Aleine saman

Av | 31. desember 2014

Vi høyrer ofte at partia i ei fleirpartiregjering går til val på sine eigne program. Heller ikkje er det uvanleg at det finst motstridande punkt i desse programma, som det i tilfelle må tingast om etter eit val. For det tredje er det også ein vanleg at partia i koalisjonen satsar på å mobilisere eigne kjerneveljarar, også i saker kor ein slik framgangsmåte kan skape uvisse om regjeringas felles linje. Tanken er at denne uvissa er verd det, dersom summen blir samla oppslutnad om koalisjonen som heilskap. Likevel er det noko særskilt med regjeringssamarbeidet mellom Socialdemokraterne og Det Radikale Venstre på terskelen til eit nytt valår i Danmark. Sjølv om dei søkjer fornya tillit frå veljarane, kan det stundom verke som om dei har peika kvarandre ut som hovudmotstandarar. Vi skal sjå nærare på dei to store stridsspørsmåla i det siste: Dagpengereforma og flyktningpolitikk. Nylege utspel frå Dei Radikale har bidrege til å auke avstanden mellom regjeringspartia på båe felt.

I ei ideell verd hadde regjeringa blitt redda av stoda i økonomien. Vona var at pilane i økonomien skulle peike eintydig oppover no, slik at SR-regjeringa kunne møte veljarane med optimisme. Men veksten går i beste fall sakte, i Danmark som i verda elles, og optimismen er ikkje påtakeleg. Då står det mellom anna att å gjere opp om andre sider av arbeidsmarknads- og den økonomiske politikken. Samanlikna med den borgarlege blokka er S og R rett nok rimeleg samde. Dei vil auke offentlege utgifter med moderate 0,8% i året, medan dei borgarlege deler seg mellom Dansk Folkeparti (som ligg på regjeringas linje), Venstre og Det Konservative Folkeparti (nullvekst) og Liberal Alliance (minusvekst). Men når det gjeld kva ein skal gjere for å bevare balansen mellom ein såkalla ansvarleg offentleg pengebruk og konsekvensane av ein skrantande økonomi, kjem store rifter til syne mellom regjeringspartia.

Det gjeld ikkje minst den omstridde dagpengereforma, som Det Radikale Venstre sikra fleirtal for saman med dei borgarlege, men som Socialdemokraterne har vore motstandarar av frå første stund. Statsminister Helle Thorning-Schmidt (S) har stått lojalt bak implementeringa, men S-strategane er like fullt interesserte i å gjere folketingsvalet som må komme innan hausten til ei slags folkerøysting om eventuelle endringar. Mange har falle ut av systemet fordi det har vore vanskeleg i å finne arbeid i ein saktegåande økonomi, og slikt slit på truverdet til ei sosialdemokratisk regjering, som i tillegg blir pressa frå venstre av støttepartia Socialistisk Folkeparti og Enhedslisten.

Eit utspel frå den relativt nyvalde R-leiaren Morten Østergaard i førjulstida kan tolkast i samme ramma. Dei siste åra har danskane gjennomført ein kontinuerleg debatt om kva krav det er rimeleg å stille til velferdsmottakarar, både av moralsk karakter og for å hindre «overforbruk» av offentlege ytingar. Østergaard refsa dansk kravmentalitet, og åtvara mot at forventninga om at staten alltid skal stille opp med pengar, eller at økonomisk støtte er noko som kan krevjast og ikkje må fortenast, er skadeleg. For nokre av oss luktar det rett nok stråmannsargumentasjon av Østergaards harde retorikk, men den kan likevel forståast i forlenginga av striden kring oppteningstida for dagpengar for langridsledige. Igjen er det ei sak som medvite aukar avstanden mellom regjeringspartia.

I asyl- og innvandringspolitikken er det motsett: Her står Socialdemokraterne for den strenge kursen, medan Dei Radikale, eit liberalt sentrumsparti, ser på seg sjølv som ein pragmatisk forsvarar av humanistiske verdiar. Den tidlegare omtalte innstramminga av retten til permanent opphaldsløyve og familiegjenforeining for syriske flyktningar skapte høge bølgjer mellom S og R, ikkje minst fordi saka var elendig handtert frå departementets side. Heilt sidan Venstre og Dei Konservative tok opp i seg mykje av Dansk Folkepartis særs strenge asyl- og innvandringspolitikk på 2000-talet, har Socialdemokraterne strevd med å finne ein eigen veg. Svaret har som regel blitt å godta innstramningane, samstundes som ein for syns skuld har gjeve uttrykk for eit slags ubehag. Taktisk sett veit S at dei har ein del veljarar som er samde med DF i innvandringspolitikken, og når den nye flyktningstraumen kom, kjende S seg tvinga til å føreslå eigne innstramningar.

Då det etter kvart viste seg at fleire syrarar enn venta kunne få opphald under dei nye reglane, sat plutseleg Dei Radikale med dei beste korta. I asylpolitikken utgjer partiet ein type opposisjon, saman med SF og Enhedslisten. Dette undergrov sannsynlegvis den eventuelle politiske gevinsten Socialdemokraterne vona å hente ut ved å komme eit veksande DF i møte om asylpolitikk, men regjeringa heldt uansett fram med å vri seg på stolen. Før jul reiste Morten Østergaard til Jordan for å vitje ein flyktningleir der, og han meinte det var tid for å vedgå at mange syriske flyktningar som får mellombels opphald i Danmark ikkje vil kunne reise heim på mange år.

Politiske kommentatorar stempla det omgåande som ei underminering av regjeringas linje og startskotet for ein valkamp kor Socialdemokraterne og Dei Radikale treng å spele på sine respektive styrkar. Det er ei tolking eg allereie har slutta meg til i denne teksten, men den var trass alt også noko meir: Som eg skreiv i desemberkalenderen for ei dryg veke sidan, kan det nokre gonger vere bra å heve blikket frå politikken dagsituasjon og freiste å hugse på at politikarar oftast faktisk meiner det dei seier. Når Østergaard seier slikt, er det fordi han vil auke oppslutnaden om Det Radikale Venstre. Men grunnen til at han vil ha auka oppslutnad er at det gjev partiet hans høve til å gjennomføre politikken sin, som mellom anna opnar for å ein meir human flyktningpolitikk. Reisa til Jordan lærte Morten Østergaard noko om livslagnadene til folk som flyktar frå Syria, og no vil utforme politikk basert på kunnskap og verdiar. Det bør møtast med applaus, ikkje utelukkande skumling om løynde motiv om kortsiktig gevinst.

Og likevel: Etter Morten Østergaards travle førjulstid står det klarare enn nokon gong at samarbeidet mellom Socialdemokraterne og Dei Radikale rommer store interne spenningar. Sentrum-venstre-blokka ligg eit godt stykke etter dei borgarlege i meiningsmålingane, og kanskje er solomarkeringar og det å spele på eigne styrkar i von om at individuell mobilisering til slutt skal kunne summerast opp til eit fleirtal, vegen å gå. Men det er altså ikkje småting S og R er usamde om; det er kjernepunkt i to av det som ser ut å bli mellom valkampens hovudsaker.

Første nyttårsdag taler statsminister Helle Thorning-Schmidt. Då må ho finne ein positiv bodskap som kan verke mobiliserande på heile den breie venstresida. Det blir starten på eit uhyre interessant år i dansk politikk.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*