ute til venstre. Informations politiske analytikar, Lars Trier Mogensen er mellom dei som trur gjennomføringa av forliket kan bli ein kime til konflikt når det går opp for veljarane at «kuler og krudt» no skal få forkøyrsrett for tradisjonell velferd. Det er eit godt poeng. Forsvaret har allereie brukt 4,4 milliardar på ein kraftig forseinka brigade og 1,7 milliardar på erstatningsvåpen utan reelle marknadsanalysar. Skal veljarane framleis stille seg bak den historiske opprustinga, må vanstyret og og uroa stoppe.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*