Snart folketingsval: Socialistisk Folkeparti

Mykje er forskjellig mellom norsk og dansk politikk, men nemninga for eit urøynd regjeringsparti som vert svimeslått av veljarane for manglande oppfylling av høgt oppskrudde forventningar er nesten den same på begge språk: Det som på norsk heiter «å gå i SV-fella», kan du på dansk høyra omtalt som «at blive fanget i SF-fælden» (alt: «undgå at der går SF i den»). I 2011 gjekk Socialistisk Folkeparti til val på eit detaljert program utarbeidd saman med Socialdemokratiet. SF greidde aldri å skaka av seg ryktet som veikvilja løftebrytarar då regjeringspartnaren Radikale Venstre på punkt etter punkt tvinga partiet til å endra haldning i høgrelei, og etter å ha trekt seg frå regjeringa og lekt folketingsmedlemer til S, tok det SF eit elendig val i 2015 og endå fleire år i maktesløyse for å byggja seg opp att.

Men den modige kvinna som til slutt tok på seg det utakksame oppdraget- å losa SF vidare etter audmjukinga i regjering, Pia Olsen Dyhr, står no langt om lenge att som ein potensiell vinnartype. Trass i traumet frå førre gongen er SF-arane i dag samde om at dei gjerne går i regjering på nytt viss høvet dukkar opp. Det set heller ikkje skrekken i politiske kommentatorar, uansett fargesjattering. Olsen Dyhr har lukkast i å manøvrera SF i stilling som mogleg regjeringsparti gjennom å ta rolla som støtteparti noko nær bokstavleg. SF har synt imponerande tolmod med Mette Frederiksens sosialdemokratiske soloregjering, og konsentrert politiske krav til attkjennelege saker som strenge klimakrav og fleire tilsette i barnehagesektoren. Etter meiningsmålingane å dømme, set veljarane pris på at SF søkjer påverknad utan høgt lydnivå eller store fakter. Partiet kjenner si oppgåve i arbeidet med røystemaksimeringa i raud-grøn blokk.

Men sjølv om SF igjen er både mentalt og politisk skodd for å ta regjeringsansvar, så tyder ikkje det nødvendigvis at partiet får sjansen. SF har godt grep om sine kjerneveljarar, tidt oppsummert som kvinner med eller utan born som er opptekne av klima, fordeling og velferd, men Socialdemokratiet slit monaleg med å halda fast veljarar som kjenner tiltrekking til eks-Venstre-profilen Inger Støjbergs nye utkantsparti, Danmarksdemokraterne. Skulle dagens raud-grøne fleirtal likevel gjenoppstå, kan SF vere ein potensiell partnar i ei repriseregjering med S og Radikale Venstre.

Når SF i prinsippet ikkje kan utelukkast som regjeringsparti sjølv viss den neste statsministeren må ha støtte frå eitt eller fleire parti utanfor den raud-grøne blokka (som til dømes eks-Venstre-statsminister Lars Løkke Rasmussens nye parti, Moderaterne), skuldast det ikkje minst at Pia Olsen Dyhr tok ei leiarrolle for å sikra ja-fleirtal i folkerøystinga om EUs felles forsvarspolitikk. Olsen-Dyhr fekk ramma inn SFs tilslutnad som ei evne til å reagera på verdsomkvelvande nye omstende, ei modig oppdatering av partiets historiske kamp for demokrati og fridom, også når det smerter. Det fulltona forsvaret for ein opptrappingsplan for dansk forsvar hausta ros langt inn i borgarlege rekkjer. Skulle trongen for, eller sentrumspartias vilje til, å etablere ei brei regjering frå både høgre og venstre oppstå, er det vanskelegare enn før å argumentera for at SF ikkje kan aksla oppgåva.

Til sist, og apropos regjering: Det er kan hende ikkje flust med opplagde statsrådskandidatar å ta av. Partileiaren har teke mykje av plassen sjølv, samstundes som SF mista fleire framståande folk i kjølvatnet av regjeringshavariet sist. Men nokre namn finst, forutan Pia Olsen-Dyhr sjølv (ho har elles sagt seg interessert i å verta finansminister): Utanrikspolitikar Karsten Hønge er ein folkeleg og frittalande type som er lett å undervurdera. Røynsla som parlamentarisk leiar gjer at han kan gå inn på ulike postar, og at han har kontaktar i alle parti. Jacob Mark er sjølvskriven i regjering viss han kan og vil sjølv. Som utdanningspolitisk talsperson har han ansvaret for ei av partiets absolutte hjartesaker, sist sett då han offentleggjorde at SF vil reforhandla den omstridde skulereforma som kosta SF mykje truverd og oppslutnad etter regjeringsdeltakinga sist. Samstundes er han ganske nyleg komen attende til Folketinget etter langvarig sjukdom. Den siste eg vil nemne er Karina Lorentzen. Dagens parlamentariske leiar er ein tenkjeleg kandidat som til dømes barne- og undervisningsminister.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*